Helsetilsynet

Fylkesmannen og Helsetilsynet i Hordaland

Oppfølging av tilsynet
I dette tilsynet blei det ikkje funne avvik frå lov eller forskrift. Tilsynet er derfor avslutta.

 

Samandrag
1. Innleiing
2. Gjennomføring
3. Kva tilsynet omfatta
4. Funn
5. Regelverk
6. Dokumentgrunnlag
7. Deltakarar ved tilsynet

Samandrag

Fylkesmannen og Helsetilsynet i Hordaland gjennomførte i perioden 16.03.09 -20.03.09 tilsyn med kommunale barnevern-, helse-og sosialtenester til barn i Osterøy kommune.

Tilsynet omfatta tenester og tiltak til utsette barn i skulepliktig alder og ved overgangen frå barn til vaksen. Tilsynet undersøkte om dei tre kommunale tenestene, ved behov, samarbeider om å gje utsette barn og unge rette tiltak til rett tid.

Det vart ikkje funne grunnlag for å gi avvik eller merknad

Dato:

Jarle Landås
revisjonsleiar
Laila N Alme
revisor

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon i perioden 16.12.08 -20.03.09 gjennomført av Fylkesmannen og Helsetilsynet i Hordaland. Tilsynet går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen i dette året

Dette tilsynet omfatta barneverntenester etter barnevernlova og sosialtenester etter sosialtenestelova som er underlagt tilsyn av Fylkesmannen og helsetenester etter helselovgivinga som er underlagt tilsyn av Helsetilsynet i fylket. Fylkesmannen og Helsetilsynet i fylket har oppnemnt eit felles tilsynslag for å gjennomføre tilsynet. Rapporten er utarbeidd i fellesskap, og oppfølging av eventuelle avvik vil bli koordinert av Fylkesmannen og Helsetilsynet i fylket.

Formålet med ein systemrevisjonen er å vurdere om kommunen ivaretek ulike krav i lovgivinga gjennom internkontroll. Revisjonen omfattar undersøking av:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekke, rette opp og førebygge avvik frå lovgivinga
  • innanfor dei tema tilsynet omfattar om tiltaka blir følg opp i praksis og om er naudsynt korrigert om tiltaka er tilstrekkelege for å sikre at lovgivinga blir overhalde

Ein systemrevisjon blir gjennomført ved gransking av dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten omhandlar eventuelle avvik og merknader som er avdekka under revisjonen og gir derfor ikkje fullstendig vurdering av tilhøva i kommunen/bydelen innanfor dei områda tilsynet omfatta.

  • Avvik er mangel på oppfylling av krav gitt i eller i medhald av lov eller forskrift
  • Merknad er tilhøve som ikkje er i strid med krav fastsett i eller i medhald av lov eller forskrift, men som tilsynsstyresmakta likevel finn grunn til å påpeike som aktuelle forbetringsområde.

2. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Revisjonsvarsel vart sendt ut 18.12.08. Oversikt over dokument verksemda har sendt i samband med tilsynet, er gitt i kapittelet Dokumentgrunnlag.

Opningsmøte vart halde 18.03.09.

Intervju
11 personar vart intervjua.

Oversikt over dokumentasjon som vart gjennomgått under revisjonsbesøket er gitt i kapittelet Dokumentgrunnlag.

Sluttmøte vart halde 20.03.09.

3. Kva tilsynet omfatta

  • Samarbeid mellom barnevern-, sosial-og helsetenester om utsette barn i skulepliktig alder (6-16 år), slik at Kommunen sikrar at behov for samordna tenester blir fanga opp og nødvendige tenester blir ytt til rett tid
  • Kommunen sikrar at helse-sosial-og barneverntenesta sin undersøking /utgreiing inneber vurdering av behov for andre relevante tenester/tiltak samt at tenestene samarbeider i utgreiinga og følgje opp barna/foreldra under utgreiinga
  • Kommunen sikrar at helse-sosial-og barneverntenestene ved behov informerar kvarandre og samarbeider om gjennomføringa av tenester og tiltak
  • Om kommunen sikrar samarbeid mellom barneverntenesta og sosialtenesta ved eventuell overgang frå barnevern til sosialteneste ved alder 18-23 år (ettervern)

4. Funn

Ingen avvik, ingen merknad

5. Regelverk

  • lov om barneverntjenester av 17. juli 1992 nr. 100 (bvl.)
  • lov om helsetjenesten i kommunene av 19. november 1982 nr. 66 (khl.)
  • lov om sosiale tjenester mv av 13. desember 1991 nr. 81 (sotjl.)
  • forskrift om internkontroll for kommunens oppgaver etter lov om barneverntjenester av 14. desember 2005 nr. 1584
  • forskrift om internkontroll i sosial-og helsetjenesten av 20. desember 2002 nr. 1731
  • forskrift om kommunens helsefremmende og forebyggende virksomhet i helsestasjon og skolehelsetjenesten av 3. april 2003 nr 450 (forskrift om helsestasjon og skolehelsetj.)

6. Dokumentgrunnlag

Dokumentasjon frå kommunen innsendt i samband med førebuinga av revisjonen:

  • Administrativt delegeringsreglement
  • Delegeringsreglement helse-og omsorg pr. 01.02.2009
  • Organisasjonskart helse-og omsorg
  • Oversikt over leiarar og tilsette innan områda, inkludert arbeidsskildring og anne som
  • synar ansvar, mynde og oppgåver for dei respektive einingane
  • Organisasjonskart Osterøy barnevernteneste
  • Organisasjonskart Nav Osterøy
  • Organisasjonskart Osterøy helsestasjon
  • Organisasjonskart Osterøy pleie-og omsorg
  • Stillingsomtale miljøterapeut i familiearbeid
  • Stillingsomtale sosialkurator
  • Stillingsomtale sosialkurator
  • Sone psykisk helse — utetenesta
  • Stillingsomtale psykiatrisk helsearbeidar
  • Stillingsomtale fagkoordinator — heimetenestene
  • Stillingsomtale soneleiar/avdelingssjukepleiar
  • Arbeid i leiargruppa i Helse-og omsorg, Osterøy kommune
  • Samarbeid kommuneoverlege/fastleger/helsestasjon — Osterøy kommune
  • Samarbeidsavtale helsestasjon og psykisk helseteneste
  • Samarbeidsavtale helsestasjon — barnevern/PPT
  • Samtykke til arbeid i basisgruppe mellom barnevern, sosial, helsetenesta og skule/barnehage
  • Mal — saksliste for arbeid i basisgruppe mellom barnevern, sosial, helsetenesta og skule/barnehage
  • Mal — møtereferat for arbeid i basisgruppe mellom barnevern, sosial, helsetenesta og skule/barnehage
  • Mål for arbeidet/verksemda i Osterøy barnevernteneste
  • Generelt informasjonsskriv om kva reglar som gjeld for tilbakemelding til melder frå barneverntenesta
  • Informasjonsskriv — "Når bør du ta kontakt med barnevernet?"
  • Besøk til skular og barnehagar i Osterøy kommune hausten 2007 og våren 2008
  • Kopi av invitasjon til samarbeid mellom barnehagar og Osterøy barnevernteneste
  • Tverrfagleg samarbeid mellom barneverntenesta og dei ulike etatane i Osterøy kommune
  • Osterøy barnevernteneste planar, rutinar og saksgang 2009
  • Mal-arbeidsplan for saker barn
  • Mal — framdriftsplan undersøkingssak, jf. barnevernlova § 4-3
  • Mal — melding i barnevernssak frå ei anna offentleg instans
  • Mal — omsorgsplan barnevernlova § 4-15
  • Mal — tiltaksplan, jf. barnevernlova § 4-15
  • Samtykke barnevernlova §4-3 — for barneverntenesta
  • Skjema — samtykke til å utveksle opplysningar mellom tenesteeining og Osterøy barnevernteneste
  • Rutine-opplæring av nytilsette i Osterøy barnevernteneste
  • Tilsettingsprosedyrar for Osterøy barnevernteneste
  • Sjekliste ved nytilsette ved barneverntenesta i Osterøy kommune
  • Rutinar for arbeidsfordelinga for sosialtenesta, Nav Osterøy
  • Rutine for sosialtenesta/Nav sitt arbeid med born og unge i behov for bistand av barnevernet
  • Sjekkliste ved melding om bekymring til barnevernet etter lov om barneverntenester § 8-8a
  • Rutine for samarbeid mellom sosialtenesta/Nav vdrørande bekymring for born og unge
  • Rutine for samarbeid mellom barnevernet og sosialtenesta/Nav vedrørande ettervern for ungdom
  • Skjema — samtykke til å utveksle opplysningar mellom sosialtenesta ved Nav
  • Osterøy kan utveksle opplysningar med barneverntenesta i Osterøy kommune
  • Samtykkeerklæring — Nav Osterøy kommune
  • Mal -Søknad om deltaking i kvalifiseringsprogrammet
  • Mal -Vedtak om tildeling av kvalifiseringsprogram
  • Mal — vedtak om økonomisk stønad til livsopphald
  • Mal — referat ansvarsgruppemøter
  • Samarbeidsforum i tenestene knytt til born og unge — psykiatritenesta
  • Opplysningar om gjennomførte tiltak for å sikre brukarmedverknad innan dei aktuelle områda
  • Informasjon om helsestasjon, og skulehelsetenesta
  • "Helsestasjonens oppgåver"
  • Rutine for individuell plan
  • Brukarundersøking ved Nav Osterøy to gongar årleg, ein gong i statleg regi,
    ein gong i kommunen sin regi frå 2009, jf Samarbeidsavtalen. Gjennomført
    statleg i 2008.
  • Vedtatt å gjennomføre brukarundersøkingar for alle einingar i helse-og
    omsorg i løpet av april 2009. (Pleie-og omsorg var pilot i 2008)  
  • Årshjul overordna risikovurdering/evaluering/tenesteplanlegging helse-og
    omsorg 2009 (vedlegg 52)  
  • Avviksskjema helse-og omsorg
  • Årshjul overordna risikovurdering/evaluering/tenesteplanlegging helse-og
    omsorg 2009
  • Swot-analyse 2008
  • Arbeid i leiargruppa i Helse-og omsorg, Osterøy kommune
  • Årsmelding for barneverntenesta, sosialtenesta, skulehelsetenesta og
    psykiatritenesta
  • Årsmelding for Osterøy kommune
  • Oversikt over legar som er tilknytt skolehelseteneste, helsestasjon for ungdom og tverretatlege team, med utgreiing av timetal og stillinga sitt innhald
  • Sjå rutine: "Samarbeid kommuneoverlege/fastleger/helsestasjon — Osterøy kommune", godkjent 26.02.2009  
  • Opplæringsplan for dei aktuelle tenestene
  • Kompetanseplan pleie-og omsorg og tverrfagleg samarbeid helse-og omsorg
    2007 — 2010  
  • Opplæringsplan Osterøy barnevernteneste og opplæringsplan Nav Osterøy

Dokumentasjon som vart gjennomgått under revisjonsbesøket:

  • Saksmapper i alle saker frå sosialtenesta der det i 2008 og 2009 er etablert eller pågåande samarbeid med barnevernet om familien
  • Saksmapper i siste 5 saker frå sosialtenestader det er klientar som har fått utbetalt sosialstønad flere gonger siste år og som har dagleg omsorg for eigne barn i skulepliktig alder
  • Saksmapper frå sosialkontoret frå 2008 og 2009 med søknad om økonomisk stønad der straumen er stengt eller der ligg føre utkastingsbegjæring frå bustad og der er barn i skulepliktig alder i husstanden
  • Saksmapper for dei siste 5 sakene med to eller fleire naudhjelpsvedtak siste året til personar med barn i skulepliktig alder i husstanden
  • Saksmapper frå sosialkontoret med tenester i 2008 og 2009 til rusmiddelmisbrukarar med heimebuande barn i skulepliktig alder
  • Alle saksmapper siste to år frå sosialtenesta med overgang frå barnevernet til
    sosialtenesta.  
  • Journalar/saksmapper frå alle saker 2008 og 2009 fra psykisk helseteneste med tenester til foreldre med dagleg omsorg for barn i skulepliktig alder
  • Journalar/saksmapper frå skulehelsetenesta på alle barn der det i 2008 og 2009 har vore samarbeid mellom skulehelsetenesta og barnevernet
  • Saksmapper frå alle saker i barneverntenesta i 2008 og 2009 der det er etablert samarbeid med skulehelsetenesta, psykisk helseteneste og eller sosialkontoret  
  • Alle saksmapper frå 2008 og 2009 frå barnevernet der vedkomande fylte eller fyller 18 år eller 23 år i løpet av perioden.
  • Oversikt over meldingar til barnevernet i 2008 og 2009 frå sosialtenesta, psykiatritenesta og skulehelsetenesta
  • Referat frå leiargruppa -helse-og omsorg
  • Referat frå helsesøstermøte

Korrespondanse mellom kommunen/bydelen og Fylkesmannen:

  • Varsel om tilsyn datert 18.12.08
  • E-post frå Fylkesmannen til Osterøy kommune 11.03.09 og frå kommunen 15.03.09 om plan for tilsynet og oversikt over dokumenter til dokumentgjennomgang
  • Laila Nordheim Alme, fylkessjukepleiar Eirik Lyssand, seniorrådgjevar Jarle Landås, seniorrådgjevar/tilsynsleiar

7. Deltakarar ved tilsynet

Deltakere ved tilsynet

Namn

Funksjon / stilling

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Anne Lise Albertsen

Sakshandsamar barnevern

X

Britt Taule

Sakshandsamar barnevern

X

X

X

Cecilie Meyer

Psykiatrisk sjukepleiar

X

Helene Myhre

Sosialkurator

X

Inger Fossland

Pleie- og omsorgsleiar

X

X

X

Jane K. Tønjum

Sakshandsamar barnevern

X

X

Jorunn Hermansen

Helsesøster

X

Kirsten Varden

Fung. Nav-leiar

X

X

X

Liv Elin Å. Vevle

Sakshandsamar barnevern

X

X

Marianne Løkhammer

Sosialkurator

X

Marianne Pedersen

Psykiatrisk sjukepleiar helsestasjon

X

X

Odd Ivar Øvregård

Rådmann

X

Randi Vangsnes

Barnevernleiar

X

X

X

Ruth Breivik

Leiande helsesøster

X

X

X

Torstein Ljones

Kommuneoverlege

X

X

Trine Grønbech

Assisterande rådmann

X

X

X

Trude Selseng

Miljøterapeut familiearbeid

X

X

Vigleik Kalland

Sosialrådgjevar

X

X

X

Frå tilsynsstyresmaktene deltok:
Laila Nordheim Alme, fylkessjukepleiar Eirik Lyssand, seniorrådgjevar Jarle Landås, seniorrådgjevar/tilsynsleiar