Helsetilsynet

Fylkesmannen og Helsetilsynet i Hordaland

Oppfølging av tilsynet
Ved dette tilsynet blei det konstatert avvik frå lov eller forskrift. Tilsynsmyndigheita har vurdert dei tiltaka som er sette i verk som tilstrekkelege. Tilsynet er derfor avslutta.

 

Samandrag
1. Innleiing
2. Omtale av verksemda -spesielle forhold
3. Gjennomføring
4. Kva tilsynet omfatta
5. Funn
6. Regelverk
7. Dokumentunderlag
8. Deltakarar ved tilsynet  

Samandrag

Denne rapporten gjer greie for dei avvika og merknadene som blei påpeikte innanfor dei områda som blei reviderte. Systemrevisjonen gjaldt følgjande område:

Om kommunen sikrar at barne- og avlastingsbustadene:

  • Ivaretek barnas rett til samvær med andre, eit meiningsfullt daglegliv og deltaking i fritidsaktivitetar
  • Ivaretek barn med spesielle ernæringsbehov
  • Yter pleie og omsorg tilpasset barnas helsetilstand
  • Har forsvarlig legemiddelhandtering
  • Er fysisk tilrettelagt for barna

Det vart avdekka eitt avvik:

Radøy kommune yter i regelen ikkje nødvendig helsehjelp når akutt sjukdom oppstår under avlastingsopphald

Dato: 9.11.2009

Jarle Landås
revisjonsleiar
Hilde Ordemann
revisor

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved i perioden 12.-13.10.2009. Revisjonen går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen i dette året, og er en del av et landsomfattande tilsyn, gjennomført etter oppdrag frå Helsetilsynet.

Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med sosialtenesta etter sosialtenestelova § 2-6.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor de tema tilsynet omfattar
  • tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd

Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finner grunn til å påpeke betringspotensial

2. Omtale av verksemda -spesielle forhold

Radøy kommune har ei kommunal avlastingsbustad. Stadleg leiar er dagleg ansvarleg for avlastingstenesta. Bustaden er organisatorisk plassert i Tenester for bu- og funksjonstrening (BF-tenesta) med rådmannsnivå som ansvarleg nivå over. Medan det er Barne- og familietenesta som har ansvar for privat avlasting til bom.

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Revisjonsvarsel blei sendt ut 24,06.2009. Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Opningsmøte blei halde 12.10.2009.

8 personar blei intervjua.

Oversikt over dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Det blei gjennomført synfaring ved Hannesvegen avlastingsbustad 7.10.2009.

Sluttmøte blei halde 13.10.2009.

4. Kva tilsynet omfatta

Tilsynet omfatta fem områder som til saman skal seie om kommunen gjennom si internkontroll sikrar forsvarlege helse- og sosialtenester til barn i barne- og avlastingsbustader.

Område 1:
Om kommunen planlegg og gjennomfører tiltak i den daglege tenesteytinga som ivaretek det einskilde barn sitt behov for variert og tilpassa aktivitet og sosialt samvær

Område 2:
Om kommunen planlegg og gjennomfører tiltak for å dekke det einskilde barn sitt ernæringsbehov.

Område 3:
Om kommunen planlegg og gjennomfører tiltak for å yte pleie og omsorg tilpasset det einskilde barn sine behov.

Område 4:
Om kommunen sikrar forsvarleg legemiddelhandtering i avlastingsbustaden.

Område 5:
Om kommunen planlegg og gjennomfører tiltak som gjer bustaden fysisk tilrettelagt på bakgrunn av kunnskap om det einskilde barn sitt behov

5. Funn

Avvik:

Radøy kommune yter i regelen ikkje nødvendig helsehjelp når akutt sjukdom oppstår under avlastingsopphald

Avvik frå:

  • Kommunehelsetenestelova § 2-1, jf. kvalitetsforskrifta § 3

Avviket byggjer på:

  • Avlastningsbustaden har rutinar for at føresette skal hente barn om dei blir sjuke under opphaldet.
  • Føresette blir oppmoda om å hente barn heim ved akutt sjukdom eller skade.

6. Regelverk

  • LOV 1991-12-13 nr 81: Lov om sosiale tjenester m.v.
  • LOV 1982-11-19 nr 66: Lov om helsetjenesten i kommunene.
  • FOR 2003-06-27 nr 792: Forskrift om kvalitet i pleie- og omsorgstjenestene
  • FOR 2002-12-20 nr 1731: Forskrift om internkontroll i sosial- og helsetjenesten
  • FOR 1992-12-04 nr 915: Forskrift til lov om sosiale tenester m.v.
  • FOR 2008-04-03 nr 320: Forskrift om legemiddelhåndtering for virksomheter og helsepersonell som yter helsehjelp

7. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei send over da revisjonen blei førebudd:

  • Overorda organisasjonskart for Radøy kommune
  • Oversyn over tilsette, utdanning og stillingsstorleik i barne- og avlastingsbustad
  • Delegasjonsreglement frå politisk til rådmann, og frå rådmann tileiningsleiar
  • System for kvalitetssikring og kvalitetsutvikling
  • Årsmelding 2008 Radøy kommune.
  • Utdrag frå opplæringsplan for Radøy kommune
  • Intern opplæringsplan BF-tenesta
  • Aktuelle prosedyrar/rutiner/retningslinjer, tiltak som vert nytta til planlegging, gjennomføring og evaluering
  • Informasjon om tilbodet avlasting i Radøy kommune
  • Internkontrollsystem for BF-tenesta
  • Oversikt over aktuelle brukarar av avlastingsbustad

Dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket:

  • Journal for brukar av avlastingsbustad

Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen:

  • E-post av 24.09.2009 frå rådgjevar helse og omsorg, Radøy kommune med avklaring av synfaring
  • E-post av 24.09.2009 frå Fylkesmannen med intervjuplan og førespurnad om dokument
  • E-post av 30.09.2009 med opplysningar om brukarar av avlastingsbustad

8. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Deltakere ved tilsynet

Namn

Funksjon / stilling

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Jørgen Bleikli

Einingsleiar BF

X

X

X

Johnny Brattetaule

Einingsleiar Heimetenesta

X

X

Anne B Brattetaule

Einingsleiar Velferdssenteret

X

X

Margun Erstad

Assistent, avlastingsbustad

X

X

X

Hildegunn B Myrtveit

Omsorgsarbeidar, avlastingsbustad

X

X

X

Sonja Frotjold

Hjelpepleiar

X

X

X

Laila B Frantzen

Assistent, avlastingsbustad

X

X

X

Nina K Leknes

Rådgjevar helse og omsorg

X

X

X

Grethe Fosse

Kommuneoverlege

X

Frå tilsynsorganet deltok:

Jarle Landås, seniorrådgjevar, tilsynsleiar
Laila Nordheim Alme, fylkessjukepleiar
Hilde Ordemann, rådgjevar