Helsetilsynet

Fylkesmannen i Hordaland

Oppfølging av tilsynet
Ved dette tilsynet blei det konstatert avvik frå lov eller forskrift. Tilsynsmyndigheita har vurdert dei tiltaka som er sette i verk som tilstrekkelege. Tilsynet er derfor avslutta.

 

Samandrag

Denne rapporten gjer greie for dei avvika og merknadene som blei påpeikte innanfor dei områda som blei reviderte. Systemrevisjonen gjaldt følgjande område:

  • Kommunal økonomisk rådgjevingsteneste

Det vart avdekka eit avvik:

Sund kommune har ikkje tilfredsstillande økonomisk rådgjevingsteneste / gjeldsrådgjevingsteneste.

Dato: 17.12.09

Jarle Landås
revisjonsleiar
Øystein B Jacobsen
revisor

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon i perioden 11.08.09 – 16.12.09. Revisjonen går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen dette året.

Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med sosialtenesta etter lov om sosiale tenester § 2-6.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta undersøking om:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor de tema tilsynet omfattar
  • at tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • at tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd

Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finner grunn til å påpeke betringspotensial

2. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Revisjonsvarsel blei sendt ut 11.08.09. Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Opningsmøte blei halde 30.11.09.

Intervjuar
4 personar blei intervjua.

Oversikt over dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Sluttmøte blei halde 02.12.09.

3. Kva tilsynet omfatta

Om kommunen har ein tilfredsstillande økonomisk rådgivingsteneste med særleg vekt på

  • Tilgjenge
  • Kapasitet
  • Kompetanse
  • Rådgjeving

4. Funn

Det vart avdekka eit avvik:
Sund kommune har ikkje tilfredsstillande økonomisk rådgjevingsteneste / gjeldsrådgjevingsteneste

Avvik frå: sosialtenestelova § 4-1, jf forskrift om internkontroll § 4 bokstav a-d.

Kommentar:
Kommunen har plikt til å yte økonomisk råd og rettleiing til privatpersonar. Tenesta må vere tilgjengeleg for alle innbyggjarane og skal ytast på ulikt nivå etter kva trong dei har, frå munnleg råd og rettleiing til bistand med utanrettslege avtaler. Kartlegging av økonomisk situasjon er sentralt for å kunne vurdera kva tiltak den enkelte har trong for. Etter internkontrollforskrifta skal kommunen ha eit styringssystem som sikrar praksis i samsvar med lovreglane. Klar plassering av ansvar, rutinar/retningsliner, kompetanse og evaluering av tenesta er sentrale punkt.

Avviket byggjer på følgjande:

  • Brukar sin totale økonomiske situasjon, inkludert gjeld, vert ikkje skriftleg kartlagd som grunnlag for vurdering av trong for rådgjeving og den vidare saksgang.
  • Kommunen ytar økonomisk rådgjeving i liten grad ut over munnleg råd om mellom anna disponering av inntekt. I 2009 er to sakar om økonomisk rådgjeving avslutta og to er påbegynt. Det er registrert 20 sakar med trong for vidare handsaming.
  • Ansvarsdelinga vedrørande arbeidet med økonomisk rådgjeving er ikkje klar.
  • Det føreligg ikkje klare rutinar/retningsliner for arbeidet med økonomisk rådgjeving.
  • Tilsette har ikkje tilstrekkeleg kompetanse for å til fulle ivareta økonomisk rådgjeving. Kommunen har ikkje opplæringsplan for korleis kompetansebehovet skal dekkast.
  • Svikt i tenesta er ikkje rapportert i siste årsmelding, men er rapportert til Rådmann i samband med varsel om tilsynet.

5. Regelverk

  • Lov om sosiale tjenester m.v. av 13.12.1991 nr. 81
  • Forskrift om internkontroll i sosial- og helsetjenesten av 20.12.2002 nr. 1731

6. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei send over da revisjonen blei førebudd:

  • Organisasjonskart
  • Oversikt over tilsette som driv økonomisk rettleiing
  • Risikovurdering
  • Oversikt over gjeldssaker i sosialtenesta/Nav Sund pr. oktober 2009
  • Notat til Rådmann datert 26.10.09 vedr. orientering om økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving i sosialtenesta

Dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket:

  • Dokumenter i saker avslutta i 2009, påbegynt i 2009 og sakar på venteliste

Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen:

  • Brev om varsel om tilsyn
  • E-post om program for tilsyn

7. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Deltakere ved tilsynet

Namn

Funksjon / stilling

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Anette Henden

Rettleiar

X

X

X

Kristin Sekkingstad

Nav-leiar

X

X

Line Glesnes

Rettleiar

X

X

X

Gerhard Inge Storebø

Rådmann

X

X

X

Inge Ekerhovd

Einingsleiar

X

Frå tilsynsorganet deltok:
Øystein Jacobsen, rådgjevar
Jarle Landås, seniorrådgjevar (tilsynsleiar)