Helsetilsynet

Helsetilsynet i Hordaland

Oppfølging av tilsynet
I dette tilsynet blei det ikkje funne avvik frå lov eller forskrift. Tilsynet er derfor avslutta.

 

Samandrag
1. Innleiing
2. Omtale av verksemda – spesielle forhold
3. Gjennomføring
4. Kva tilsynet omfatta
5. Funn
6. Regelverk
7. Dokumentunderlag
8. Deltakarar ved tilsynet

Samandrag

Helsetilsynet i Hordaland gjennomførte tilsyn ved Tednebakkane omsorgssenter, Øygarden kommune 31. mars og 1. april 2008. Denne rapporten gjer greie for funna innan dei områda tilsynet omfatta.

Tilsynet undersøkte om Øygarden kommune har styring og kontroll med at krav i helselovgjevinga blir oppfylte. Tema for tilsynet var utgreiing og oppfølging av pasientar med alders demens, tilbod om aktivitet og rehabilitering av pasientane og føring av pasientjournal.

Utgreiing av demens og oppfølging av pasientar som har fått ein demensdiagnose føregår i samarbeid mellom lege og helsepersonell ved sjukeheimen og spesialisthelsetenesta. Ved sjukeheimen er det lagt til rette for og blir gitt tilbod om fysisk aktivitet. Det blir arbeidd med å utvikle dette tilbodet. Det er og i gang arbeid med å utvikle samarbeidet og bruke kompetanse på tvers av dei enkelte einingane og med å gjennomgå og oppdatere rutinar for verksemda i sjukeheimen. Leiinga kjend med at føring av elektronisk pasientjournal kan bli betre.

Ved tilsynet blei det ikkje påpeikt avvik frå krav i helselovgjevinga.

Dato: 28. april 2008

Anne Grete Robøle
revisjonsleiar
Grethe Fosse
revisor

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter tilsyn ved Tednebakkane omsorgssenter, Øygarden kommune 31. mars og 1. april 2008. Tilsynet går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Helsetilsynet i Hordaland i dette året.

Helsetilsynet i fylket har fullmakt til å føre tilsyn med helsetenesta etter lov om statlig tilsyn med helsetjenesten § 2.

Tilsynet blei utført som systemrevisjon. Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgjevinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgjevinga innanfor dei områda tilsynet omfattar
  • tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • tiltaka er gode nok for å sikre at lovgjevinga blir følgd

Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gjev derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finn grunn til å påpeike betringspotensial

2. Omtale av verksemda – spesielle forhold

Tednebakkane omsorgssenter har tre einingar som er særleg tilrettelagt for pasientar som har demens, tre einingar for pasientar som treng langtidsplass av andre grunnar og ei korttidsavdeling der plassane i hovudsak blir brukte til rullering- og avlastingsopphald. Då tilsynet blei gjennomført var det 52 pasientar innlagt i sjukeheimen. Pleie- og omsorgsleiar har drifts- og fagansvar for verksemda.

3. Gjennomføring

Tilsynet omfatta følgjande aktivitetar:

Melding om tilsyn blei sendt 29. januar 2008

Opningsmøte blei halde 31.mars 2008.

Intervju 14 personar blei intervjua.

Sluttmøte blei halde 1. april 2008.

Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet og dokument som vart gjennomgått under tilsynet, går fram av kapittel 7.

4. Kva tilsynet omfatta

Tilsynet undersøkte om Øygarden kommune har styring og kontroll med at krav i helselovgjevinga. Tilsynet var avgrensa til utgreiing og oppfølging av pasientar med alders demens, tilbod om aktivitet og rehabilitering av pasientane og føring av pasientjournal.

5. Funn

Ved tilsynet blei det ikkje påpeikt avvik frå krav i helselovgjevinga eller gjeve merknader.

6. Regelverk

  • Lov av 19. november 1982 nr. 66 om helsetjenesten i kommunene
  • Lov 30. mars 1984 nr. 15 om statlig tilsyn med helsetjenesten
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 63 om pasientrettigheter
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 64 om helsepersonell
  • Forskrift av 14. november 1988 nr. 932 om sykehjem og boform for heldøgns omsorg og pleie
  • Forskrift av 21. desember 2000 nr. 1385 om pasientjournal
  • Forskrift av 20. desember 2002 nr. 1731 om internkontroll i sosial- og helsetjenesten
  • Forskrift av 27. juni 2003 nr. 792 om kvalitet i pleie- og omsorgstjenestene

7. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold, send over i samband med førebuing av tilsynet:

  • Organisasjonskart
  • Stillingsomtale einingsleiar pleie og omsorg, godkjent av rådmannen 1. juli 2005
  • Stillingsomtale for fagansvarleg system og struktur
  • Stillingsomtale for fagansvarleg buavdelingar
  • Koordinerande oppgåver
  • Legetenester ved Tednebakkane omsorgssenter
  • Stillingsstorleik sjukeheimslege
  • Oversikt tilsette ved Tednebakkane omsorgssenter
  • Namn på aktivitør, ergo- og fysioterapeut
  • Oversikt over plassar på Tednebakkane omsorgssenter
  • Opplæringsplan for pleie- og omsorgs 2007
  • Sjekkliste for introduksjon av nytilsette
  • Organisering og drift av Tednebakkane omsorgssenter, saksnr. 05/1750
  • Pleie- og omsorgsplan 2007 – 2010
  • Kvalitetsutval i pleie- og omsorg
  • Aktivitetsplan februar 2008
  • Pleie- og omsorgseininga, rutinepermar

Dokumentasjon som blei gjennomgått under tilsynet:

  • 19 pasientjournalar blei gjennomgått
  • Avviksmeldingar (hittil) 2008
  • Styrande dokument for pleie- og omsorgstenesta
  • Årsmelding 2007 for Tednebakkane omsorgssenter
  • Opplæringsplan 2008

Korrespondanse mellom Øygarden kommune og Helsetilsynet i Hordaland:

  • Melding om tilsyn, brev av 29. januar 2008 til Øygarden kommune
  • Dokumentasjon frå Øygarden kommune, brev av 18. februar 2008 til Helsetilsynet i Hordaland med vedlegg
  • Program for tilsynet, brev av 10. mars 2008 til Øygarden kommune

8. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Deltakarar ved tilsynet

Namn

Funksjon / stilling

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Førde, Sølvi Sangolt

Sjukepleiar, sakshandsamar

   

x

Hagen, Anne Britt

Hjelpepleiar

x

x

x

Haugetun, Jorunn

Sjukepleiar

x

x

x

Hellesund, Tessie B.

Hjelpepleiar

x

x

x

Herje, Inger

Koordinerande sjukepleiar

x

x

 

Jensen, Turid Dale

Koordinerande sjukepleiar

x

x

x

Landro, Britt-Jorunn

Pleie- og omsorgsleiar

x

x

x

Myhre, Anne Karin Tolaas

Fagansvarleg bueining/institusjon

x

x

x

Skjold, Bente

Sjukepleiar

 

x

x

Steiro, Marit

Koordinerande sjukepleiar

x

x

x

Strand, Grethe

Fagansvarleg for struktur og systemarbeid i pleie- og omsorgstenesta

x

x

x

Sæter, Torgeir

Rådmann

 

x

x

Utkilen, Jan

Sjukeheimslege

 

x

x

Vik, Mariann

Spesialhjelpepleiar

x

x

x

Vilhelmsen, Tove Karin

Ergoterapeut

 

x

x

Frå Helsetilsynet i Hordaland deltok:
Ass. fylkeslege Grethe Fosse
Ass. fylkeslege Trond Ketil Haugstvedt
Førstekonsulent Karen Reimers
Seniorrådgjevar Anne Grete Robøle, leiar