Helsetilsynet

Fylkesmannen i Hordaland

Oppfølging av tilsynet
Ved dette tilsynet blei det konstatert avvik frå lov eller forskrift. Tilsynsmyndigheita har vurdert dei tiltaka som er sette i verk som tilstrekkelege. Tilsynet er derfor avslutta.

 

Samandrag
1. Innleiing
2. Omtale av verksemda - spesielle forhold
3. Gjennomføring
4. Kva tilsynet omfatta
5. Funn
6. Vurdering av styringssystemet i verksemda
7. Regelverk
8. Dokumentunderlag
9. Deltakarar ved tilsynet

Samandrag

Denne rapporten gjer greie for dei avvik og merknader som det vart funne grunnlag for innanfor dei områda som vart kontrollerte. Systemrevisjonen gjaldt følgjande område:

 

  • Om kommunen sikrar at personar med psykisk utviklingshemming mottek eit forsvarleg tenestetilbod etter lov om sosiale tenester § 4-3 jf. § 4-2 bokstav a-d, i samsvar med eventuelle endringar i behov for bistand og uavhengig av endringar i rammevilkår.
  • Om kommunen sikrar at utføring av tenester etter lov om sosiale tenester § 4-2 bokstav a-d overfor personar med psykisk utviklingshemming ikkje skjer i strid med reglane i lov om sosiale tenester kapittel 4A.

Det vart avdekt følgjande avvik:

Fitjar kommune sikrar ikkje at tenester etter lov om sosiale tenester § 4-2 bokstav a-d til personar med utviklingshemming, er i samsvar med reglane i lov om sosiale tenester kapittel 4A.

Det vart ikkje finne grunnlag for merknader innanfor dei kontrollerte områda

Vibeke Herskedal
revisjonsleiar
Geir Johannessen
revisor

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon i Fitjar kommune 02.09.09 — 20.11.09. Revisjonen går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen i dette året.

Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med sosialtenesta etter sosialtenestelova § 2-6.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin. Revisj onen omfatta å undersøkje om:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor de tema tilsynet omfattar
  • tiltaka vert følgt opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga vert følgt

Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisj onen og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finner grunn til å påpeke betringspotensial

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Fitjar kommune er delt i fem einingar der ansvar for tenester til psykisk utviklingshemma er plassert i Eininga Heimebaserte tenester, som er delt inn i tre avdelingar, med ein avdelingsleiar for kvar avdeling. I Havnahuset bu- og servicesenter bur 7 personar med psykisk utviklingshemming som det blant anna vert ytt tenestene praktisk bistand, opplæring, støttekontakt, BPA, heimebaserte tenester, fritidsaktivitetar, og dagtilbod. Avdelinga Bygda gjev heimebaserte tenester blant anna til personar som er psykisk utviklingshemma. Avdeling tenester til psykisk utviklingshemma har ansvar for tenestemottakarane i Havnahuset som er psykisk utviklingshemma, samt avlastningstilbodet knytt til ein brukar, samt dagtilbodet.

Ansvar og vedtaksmynde etter lov om sosiale tenester er plassert hos helse- og sosialsjefen, under dette rekruttering og oppfølging av støttekontaktar. I tillegg har helse- og sosialsjefen ansvar for kjøp av plassar ved avlastningsbustad i Bømlo kommune og plass i institusjon i Oslo kommune.

Det overordna ansvaret for bruk av tvang overfor personar med psykisk utviklingshemming er plassert hos helse- og sosialsjef på rådmannsnivå.

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Revisjonsvarsel vart sendt ut 02.09.2009. Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag. Opningsmøte vart halde 17.11.2009. Intervju

7 personar vart intervjua.

Oversikt over dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag. Sluttmøte vart halde 20.11.2009.

4. Kva tilsynet omfatta

I dette tilsynet har merksemda vore retta mot om kommunen sikrar at forholda blir lagt til rette for tenesteyting til personar med psykisk utviklingshemming med minst mulig bruk av tvang og makt jf. § 4A-4, og om tenestemottakarane sitt tenestetilbod etter lov om sosiale tenester § 4-2 bokstav a-d blir endra i samsvar med endringar i hjelpebehov og uavhengig av endra rammer.

Tilsynet omfatta følgjande områder:

Område 1:
Om kommunen sikrar at personar med psykisk utviklingshemming mottek eit forsvarleg tenestetilbod etter lov om sosiale tenester § 4-3 jf. § 4-2 bokstav a-d, i samsvar med eventuelle endringar i behov for bistand og uavhengig av endringar i rammevilkår Område 2:
Om kommunen sikrar at utføring av tenester etter lov om sosiale tenester § 4-2 bokstav a-d overfor personar med psykisk utviklingshemming ikkje skjer i strid med reglane i lov om sosiale tenester kapittel 4A

5. Funn

Område 1:
Det vart her ikkje funne grunnlag for avvik eller merknader.

Område 2:

Avvik:

Fitjar kommune sikrar ikkje at tenester etter lov om sosiale tenester § 4-2 bokstav a-d til personar med utviklingshemming er i samsvar med reglane i lov om sosiale tenester kapittel 4A.

Avvik frå:

  • Lov om sosiale tenester § 4A-4 jf. § 2-1 andre ledd og forskrift om internkontroll i sosial og helsetenesta § 4.

Kommentar:
Av lov om sosiale tenester § 4A-4 går det fram at kommunen plikter å sørgje for at forholda vert lagt til rette for minst mulig bruk av tvang. Det er presisert at tenesteytarane skal sikrast nødvendig opplæring og fagleg rettleiing. Av § 2-1 følgjer det at kommunen skal føre internkontroll for å sikre at krav gjeve i medhald av kapittel 4A vert halde, og kontrollere at desse tiltaka er tilstrekkjelege. I dette ligg mellom anna at det på dette feltet må vere klårt definerte ansvars- og rapporteringsliner, samt rutinar for rapportering.

Avviket byggjer på følgjande observasjonar:

  • Det er ikkje tilstrekkjeleg kjent i verksemda kven som er overordna fagleg ansvarleg i høve lov om sosiale tenester kapittel 4A, og kva oppgåver som ligg til denne funksjonen. Det er ulik oppfatning av kven som er overordna fagleg ansvarleg og kva mynde som er delegert. Delegasjonsreglementet som er førelagt oss under tilsynet, omfattar ikkje lov om sosiale tenester kapittel 4A. Det ligg ikkje føre ein skriftleg delegasjon av avgjerdsrett frå kommunestyre eller rådmann i høve i lov om sosiale tenester kapittel 4A.
  • Det er ikkje gjeve tilstrekkelig opplæring og rettleiing i reglane om bruk av tvang til alle dei som har ansvar for, og utfører tenester til personar med psykisk utviklingshemming, på ein slik måte at krava i lov om sosiale tenester vert ivaretatt. Det ligg heller ikkje føre opplæringsplan som omfattar reglane om bruk av tvang og makt overfor personar med psykisk utviklingshemming. Det ligg ikkje føre rutinar for å vurdere om tilsette har naudsynt kompetanse i høve kapittel 4A, og det er ikkje føreteke ei vurdering av kva kompetanse ein har trong for.
  • Tilsette på fleire nivå i organisasjonen har ikkje tilstrekkjeleg kunnskap til å kunne identifisere handlingar som er omfatta av omgrepet tvang/makt i lov om sosiale tenester kapittel 4A. Kommunen sikrar ikkje i tilstrekkeleg grad at dei tilsette sender melding om skadeavverjande tiltak i naudsituasjonar og oppfølging av meldingane er ikkje klart plassert i organisasjonen
  • Under tilsynet og ved gjennomgang av mapper kom det fram at det vart nytta tvang systematisk i form av låsing av kjøleskap, låsing av skap med klede, regulering av tilgang til eige fotoapparat, regulering av kjøp av mat, regulering av inntak av mat under utøving av tenester til personar med psykisk utviklingshemming, utan at det er gjort ei vurdering opp i mot reglane i lov om sosiale tenester kapittel 4A.
  • Det er ikkje tilstrekkelig kjent i organisasjonen at det skal fyllast ut einskildmeldingar om bruk av tvang, i kva situasjonar, og kven dei skal vidaresendast til
  • Det ligg ikkje føre skriftelege rutinar eller etablert praksis for rapportering, eller samhandling i høve bruk av tvang overfor personar med psykisk utviklingshemming.
  • Det ligg heller ikkje føre retningsliner eller krav til kva som skal rapporterast i høve lov om sosiale tenester kapittel 4A. Det gjeld også der kommunen kjøper tenester frå andre kommunar, under dette avlastningstilbod og institusjonsplass.
  • Under tilsynet kom det fram at det ikkje var klare rutinar for eigenkontroll med å overhalda reglane i kapittel 4A. Det ligg ikkje føre oversikt over område med fare for svikt knytt til reglane i kapittel 4A

6. Vurdering av styringssystemet i verksemda

Avviket syner manglar ved internkontrollen i Fitjar kommune på fleire punkt Ansvar for sosialtenestelova kap 4A om bruk av tvang og makt er ikkje klårt plassert, og det manglar skriftleg delegasjon av avgjerdsrett i høve lov om sosiale tenester kapittel 4A, jf. forskrift om internkontroll (ikf) § 4 bokstav a). Ein manglar rutinar innanfor det kontrollerte området, jf. ikf § 4 bokstav g) og ein har ikkje tilstrekkeleg opplæring og sikring av kompetanse, jf. ikf § 4 bokstav c). Det ligg ikkje føre oversikt over område med fare for svikt på fleire sentrale punkt, jf. ikf § 4 bokstav f). Kommunen si evaluering av internkontrollen innanfor det kontrollerte området er mangelfull, jf. ikf § 4 bokstav h).

7. Regelverk

  • LOV 1991-12-13 nr 81: Lov om sosiale tenester m.v. (sosialtenestelova).
  • LOV 1967-02-10 : Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningslova)
  • FOR 2002-12-20 nr 1731: Forskrift om internkontroll i sosial- og helsetenesta

8. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som vart sendt over då revisjonen vart førebudd:

  • Organisasjonskart for Fitjar kommune
  • Delegeringsreglement for Fitjar kommune, datert 15.02.94
  • Stillingbeskriving - avdelingsleiar
  • Individuell plan for 2 tenestemottakarar
  • Prosedyrar for vedtak om bruk av tvang
  • Årsmelding 2008 Fitjar kommune
  • Enkeltvedtak knytt til 8 personar - tildeling av sosiale tenester etter § 4-2 bokstav a-d for personar med psykisk utviklingshemming
  • Notat med oversikt over personar med psykisk utviklingshemming med vedtak pr.
  • Kopi av avtale om kjøp av plassar ved avlastningsbustad i Bømlo kommune
  • Kopi av rapportbok knytt til Bømlo avlastningsbustad 31.12.08

Dokumentasjon som vart gjennomgått under revisjonsbesøket:

  • Saksmapper for 9 einskildsaker
  • Stillingsbeskriving - einingsleiar

Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen:

  • Diverse E-post frå Fitjar kommune i tilsynsperioden

9. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gjer ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som vart intervjua.

Deltakere ved tilsynet

Namn

Funksjon / stilling

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Anne Berit Hovstad Johansen

Helse- og sosialleiar
Overordna fagleg ansvarleg

X

X

Astrid De Vreede

Sakhandsamar

X

X

X

Kari Jakobsen

Fagansvarleg, fung. Avdelingsleiar

X

X

X

Vigdis R. Tislevoll X X

Einingsleiar

X

X

Lillian Bekkevold

Avdelingsleiar

X

Atle Tornes

Rådmann

X

Ingeborg O. Malkenes

Omsorgsarbeidar

X

X

Gro Urdal Iversen

Dagleg leiar, dagtilbod

X

Tora Tislevoll Gerhardsen

Lærar

X

Frå tilsynsorganet deltok:
Vibeke Herskedal, revisjonsleiar
Geir Johannessen, revisor