Helsetilsynet

Fylkesmannen og Helsetilsynet i Hordaland

Oppfølging av tilsynet
I dette tilsynet blei det ikkje funne avvik frå lov eller forskrift. Tilsynet er derfor avslutta.

 

Samandrag
1. Innleiing
2. Omtale av verksemda - spesielle forhold
3. Gjennomføring
4. Kva tilsynet omfatta
5. Funn
6. Regelverk
7. Dokumentunderlag
8. Deltakarar ved tilsynet

Samandrag

Helsetilsynet og Fylkesmannen i Hordaland gjennomførte tilsyn med heimetenester til eldre i Austrheim kommune 22. – 23. april 2008. Denne rapporten gjer greie for funna som blei gjort innan dei områda tilsynet omfatta.

Tilsynet undersøkte om kommunen har lagt til rette for og fører kontroll med at heimesjukepleie og praktisk bistand blir gitt i samsvar med vedtak om tildeling av slike tenester, og at tenesteytinga oppfyller krav i sosial- og helselovgjevinga.

Innan dei områda tilsynet omfatta, blei det ikkje avdekt forhold som er i strid med krav i sosial- og helselovgjevinga.

Heimesjukepleie og praktisk bistand (person og hushald) blir i all hovudsak gjeve i samsvar med vedtak som er trefte. Uføresette hendingar på natt, kveld og i helger kan i somme tilfelle føre til at tenestene til enkelte blir gjevne på andre tidspunkt enn tenestemottakarane til vanleg får hjelp. Faglege vurderingar blir lagt til grunn og tenestemottakarane får så langt det er råd, beskjed.

Demensteamet i kommunen medverkar i utgreiing og oppfølging av personar med demens. Det er faste møte kvar veke mellom pleie- og omsorg og fastlegane.

Rekruttering av personell er ei særleg utfordring, men nødvendig for å styrkje heimetenestene. Tenestene er i dag særleg sårbare ved uventa hendingar eller fråver av fast tilsette.

Dato: 22. mai 2008

Anne Grete Robøle
revisjonsleiar
Berit Fjugstad
revisor

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med Austrheim kommune 22. – 23. april 2008. Tilsynet er ein del av den planlagde tilsynsverksemda til Fylkesmannen og Helsetilsynet i Hordaland. Målgruppa for tilsynet er eldre som får heimesjukepleie og heimehjelp, praktisk bistand person og hushald.

Dette tilsynet omfattar både helsetenester etter helselovgjevinga som er underlagt tilsyn frå helsetilsynet i fylket og sosiale tenester etter sosialtenestelova som er underlagt tilsyn frå Fylkesmannen.

Fylkesmannen som ansvarleg for tilsynet med sosialtenesta og helsetilsynet i fylket som ansvarleg for tilsynet med helsetenesta, har oppnemnt eit felles tilsynslag for å gjennomføre tilsynet. Det er utarbeidd ein felles rapport. Oppfølginga av eventuelle avvik vil bli koordinert.

Tilsynet blei utført som systemrevisjon. Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgjevinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgjevinga innanfor dei områda tilsynet omfattar
  • tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • tiltaka er gode nok for å sikre at lovgjevinga blir følgd

Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gjev derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet Austrheim kommune har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte.
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynet finn grunn til å påpeike potensial for betring.

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Avdelingssjukepleiar pleie- og omsorg har vore tilsett sidan november 2007. Ho har ansvaret for den daglege drifta av heimetenesta. Det er nyleg gjort endringar i avdelingssjukepleiar sine oppgåver og ansvarsområde. Innhaldet i stillinga skal evaluerast etter sommarferien i år. Avdelingsleiar pleie- og omsorg, som er næraste overordna, tok til i stillinga 31. mars 2008.

Rekruttering av personell er ei særleg utfordring. Personell i heimetenestene deltek i arbeid på sjukeheimen. Det gjeld til dømes personell i natt-tenesta.

3. Gjennomføring

Tilsynet omfatta følgjande aktivitetar:

Melding om tilsyn blei sendt 7. februar 2008

Opningsmøte blei halde 22. april 2008

Intervju 13personar blei intervjua

Sluttmøte blei halde 23. april 2008

Oversikt over dokument som Austrheim kommune har sendt over i samband med tilsynet, dokument som er mottekne før og uavhengig av tilsynet og dokument som blei gjennomgått under tilsynet, er lista i kapittel 7.

4. Kva tilsynet omfatta

Tilsynet undersøkte om Austrheim kommune har lagt til rette for og fører kontroll med at helsehjelp og praktisk bistand til eldre som bur heime blir gitt i samsvar med vedtak om tildeling av slike tenester, og at tenesteytinga er i samsvar med krav i sosial- og helselovgjevinga. Tilsynet omfatta heimetenester til eldre, særleg tenester til eldre med mistanke om eller som har fått ein demens diagnose.

5. Funn

Innan dei områda tilsynet omfatta, blei det ikkje avdekt forhold som er i strid med krav i sosial- og helselovgjevinga.

6. Regelverk

  • Lov av 30. mars 1984 nr. 15 om statlig tilsyn med helsetjenesten
  • Lov av 19. november 1982 nr. 66 om helsetjenesten i kommunene
  • Lov av 13. desember 1991 nr. 81 om sosiale tjenester mv
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 63 om pasientrettigheter
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 64 om helsepersonell m.v.
  • Forskrift av 27. juni 2003 nr. 792 om kvalitet i pleie- og omsorgstjenesten
  • Forskrift av 21. desember 2000 nr. 1385 om pasientjournal
  • Forskrift av 20. desember 2002 nr. 1731 om internkontroll i sosial- og helsetjenesten
  • Forskrift av 23. desember 2004 nr. 1837 om individuell plan etter helselovgivningen og sosialtjenesteloven

7. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold, send over i samband med førebuing av tilsynet.

Brev av 7. mars 2008 kommune med vedlegg frå Austrheim:

  • Organisasjonskart
  • Administrativ organisering Austrheim kommune
  • Oversikt over tilsette i heimetenestene, heimesjukepleie og heimehjelp
  • Bemanningsplan
  • Internundervisning
  • Introduksjon av nytilsette PLOMS
  • Demensutgreiing - samarbeid mellom fastlege og PLOMS
  • Avviksregistrering/avviksbehandling
  • Avviksrapport
  • Informasjon om pasientjournalsystem
  • Årsmelding Austrheim kommune 2006
  • Forvaltningsrevisjon ”Heimetenesta Nordhordland – 2006”
  • Skriv datert 7. mars 2008 ”Informasjon om tiltak for å sjekke ut styringa av PLOMS”

Dokumentasjon som blei gjennomgått under tilsynet:

  • 17 pasientjournalar blei gjennomgått
  • Oversikt uønskte hendingar som er rapporterte i tidsrommet 27. november 2007 – 6. mars 2008
  • Prosedyreperm heimesjukepleia (under arbeid)
  • Årsmelding 2007 Austrheim kommune
  • Fordeling av ansvarsoppgåver innan avdeling for pleie, omsorg og heimetenester
  • Verksemdplan for pleie, omsorg og heimebaserte tenester i Austrheim kommune for perioden 2008 – 2011
  • Prosjektoversikt 2008
  • Budsjett 2008 – Økonomiplan 2008 – 2011
  • Investeringsbudsjett 2008
  • Driftsbudsjett 2008

Korrespondanse mellom Austrheim kommune og Fylkesmannen i Hordaland:

  • Melding om tilsyn, brev av 7. februar 2008 frå Fylkesmannen i Hordaland.
  • Dokumentasjon frå Austrheim kommune, brev av 7. mars 2008 med vedlegg
  • Oversending av program for tilsynet, brev av 3. april 2008 med vedlegg frå Fylkesmannen i Hordaland
  • Oversending av korrigert program for tilsynet, brev av 8. april 2008 med vedlegg frå Fylkesmannen i Hordaland

8. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gjev ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Deltakarar ved tilsynet

Namn

Funksjon / stilling

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Osen, Jan Olav

Rådmann

x

x

x

Kvinge, Monica S.

Hjelpepleiar

x

x

 

Håland, Evy

Heimehjelp/pleiemedhjelpar

x

x

x

Sætre, Hege Bergsvik

Avdelingssjukepleiar pleie og omsorg

x

x

x

Hansen, Hildegunn Hopland

Avdelingsleiar pleie og omsorg

x

x

x

Nesbø, Lisbeth M.

Omsorgsarbeidar

x

x

x

Tolleshaug, Toril Leikvoll

Sjukepleiar

x

x

x

Fredriksen, Birte Skår

Hjelpepleiar

x

x

x

Austrheim, Gunn Sissel

Fagansvarleg sjukepleiar dementavdeling Nordlia

x

x

x

Solberg, Bjørg Randi

Heimehjelp, assistent

x

x

x

Hordvik, Toril Lohne

Sjukepleiar

x

x

x

Kubon, Peter

Kommunelege I

 

x

x

Mongstad, Olav

Driftssjef

 

x

x

Frå Helsetilsynet og Fylkesmannen i Hordaland deltok:
Ass. fylkeslege Grethe Fosse
Fylkessjukepleiar Beate Helland
Rådgjevar Berit Fjugstad
Seniorrådgjevar Anne Kristine Breivik
Seniorrådgjevar Anne Grete Robøle, leiar