Helsetilsynet

Fylkesmannen i Hordaland

Oppfølging av tilsynet
Ved dette tilsynet blei det konstatert avvik frå lov eller forskrift. Tilsynsmyndigheita har vurdert dei tiltaka som er sette i verk som tilstrekkelege. Tilsynet er derfor avslutta.

 

Samandrag
1. Innleiing
2. Omtale av verksemda - spesielle forhold
3. Gjennomføring
4. Kva tilsynet omfatta
5. Funn
6. Regelverk
7. Dokumentunderlag
8. Deltakarar ved tilsynet

Samandrag

Denne rapporten gjer greie for dei avvik og merknader som vart påpeikte innanfor dei områda som vart reviderte. Systemrevisjonen gjaldt følgjande område:

  • Sakshandsaminga ved tildeling og evaluering av tenester etter sosialtenestelova
  • Handsaming av klage på vedtak om sosiale tenester

Fylkesmannen fann eit avvik:

Modalen kommune sikrar ikkje i tilstrekkeleg grad at reglane i forvaltningslova vert følgt ved sakshandsaming i høve tenester etter sosialtenestelova § 4-2 bokstav a-d.

Dato:14/11-2009

Hilde Ordemann
revisjonsleiar
Geir Johannessen
revisor

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon med Modalen kommune 23.11.2009. Revisjonen går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hjå Fylkesmannen i dette året.

Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med sosialtenesta etter sosialtenestelova § 2-6.

Føremålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor dei tema tilsynet omfattar
  • tiltaka vert følgt opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga vert følgt

Ein systemrevisjon vert gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finn grunn til å påpeike betringspotensial

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

I Modalen kommune er ansvar for tenestene etter sosialtenestelova § 4-2 plassert i Oppvekst og omsorgsetaten med kommunalsjef som leiar.

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Revisjonsvarsel vart sendt ut 21.9.2009. Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Opningsmøte vart halde 23.11.2009.

Intervju
4 personar vart intervjua.

Oversikt over dokumentasjon som vart gjennomgått under revisjonsbesøket, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Sluttmøte vart halde 23.11.2009.

4. Kva tilsynet omfatta

Tilsynet omfatta 4 områder som til saman skal seie om kommunen har forsvarleg sakshandsaming ved yting av tenester etter sosialtenestelova § 4-2 bokstav a-d og kapittel 4A.

Område 1:
Om kommunen sikrar forsvarleg sakshandsaming ved tildeling av tenester etter sosialtenestelova § 4-2 bokstavane a-d omfatta

  • relevant informasjon til alle søkjarar før søknad
  • handsaming av munnlege søknadar
  • relevant utgreiing av søkjarar
  • individuell vurdering av søkjarar
  • alternative tiltak vert vurderte når vedtak ikkje kan oppfyllast
  • sjå til at saka er så godt opplyst som råd er
  • grunngjeving i samsvar med lova sine krav
  • orientering om høve til å klage
  • tilsette har tilgang på og opplæring i lover og forskrifter

Område 2:
Om kommunen sikrar evaluering av sosiale tenester etter sosialtenestelova § 4-2 bokstavane a-d omfatta

  • evaluering av tenester opp i mot tenestebehov
  • informasjon til brukarar om moglegheit for endring av tenester

Område 3:
Om kommunen sikrar at klager på vedtak vert handsama i samsvar med krav i forvaltningslova omfatta

  • handtering av munnlege klagar
  • underskrift på klage
  • opplysningar om klageorgan

Område 4:
Om kommunen sikrar forsvarleg sakshandsaming ved handsaming av saker etter sosialtenestelova kap 4A omfatta

  • har ein overordna fagleg ansvarleg for sakar etter kapittel 4A
  • ansvar for å sette i verk sakshandsaming etter sosialtenestelova kap 4A klart plassert
  • har etablert rutinar for kontakt med pårørande, hjelpeverje og spesialistteneste

5. Funn

Avvik:

Modalen kommune sikrar ikkje i tilstrekkeleg grad at reglane i forvaltningslova vert følgt ved sakshandsaming i høve tenester etter sosialtenestelova § 4-2 bokstav a-d.

Avvik frå følgjande krav frå styresmaktene:

Sosialtenestelova § 8-1 og § 2-3, samt forvaltningslova §§ 25 og 27 og forskrift om internkontroll i sosial- og helsetenesta § 4.

Avviket byggjer på følgjande:

  • Det går i liten grad frem av vedtaka kva det er søkt om, kva som er søkjar sine behov og om vedtaket er i samsvar med søknad. Tenestemottakar sine synspunkt kjem berre i liten grad frem i grunngjevnaden. Skjønnsutøving i vedtak er i liten grad omtala i grunngjevnaden. I framlagde vedtak vert det ikkje i alle høve gjort ei vurdering av om den saka retter seg mot fyller vilkåra for hjelp etter sosialtenestelova § 4-3, sjølv om det i nokre vedtak vert vist til regelen.
  • Det er ikkje rutine for at vedtak skal drøftast med eller lesast av fleire. Det vert ikkje gjennomført systematisk kontroll av vedtak.
  • Det ligg ikkje føre oversikt over område med fare for svikt i sakshandsaminga.
  • Det er ikkje klart for tilsette kva som skal rapporterast av avvik innan det kontrollerte området, og det ligg ikkje føre retningsliner for kva som skal rapporterast. Kommunen har ikkje evaluert om sakshandsaminga oppfyller krava i forvaltningslova og sosialtenestelova. Det ligg ikkje føre rutinar for å evaluere om sakshandsaminga oppfyller krava i dei nemnde lovverka.

6. Regelverk

  • LOV 1967-02-10 : Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningslova)
  • LOV 1991-12-13 nr 81: Lov om sosiale tenester m.v. (sosialtenestelova).
  • FOR 1992-12-04 nr 915: Forskrift til lov om sosiale tenester m.v.
  • FOR 2002-12-20 nr 1731: Forskrift om internkontroll i sosial- og helsetjenesten

7. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som vart sendt over då revisjonen vart førebudd:

  • Organisasjonskart for Modalen kommune
  • Rutinar ved tildeling av tenester etter sosialtenestelova kap 4, 5 og 6.
  • Rutinar ved klage på vedtak etter sosialtenestelova
  • Rutinar for individuell plan
  • Vedtak med tilhøyrande søknader for saker avgjort i medhald av sosialtenestelova § 4-2 a) praktisk bistand og opplæring, § 4-2 b) avlasting, § 4-2 c) støttekontakt og § 4-2 e) omsorgsløn.
  • Kartlegging av opplæringsbehov i organisasjonen.
  • Dokumentasjon som vart gjennomgått under revisjonsbesøket:
  • Saksmapper for einskildsaker

Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen:

  • E-post frå Modalen kommune 20.10.2009 med avklaring av tidspunkt for tilsynet og 19.11.2009 med nanm på sakshandsamarar innanfor oppvekst og omsorg.

8. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gjer ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som vart intervjua.

Deltakere ved tilsynet

Namn

Funksjon / stilling

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Oddvin Neset

Kommunalsjef

X

X

X

Bente Håvåg

Omsorgsleiar

X

X

X

Barbro Rolland

Hjelpepleiar

X

Svein Festervoll

Rådmann

X

X

X

Frå tilsynsorganet deltok:
Geir Johannessen, Hilde Ordemann og Birthe Lill Christiansen, sistnemnde som observatør