Helsetilsynet

Helsetilsynet og Fylkesmannen i Hordaland

Oppfølging av tilsynet
I dette tilsynet blei det ikkje funne avvik frå lov eller forskrift. Tilsynet er derfor avslutta.

 

Samandrag
1. Innleiing
2. Omtale av verksemda - spesielle forhold
3. Gjennomføring
4. Kva tilsynet omfatta
5. Funn
6. Regelverk
7. Dokumentunderlag
8. Deltakarar ved tilsynet

Samandrag

Helsetilsynet og Fylkesmannen i Hordaland gjennomførte tilsyn med heimetenester til eldre i Sund kommune 9. – 10. april 2008. Denne rapporten gjer greie for funna som blei gjort innan dei områda tilsynet omfatta.

Tilsynet undersøkte om Sund kommune har lagt til rette for og fører kontroll med at helsehjelp og praktisk bistand blir gitt i samsvar med vedtak om tildeling av slike tenester, og at tenesteytinga oppfyller krav i sosial- og helselovgjevinga.

Innan dei områda tilsynet omfatta, blei det ikkje avdekt forhold som er i strid med krav i sosial og helselovgjevinga.

Heimehjelp og heimesjukepleie blir gjeven i samsvar med vedtak som er trefte. Ved mistanke om demens hos eldre tek heimesjukepleia kontakt og medverkar til at pasienten kan få vidare oppfølging hos lege. Heimesjukepleia har faglært personell. Bemanninga kan aukast opp når enkeltpasientar i ein periode treng tett oppfølging og tilsyn.

Heimesjukepleia er ei høvesvis lita tenestene der enkelte av dei tilsette skal ta i vare mange funksjonar. Tenesta er sårbar ved uføresette hendingar, spesielt på kvelds- og helgevakter, og ved eventuelt fråver av fast tilsett helsepersonell.

Dato: 14. mai 2008

Anne Grete Robøle
revisjonsleiar
Beate Helland
revisor

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med Sund kommune 9. – 10. april 2008. Tilsynet er ein del av den planlagde tilsynsverksemda til Fylkesmannen og Helsetilsynet i Hordaland. Målgruppa for tilsynet er eldre som får heimesjukepleie og heimehjelp, praktisk bistand person og hushald.

Dette tilsynet omfattar både helsetenester etter helselovgjevinga som er underlagt tilsyn frå Helsetilsynet i fylket og sosiale tenester etter sosialtenestelova som er underlagt tilsyn frå Fylkesmannen.

Fylkesmannen som ansvarleg for tilsynet med sosialtenesta og Helsetilsynet i fylket som ansvarleg for tilsynet med helsetenesta, har oppnemnt eit felles tilsynslag for å gjennomføre tilsynet. Det er utarbeidd ein felles rapport. Oppfølginga av eventuelle avvik vil bli koordinert.

Tilsynet blei utført som systemrevisjon. Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgjevinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgjevinga innanfor dei områda tilsynet omfattar
  • tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • tiltaka er gode nok for å sikre at lovgjevinga blir følgd

Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gjev derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet Sund kommune har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte.
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynet finn grunn til å påpeike potensial for betring.

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Fagleiar har ansvaret for tenester heimesjukepleia gjev, for vedtak om tildeling av heimesjukepleie og praktisk bistand, og ansvar for den daglege drifta av heimesjukepleia. Fagleiar rapporterer til einingsleiar for omsorgstenestene. Personell som gjev praktisk bistand hushald er organiserte i eining for reinhald og heimehjelp. Denne eininga får beskjed om vedtak og tenester som skal gjevast frå fagleiar i heimesjukepleia.

3. Gjennomføring

Tilsynet omfatta følgjande aktivitetar:

Melding om tilsyn blei sendt 6. februar 2008

Opningsmøte blei halde 9. april 2008

Intervju 12personar blei intervjua.

Sluttmøte blei halde 10. april 2008

Oversikt over dokument som Sund kommune har sendt over i samband med tilsynet, dokument som er mottekne før og uavhengig av tilsynet og dokument som blei gjennomgått under tilsynet, er lista i kapittel 7.

4. Kva tilsynet omfatta

Tilsynet undersøkte om Sund kommune har lagt til rette for og fører kontroll med at helsehjelp og praktisk bistand til eldre som bur heime blir gitt i samsvar med vedtak om tildeling av slike tenester, og at tenesteytinga er i samsvar med krav i sosial- og helselovgjevinga. Tilsynet omfatta heimetenester til eldre, særleg tenester til eldre med mistanke om eller som har fått ein demens diagnose.

5. Funn

Innan dei områda tilsynet omfatta, blei det ikkje avdekt forhold som er i strid med krav i sosial og helselovgjevinga.

6. Regelverk

  • Lov av 30. mars 1984 nr. 15 om statlig tilsyn med helsetjenesten
  • Lov av 19. november 1982 nr. 66 om helsetjenesten i kommunene
  • Lov av 13. desember 1991 nr. 81 om sosiale tjenester mv
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 63 om pasientrettigheter
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 64 om helsepersonell m.v.
  • Forskrift av 27. juni 2003 nr. 792 om kvalitet i pleie- og omsorgstjenesten
  • Forskrift av 21. desember 2000 nr. 1385 om pasientjournal
  • Forskrift av 20. desember 2002 nr. 1731 om internkontroll i sosial- og helsetjenesten
  • Forskrift av 23. desember 2004 nr. 1837 om individuell plan etter helselovgivningen og sosialtjenesteloven

7. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold, send over i samband med førebuing av tilsynet.

Brev frå Sund kommune med vedlegg, motteke 11. mars 2008:

  • Skjematisk oversiktskart Omsorgstenesta 2008
  • Bemanningsplan heimesjukepleie
  • Stillingsinnhald for fagleiar i avdeling heimesjukepleie
  • Rutinar for oppgåver knytt til ansvarsvakter
  • Stillingsinnhald for sjukepleiar i heimetenestene
  • Stillingsinnhald for psykiatrisk sjukepleiar
  • Stillingsinnhald for hjelpepleiar/omsorgsarbeidar i heimetenestene
  • Heimehjelpstenester – rutinar
  • Framlegg til samarbeidsavtale mellom psykiatriprosjekt og heimetenesta
  • Kopi av lysark – demensutgreiing
  • Årsmelding Omsorgstenesta 2007

Dokumentasjon som blei gjennomgått under tilsynet:

  • 15 pasientjournalar blei gjennomgått
  • Oversikt uønskte hendingar som er rapporterte i tidsrommet 1. desember 2007 – 1. april 2008
  • Rutinar for rapportering, registrering og oppfølging av meldingar om uønskte hendingar i heimetenestene
  • Rutinar for heimetenestene / rutineperm B Internkontroll Sund kommune
  • Informasjon til og sjekkliste for opplæring av nytilsette og vikarar i heimetenesta

Korrespondanse mellom Sund kommune og Fylkesmannen i Hordaland:

  • Melding om tilsyn, brev av 6. februar 2008 frå Fylkesmannen i Hordaland.
  • Dokumentasjon frå Sund kommune, brev med vedlegg motteke 11. mars 2008
  • Oversending av program for tilsynet, brev av 26. mars med vedlegg frå Fylkesmannen i Hordaland

8. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gjev ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Deltakarar ved tilsynet

Namn

Funksjon / stilling

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Faugstad, Kari Høyland

Koordinerande sjukepleiar

x

x

x

Grevle, Gøril

Sjukepleiar

x

x

x

Halvorsen, Svein O.

Kommunelege I

 

x

 

Hareide, Anne-Grete

Einingsleiar omsorgstenestene

x

x

x

Landro, Aina Strømme

Hjelpepleiar

x

x

 

Larsen, Eldbjørg

Omsorgsarbeidar/heimehjelp

x

x

x

Martinussen, Willy

Ergoterapeut

   

x

Midttun, Asta

Ergoterapeut

x

x

 

Midttveit, Johanna

Pleiemedhjelpar/heimehjelp

x

x

x

Nygård, Knut Eivind

Einingsleiar reinhald og heimehjelp

x

x

x

Storebø, Gerhard Inge

Rådmann

x

x

x

Sørheim, Hildegunn

Fagleiar

x

x

x

Tellnes, Kristin

Hjelpepleiar

x

x

x

Frå Helsetilsynet og Fylkesmannen i Hordaland deltok:

Ass. fylkeslege Grethe Fosse
Fylkessjukepleiar Beate Helland
Rådgjevar Berit Fjugstad
Seniorrådgjevar Anne Kristine Breivik
Seniorrådgjevar Anne Grete Robøle, leiar