Helsetilsynet

Helsetilsynet i Hordaland

Oppfølging av tilsynet
I dette tilsynet blei det ikkje funne avvik frå lov eller forskrift. Tilsynet er derfor avslutta.

 

Samandrag
1. Innleiing
2. Omtale av verksemda - spesielle forhold
3. Gjennomføring
4. Kva tilsynet omfatta
5. Funn
6. Regelverk
7. Dokumentunderlag
8. Deltakarar ved tilsynet

Samandrag

Helsetilsynet i Hordaland gjennomførte tilsyn med Helse Bergen HF, Hjarteavdelinga, Medisinsk intensiv og overvaking (MIO) i tidsrommet 25. – 28. november 2008. Denne rapporten gjer greie for funna innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

Tilsynet undersøkte om Helse Bergen HF, Hjarteavdelinga, MIO, ser til at vikarar har nødvendige formelle og reelle kvalifikasjonar og at dei får opplæring og rettleiing i høve til aktuelle arbeidsoppgåver. Det vart og undersøkt om det blir gjort risikovurderingar i tilknyting til bruken av vikarar, om uønske hendingar blir brukte til forbetring, og om leiinga ser til at styringa fungerer som føresett.

Innan tema for tilsynet vart det ikkje avdekt forhold som var i strid med krav i helselovgjevinga. Det vart heller ikkje gjeve merknader.

MIO rekrutterer hovudsakleg vikarar for sjukepleiarar frå eksternt byrå. Formelle og reelle kvalifikasjonar blir kontrollerte. Vikarane får innføring, oppfølging og ved behov assistanse frå fast tilsette på vakt. Det vert gjort konkrete vurderingar av kva oppgåver dei enkelte vikarane skal ha. Det vert og gjeve melding til utleigebyrå dersom arbeidstakaren ikkje har tilfredsstillande kompetanse.

Seksjonen har i fleire år hatt ei velfungerande ordning med anonyme meldingar om uønskte hendingar og arbeidd målretta arbeid for å betre tenestene. Det elektroniske meldesystemet, Synergi, er teke i bruk. Meldingane blir gjennomgått og det blir sett i verk tiltak for å redusere risiko for svikt. Leiinga har ordningar for å følgje med på verksemda og om styringa fungerer slik som førsett.

Dato: 31. desember 2008

Trond Ketil Haugstvedt
revisjonsleiar
Anne Grete Robøle
revisor

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med Helse Bergen HF, Hjarteavdelinga, Medisinsk intensiv og overvaking (MIO) 25. – 28. november 2008. Tilsynet går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Helsetilsynet i Hordaland i dette året.

Helsetilsynet i fylket har fullmakt til å føre tilsyn med helsetenesta etter lov om statlig tilsyn med helsetjenesten § 2.

Tilsynet blei utført som systemrevisjon. Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgjevinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgjevinga innanfor dei områda tilsynet omfattar
  • tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • tiltaka er gode nok for å sikre at lovgjevinga blir følgd

Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gjev derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finn grunn til å påpeike betringspotensial

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

MIO har fast rotasjon av legar under utdanning frå Medisinsk avdeling og Hjarteavdelinga. Det er ikkje legevikarar i seksjonen.

Seksjonen rekrutterer, gjev opplæring og bruker medisinarstudentar til avgrensa oppgåver.

3. Gjennomføring

Tilsynet omfatta følgjande aktivitetar:

Melding om tilsyn vart sendt 24. september 2008.

Opningsmøte vart halde 25. november 2008.

Intervju: 15 personar blei intervjua.

Sluttmøte vart halde 28. november 2008.

Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er gjeven i kapittel 7.

4. Kva tilsynet omfatta

Tilsynet undersøkte om Helse Bergen HF, Hjarteavdelinga, MIO, ser til at vikarar har nødvendige formelle og reelle kvalifikasjonar og at dei får opplæring og rettleiing i høve til oppgåver dei skal ivareta. Det vart ogundersøkt om det blir gjort risikovurderingar i tilknyting til bruken av vikarar, om uønske hendingar blir brukte til forbetring, og om leiinga ser til at styringa fungerer som føresett.

5. Funn

Innan tema for tilsynet vart det ikkje avdekt forhold som var i strid med krav i helselovgjevinga. Det vart heller ikkje gjeve merknader.

6. Regelverk

  • Lov av 30. mars 1984 nr. 15 om statlig tilsyn med helsetjenesten
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 61 om spesialisthelsetjenesten m.m.
  • Forskrift av 20. desember 2002 nr. 1731 om internkontroll i sosial- og helsetjenesten

7. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold, send over i samband med førebuing av tilsynet:

  • Organisasjonskart Hjarteavdelinga
  • Stillingsomtale og fullmaktsmatrise for avdelingsdirektør
  • Stillingsomtale og fullmaktsmatrise for seksjonsleiar/medisinsk leiar
  • Stillingsomtale og fullmaktsmatrise for seksjonsleiar/avdelingssjukepleiar
  • Oversikt over leiarar, legar og pleiepersonell i MIO
  • Oversikt over nytilsette
  • Oversikt over vikarar ved MIO i tidsrommet 1. januar 2007 – 31. august 2008
  • Opplysningar om informasjonstiltak og opplæringsrutinar for nytilsette sjukepleiarar og vikarar
  • Opplysningar om informasjonstiltak og opplæringsrutinar for nytilsette legar
  • Opplysningar om rekruttering av personell til MIO
  • Opplysningar om avtaler som er inngått med vikarbyrå
  • Risikovurdering og handlingsplan brannvern
  • Handlingsplan HMS og miljøtiltak
  • Skjema for risikoanalyse
  • Oversikt over skade- og klagesaker i 2007
  • Oversikt over NPE-saker i 2007 og 2008
  • Årsrapport 2007 for melde avvik
  • Rapport for melde uønskte hendingar per 1. oktober 2008
  • Synergirapport, type hendingar ved MIO i 2008
  • Oversikt over administrative og faglege styrande dokument
  • Opplysningar om rutinar og tiltak leiinga har sett i verk for å ha oversikt og undersøkje at styringa fungerer som føresett.

Korrespondanse mellom Helse Bergen HF og Helsetilsynet i Hordaland:

  • Melding om tilsyn, brev av 24. september 2008 til Helse Bergen HF
  • Dokumentasjon frå Helse Bergen HF, sendt 27. oktober 2008
  • Program tilsyn med Hjarteavdelinga, MIO, brev av 10. november 2008 til Helse Bergen HF

8. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Deltakere ved tilsynet

Namn

Funksjon / stilling

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Velsvik, Britt

Seksjonsleiar, vikarsenteret

x

x
27.11.08

x

Oterhals, Kjersti

Fag- og forskingssjukepleiar Hjarteavdelinga

x

 

x

Nordrehaug, Jan Erik

Avdelingssjef, Hjarteavdelinga

x

x

x

Wendelboe, Øystein

Overlege, Hjarteavdelinga

 

x

 

Walde, Nils

Ass. avdelingsdirektør, Hjarteavdelinga

x

 

x

Keilegavlen, Håvard

Lege i spesialisering, Medisinsk intensiv og overvaking, Hjarteavdelinga

x

x

 

Kvinnsland, Stener        

Adm. direktør

x

x
28.11.08

x

Fålun, Nina

Avdelingssjukepleiar, Medisinsk intensiv og overvaking, Hjarteavdelinga

x

x

x

Shandiz, Kjellaug N.    

Ass. avdelingsdirektør Hjarteavdelinga

x

 

x

Vikøren, Gudny

Intensivsjukepleiar, Medisinsk intensiv og overvaking, Hjarteavdelinga

x

x

 

Hagen, Bjørg Elvik

Sjukepleiar, Medisinsk intensiv og overvaking, Hjarteavdelinga

x

x

 

Tjeldflåt, Ola

Lege i spesialisering, Medisinsk intensiv og overvaking, Hjarteavdelinga

x

x

 

Kleveland, Liv Jorunn

Sjukepleiar, Medisinsk intensiv og overvaking, Hjarteavdelinga

 

x

 

Larsen, Kristine

Sjukepleiar, Medisinsk intensiv-overvaking, Hjarteavdelinga

 

x

 

Sætre, Paula

Sekretær, Medisinsk intensiv og overvaking, Hjarteavdelinga

x

x

 

Langørgen, Jørund

Overlege, Hjarteavdelinga

 

x

x

Skulstad, Lillian

Sjukepleiar, Medisinsk intensiv og overvaking, Hjarteavdelinga

 

x

 

Andreassen, Alf H.

Fagdirektør

   

x

Fanebust, Rune

Medisinsk leiar, Medisinsk intensiv og overvaking, Hjarteavdelinga

 

x

x

Kolås, Gry

Spesialrådgjevar føretaksleiinga

x

 

x

Frå Helsetilsynet i Hordaland deltok:
Haugstvedt, Trond Ketil, ass. fylkeslege, leiar
Svoen, Ragnhild, rådgjevar
Robøle, Anne Grete, seniorrådgjevar