Helsetilsynet

Helsetilsynet i Hordaland

Oppfølging av tilsynet
I dette tilsynet blei det ikkje funne avvik frå lov eller forskrift. Tilsynet er derfor avslutta.

 

Samandrag
1. Innleiing
2. Omtale av verksemda - spesielle forhold
3. Gjennomføring
4. Kva tilsynet omfatta
5. Funn
6. Regelverk
7. Dokumentunderlag
8. Deltakarar ved tilsynet

Samandrag

Helsetilsynet i Hordaland gjennomførte tilsyn med Etne omsorgsenter den 30. og 31. mars 2009. Tilsynet underøkte om Etne kommune sitt styringssystem (internkontroll) sikrar at krav i helselovgjevinga blir oppfylte. Tema for tilsynet var utgreiing og oppfølging av pasientar ved Etne omsorgssenter, sone 1, og føring av pasientjournal.

Det blei det ikkje påpeikt avvik frå krav i helselovgjevinga.

Etne omsorgssenter har ordningar som sikrar at pasientane får nødvendig utgreiing og oppfølging under opphald i sjukeheimen. Opplysningar om tilstand, behandling og effekt av iverksett behandling går fram av pasientjournalen. Den elektroniske pasientjournalen er noko uoversiktleg og dokument mottekne i papirversjon er hittil ikkje scanna inn. Det kan difor vere noko tidkrevjande å få fullstendig oversikt. Leiinga i kommunen er gjort kjend med dette.

Legetid ved sjukeheimen er knapp og både sjukeheimslege og kommuneoverlege har teke i vare oppgåver ut over den fastsette tida. Kommune har vedteke at talet på legetimar i sjukeheimen skal aukast med 3,5 timer pr. veke. Iverksetjing av dette vedtaket vil truleg skje i løpet av sommaren 2009.

Dato: 27. april 2009

Anne Grete Robøle
revisjonsleiar
Karen Reimers
revisor

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med Etne omsorgssenter 30. - 31. mars 2009. Tilsynet går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Helsetilsynet i Hordaland i dette året.

Helsetilsynet i fylket har fullmakt til å føre tilsyn med helsetenesta etter lov om statlig tilsyn med helsetjenesten § 2.

Tilsynet blei utført som systemrevisjon. Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgjevinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgjevinga innanfor dei områda tilsynet omfattar
  • tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • tiltaka er gode nok for å sikre at lovgjevinga blir følgd

Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gjev derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finn grunn til å påpeike betringspotensial

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Omsorgstenestene i kommunen er organisert i tre soner, Skånevik og to soner med base ved Etne omsorgssenter. Heimetenestene og tenestene ved sjukeheimen er integrerte. Sjukeheimen har 36 plassar fordelt på tre avdelingar, to langtidsavdelingar og ei eiga eining for aldersdemente. Kvar sone har ein fagansvarleg sjukepleiar. Soneleiar har ansvar for verksemda i kvar sone og rapporterer til pleie- og omsorgsleiar som har drifts-, personal- og fagansvar for omsorgstenestene. Denne leiarstillinga har vore ledig sidan 1. oktober 2008. Ny leiar tek til den 1. april 2009. Rådmannen er næraste overordna for pleie- og omsorgsleiar.

Etne omsorgssenter har i dag sjukeheimslege 7 timar i veka. Tida er delt på to vekedagar. Legen er elles tilgjengelig på telefon. Etne kommune har vedteke at talet på legetimar i sjukeheimen skal aukast med 3,5 timar pr. veke. Iverksetjing av dette vedtaket vil truleg skje i løpet av sommaren 2009.

Fysioterapitenester til pasientar på sjukeheimen blir gitt etter tilvising og innan rammene av avtalen om kommunale timar som ein av dei privatpraktiserande fysioterapeutane har. Ergoterapi blir og gitt etter tilvising. Omfanget av andre oppgåver avgrensar tida til rådvelde for oppgåver ved sjukeheimen.

Det elektroniske pasientjournalsystemet skal oppgraderast i løpet av kort tid.

Det blir arbeida med å gjere skriftlege prosedyrar elektronisk tilgjengelege og det er nyleg innført ei ordning med elektronisk melding av avvik.

3. Gjennomføring

Tilsynet omfatta følgjande aktivitetar:

Melding om tilsyn blei sendt 11. februar 2009.

Opningsmøte blei halde 30. mars.

Intervju: 10 personar blei intervjua.

Sluttmøte blei halde 31. mars.

Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er gjeven i kapittel 7 (Dokumentunderlag).

4. Kva tilsynet omfatta

Tilsynet vart avgrensa til å undersøkje om Etne kommune har styring og kontroll med at krav i helselovgjevinga, som gjeld utgreiing og oppfølging av pasientar ved Etne omsorgssenter og føring av pasientjournal, blir oppfylte.

5. Funn

Ved tilsynet blei det ikkje påpeikt avvik frå krav i helselovgjevinga.

6. Regelverk

  • Lov av 19. november 1982 nr. 66 om helsetjenesten i kommunene
  • Lov av 30. mars 1984 nr. 15 om statlig tilsyn med helsetjenesten
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 63 om pasientrettigheter
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 64 om helsepersonell
  • Forskrift av 14. november 1988 nr. 932 om sykehjem og boform for heldøgns omsorg og pleie
  • Forskrift av 21. desember 1385 om pasientjournal
  • Forskrift av 20. desember 2002 nr. 1731 om internkontroll i sosial- og helsetjenesten
  • Forskrift av 28. juni 2003 nr. 792 om kvalitet i pleie- og omsorgstjenesten

7. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold, motteken i samband med førebuing av tilsynet:

  • Organisasjonskart Etne kommune
  • Organisasjonskart pleie- og omsorgseininga
  • Leiarstruktur i pleie- og omsorg våren 2007, delegasjon til avdelingsleiarane
  • Oversikt tilsette i sone 1 og sone 2
  • Introduksjonshefte for nytilsette og vikarar i pleie- og omsorgseininga Etne kommune
  • Prosedyre – opplæring nytilsette/vikarar
  • Program opplæringsdag ferievikarar
  • Skjema mottak av pasient i institusjon
  • Prosedyre – Handtering av journalelement i papirformat (epikriser og liknande)
  • Prosedyre – Legevakt – journalføring i Profil
  • Rutinar legemiddelhandtering
  • Evaluering av omorganiseringsprosess 2007 i pleie- og omsorg Etne kommune
  • Lysark – styringshjul for Etne kommune
  • Lysark – årshjul for Etne kommune
  • Kommunestyresak nr 048/07 - målstyringssystem for Etne kommune
  • Årsmelding 2008 Etne omsorgssenter og Skånevik omsorgssenter

Dokumentasjon som blei gjennomgått under tilsynet:

  • 17 pasientjournalar blei gjennomgått

Korrespondanse mellom verksemda og Helsetilsynet i Hordaland:

  • Melding om tilsyn, brev av 11. februar 2009 til Etne kommune frå Helsetilsynet i Hordaland
  • E-postar 4., 5. og 6. mars 2009 vedlagt opplysningar frå Etne kommune til Helsetilsynet i Hordaland
  • Program for tilsynet, brev av 16. mars 2009 frå Helsetilsynet i Hordaland til Etne omsorgssenter
  • E-post av 18. mars 2009, frå Etne omsorgssenter, v./ Doreen Halleland, til Helsetilsynet i Hordaland
  • Korrigert program, brev av 21. mars 2009 frå Helsetilsynet i Hordaland til Etne omsorgssenter

8. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Deltakere ved tilsynet

Namn

Funksjon / stilling

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Elling Hetland

Rådmann

X

Steinar Mjelde

Rådgjevar Helse- og sosial

X

X

X

Kitty Soltvedt

Einingsleiar pleie- og omsorg

X

X

Doreen Halleland

Avdelingsleiar, sone 1

X

X

X

Astrid Rullestad

Spesialhjelpepleiar i geriatri

X

X

X

Grethe S. Sølvberg

Fagansvarleg sjukepleiar

X

X

X

Leila Hodali

Sjukeheimslege

X

X

X

Bengt Kallevik

Kommuneoverlege

X

X

X

Anne Marie Miljeteig

Sjukepleiar

X

X

X

Ruth Økland

Avdelingsleiar

X

Anita Sørheim

Ergoterapeut

X

X

Torhild Gravelsæther

Sjukepleiar

X

X

X

Frå Helsetilsynet i Hordaland deltok:
Ragnhild Svoen, rådgjevar
Trond K. Haugstvedt, ass. fylkeslege
Karen Reimers, rådgjevar
Anne Grete Robøle, seniorrådgjevar, leiar