Helsetilsynet

Helsetilsynet i Hordaland

Oppfølging av tilsynet
Ved dette tilsynet blei det konstatert avvik frå lov eller forskrift. Tilsynsmyndigheita har vurdert dei tiltaka som er sette i verk som tilstrekkelege. Tilsynet er derfor avslutta.

 

Samandrag
1. Innleiing
2. Omtale av verksemda - spesielle forhold
3. Gjennomføring
4. Kva tilsynet omfatta
5. Funn
6. Regelverk
7. Dokumentunderlag
8. Deltakarar ved tilsynet

Samandrag

Helsetilsynet i Hordaland gjennomførte tilsyn med Kvinnherad kommune, Rosendal sone, 23. – 24. april 2009. Denne rapporten gjer greie for avvik frå krav i helselovgjevinga som blei påpeikt innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

Tilsynet undersøkte korleis kommunen sikrar at tildelte heimesjukepleietenester blir gitt og at grunnleggjande behov blir ivaretekne. Tilsynet var avgrensa til Rosendal sone gruppe 1 og gruppe 2.

Gruppe 1 og gruppe 2 har lagt til rette for at pasientane kan følgje sin eigen døgnrytme og at dei får tilpassa hjelp ved stell og måltid. Tenester frå heimesjukepleia blir gitt og justerte ved endringar i behov, men skriftlige vedtak blir ikkje alltid like raskt oppdaterte. Dette er leiinga merksam på. Skriftlege rutinar og andre styrande dokument for verksemda er tilgjengelege på kommunens intranett. Ei av utfordringane er å sørgje for at desse dokumenta er fagleg oppdaterte og at dei fastsette rutinane er kjende og blir følgde. Rosendal sone manglar felles rutinar for å kartleggje ernæringsstatus hos pasientane og følgje opp denne på ein systematisk måte. Innan dei områda tilsynet omfatta vart det påpeikt eit avvik frå krav i helselovgjevinga.

Avviket er:

Rutinar for å sikre at pasientar får tilstrekkeleg ernæring, er ikkje tilfredsstillande.

Dato: 29. mai 2009

Anne Grete Robøle
revisjonsleiar
Signe Marit Tørresen Gajek
revisor

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med Kvinnherad kommune, Rosendal sone, 23. - 24. april 2009. Tilsynet går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Helsetilsynet i Hordaland i dette året.

Helsetilsynet i fylket har fullmakt til å føre tilsyn med helsetenesta etter lov om statlig tilsyn med helsetjenesten § 2.

Tilsynet blei utført som systemrevisjon. Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgjevinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgjevinga innanfor dei områda tilsynet omfattar
  • tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • tiltaka er gode nok for å sikre at lovgjevinga blir følgd

Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gjev derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finn grunn til å påpeike betringspotensial

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Rosendals sone har integrerte heimesjukepleie og tenester på sjukeheimen. Sona er inndelt i fem grupper. Gruppeleiar har fagansvar for tenestene på si gruppe. Næraste overordna er verksemdsleiar som har fag-, personal- og økonomiansvar for verksemda. Då tilsynet blei gjennomført var det i alt 122 tenestemottakarar i sona. Av desse var 36 i gruppe 1 og 44 i gruppe 2.

Ved sjukeheimen er det 32 plassar. Ei langtidsavdeling blei stengt frå årsskiftet. Det er åtte plassar i kvar av dei to langtidsavdelingane. I enkelte tilfelle har det vore nødvendig å ta imot fleire pasientar. Dei bygningsmessige tilhøva er ikkje optimale. Pasientromma er mindre enn dagens standard. Det er to toalett og eit bad i kvar avdeling.

Ved tilsynet blei det opplyst at tilgjenge til plassar for heildøgns omsorg og pleie er noko ulik i sonene i kommunen. I forhold til innbyggjarar 80 år og eldre er dekningsgraden i Rosendal sone 17 %, Husnes sone 24 % og i Ølve/ Hatlestrand sone er dekninga 39 %.

3. Gjennomføring

Tilsynet omfatta følgjande aktivitetar:

Melding om tilsyn blei sendt 3. mars 2009. Melding om korrigering av tema for tilsynet blei sendt 2. april 2009.

Opningsmøte blei halde 23. april 2009.

Intervju: 13 personar blei intervjua.

Det blei gjennomført synfaring vedRosendaltunet, langtidsavdelingane.

Sluttmøte blei halde 24. april 2009.

Oversikt over dokument som Kvinnherad kommune har sendt over i samband med tilsynet og dokumentasjon som blei gjennomgått under tilsynet, er gjeven i kapittel 7 (Dokumentunderlag).

4. Kva tilsynet omfatta

Tilsynet med kommunen var først meldt som tilsyn med rehabilitering i sjukeheim. Dette blei endra grunna opplysningar om tilhøve i pleie- og omsorgstenesta i kommunen.

Tilsynet 23. – 24. april omfatta kommunens styring med at krav i helselovgjevinga blir oppfylt på følgjande område:

  • Heimesjukepleie blir gitt i samsvar med vedtak og at tenestetildeling blir endra ved endring i behov for helsehjelp
  • Grunnleggjande behov blir ivaretekne for pasientar i sjukeheimen og heimesjukepleia
    o   Døgnrytme, unngå uønskt og unødvendig sengeopphald
    o   Tilpassa hjelp med personleg hygiene, i stell og ved måltid
    o   Mat og drikke

5. Funn

Avvik 1:

Rutinar for å sikre at pasientar får tilstrekkeleg ernæring, er ikkje tilfredsstillande.

Avvik frå: Forskrift om internkontroll i sosial- og helsetjenesten § 4, jf. lov om helsetjenesten i kommunene § 1-3 a og § 6-3, 3. ledd og forskrift om kvalitet i pleie- og omsorgstjenesten § 3.

Avviket byggjer på følgjande:

  • Nasjonale retningsliner for kosthald i helseinstitusjonar er ikkje kjende.
  • Interne skriftlege rutinar for ernæring for institusjonsbrukarar og for heimebuande er ikkje i samsvar med nasjonale retningsliner.
  • Dei skriftlege rutinane om ernæring for institusjonsbebuarar og for heimebuande er ikkje kjende av alle.
  • Det er ulike oppfatningar av kva det vil seie å ha fått tilstrekkeleg drikke i løpet av eit døgn.
  • Det er ikkje etablert felles praksis for kva tid ( når og kor ofte) pasientar skal vegast
  • Opplysningar om høgde, vekt, ønskjekost og ernæringsstatus går ikkje fram av pasientjournal.
  • Tilstanden til fleire pasientar tilseier at det er risiko for ernæringssvikt. Det går ikkje fram av journalane om pasientar har ernæringsproblem, om det er utarbeidd plan eller på annan måte bestemt tiltak som skal bidra til å ivareta ernæringsbehov, eller opplysningar om at tiltak som er sette i verk er evaluerte

6. Regelverk

  • Lov av 30. mars 1984 nr. 15 om statlig tilsyn med helsetjenesten
  • Lov av 19. november 1982 nr. 66 om helsetjenesten i kommunene
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 63 om pasientrettigheter
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 64 om helsepersonell mv
  • Forskrift av 14. november 1988 nr. 932 om sykehjem og boform for heldøgns omsorg og pleie
  • Forskrift av 21. desember 2000 nr. 1385 om pasientjournal
  • Forskrift av 20. desember 2002 nr. 1731 om internkontroll i sosial- og helsetjenesten
  • Forskrift av 27. juni 2003 nr. 792 om kvalitet i pleie- og omsorgstjenestene

7. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold, send over i samband med førebuing av tilsynet:

  • Brev av 1. april 2009
  • Overordna administrativt organisasjonskart for Kvinnherad kommune
  • Delegasjonsreglement
  • Målsetting for pleie- og omsorgstenestene
  • Hovudoppgåver for pleie- og omsorgstenesta
  • Stillingsbeskriving – fagkonsulent
  • Stillingsbeskriving - gruppeleiar
  • Stillingsbeskriving – sjukeheimslege
  • Informasjon om Rosendaltunet
  • Søknad om tenester, svar på søknad
  • Vurdering av behov
  • Tildeling av korttidsopphald
  • Tildeling av rehabiliteringsopphald
  • Tildeling av langtidsopphald
  • Rettleiing for utforming av lege-erklæring ved søknad om fast plass i sjukeheim
  • Informasjon om klage i samband med vedtak etter lov om helsetenesta i kommunane
  • Mottak av brukar
  • Oppfølging av brukar
  • Innlegging i sjukehus
  • Tilvising til spesialist
  • Møte med ny brukar i heimen
  • Utskriving av brukar
  • Dokumentasjon
  • Avvikshandtering i tenesteytinga
  • Årsmelding 2008 – Rosendal sone
  • Ergo- og fysioterapitenester
  • Oversikt over tilsynslegar til sjukeheimar
  • Organisasjonsplan Rosendal sone
  • Oversikt turnus Rosendal gruppe 1 og gruppe 2
  • Dokumentasjon som blei gjennomgått under tilsynet:
  • Avvik, melde i perioden 1.01. – 20.04.2009
  • Pasientjournalar til pasientar som får tenester frå gruppe 1 og gruppe 2

Dokumentasjon som blei lagt fram ved tilsynet

Skriftlege rutinar daterte 1. oktober 2006, godkjende av verksemdsleiarane

  • Personleg hygiene
  • Av- og påkledning
  • Ernæring for institusjonsbrukarar
  • Ernæring for heimebuande
  • Servering av frukost
  • Kort for matservering
  • Servering av kveldsmat
  • Normal døgnrytme
  • Aktivisering av brukar
  • Stell av eigne tenner
  • Spesielt munnstell
  • Munnstell for svært sjuk eller bevisstlaus pasient
  • Tannprotese og munnhule
  • Registrering av brukarar til tannhelsetenesta sitt tilbod
  • Respekt for brukar
  • Toalett-besøk
  • Inkontinens-utstyr
  • Internundervisning 2009 i Rosendal sone
  • Sjekkliste, opplæring for nytilsette og vikarar
  • Oversikt søknader om institusjonsplass Rosendal sone 1. januar – 23. april 2009
  • Saksliste sonemøte Rosendal 22. april 2009
  • Rapport, aktive tenester heimesjukepleia pr 23. april 2009

Korrespondanse mellom Kvinnherad kommune og Helsetilsynet i Hordaland:

  • Melding om tilsyn, brev av 3. mars 2009, frå Helsetilsynet i Hordaland.
  • Dokumentasjon frå Kvinnherad kommune, brev av 1. april 2009 med vedlegg
  • Melding om endring av tema for tilsynet, brev av 2. april 2009, frå Helsetilsynet i Hordaland
  • Dokumentasjon frå Kvinnherad kommune, telefaks av 7. april 2009
  • Program for tilsynet, brev av 14. april 2009, frå Helsetilsynet i Hordaland
  • Korrigert program for tilsynet, e-post av 16. april 2009, frå Helsetilsynet i Hordaland

8. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Deltakere ved tilsynet

Namn

Funksjon / stilling

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Bjørke, Hilde Mæland

Gruppeleiar

x

x

Eik, Liv Sætre

Verksemdleiar

x

x

Feet, Jorunn Lise

Hjelpepleiar

x

x

x

Haugland, Aud Katrine

Omsorgsarbeidar

x

x

x

Jakobsen, Ann-Merethe

Sjukepleiar

x

x

Kongestøl, Leif

Verksemdleiar

x

x

x

Korsvold, Ellen

Gruppeleiar

x

x

x

Larsen, Oddvar

Kommuneoverlege

x

Naterstad, Helene

Sjukepleiar

x

x

Solheim, Kjellaug Bakke

Fagkonsulent

x

x

x

Sætereng, Trond

Rådmann

x

x

Søndergaard, Jacob Borup

Sjukeheimslege

x

Vivelid, Astrid Tokheim

Omsorgsarbeidar

x

x

x

Øyjord, Marte Kristoffersen

Sjukepleiar

x

x

x

Frå Helsetilsynet i Hordaland deltok:
Erstad, Arne, rådgjevar
Gajek, Signe Marit Tørresen, ass. fylkeslege
Helland, Beate, rådgjevar
Robøle, Anne Grete, seniorrådgjevar, leiar