Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Vi viser til tidlegare korrespondanse og takkar for retur av utfylt spørjeskjema innan fristen.

Tilsynet blei gjennomført ved at helsetenesta vurderte eigne rutinar for legemiddelhandtering opp mot krava i legemiddelhandteringsforskrifta av 1. mai 2008.

Verksemdene gav deretter tilbakemelding på om eigne rutinar er i samsvar med krava.

Dersom det viste seg at ikkje alle krava var oppfylte, skulle verksemda lage ein plan for retting.

Helsetilsynet i Hordaland sende ut seks spørjeskjema til sjukeheimar og/eller heimesjukepleie i til saman fem kommunar. Frå to verksemder fekk vi tilbakemelding om at den ansvarlege for legemiddelhandteringa vurderer rutinane å vere i samsvar med regelverket. Fire verksemder har funne manglar og har lagt ved plan for retting.

Tilsynet blei gjennomført av rådgjevar Ame Ersad og fylkessjukepleiar Laila Nordheim Alme (leiar).

Heimesjukepleien i Austrheim kommune har meldt tilbake at ekstravakter som ikkje har fått opplæring i legemiddelhandtering og som ikkje er tildelt denne oppgåva, har delt ut legemidlar i helger.
Verksemda vil no tilby opplæring i legemiddelhandtering til fleire, slik at dei som deltek i legemiddelhandteringa har fått opplæring og er tildelt denne oppgåva etter ei individuell vurdering.

Innan 15. desember 2010 ber vi om å få tilbakemelding på kva konkrete tiltak kommunen har gjort for å sikre kompetansen i legemiddelhandteringa i heimesjukepleien. 

Vi takkar for godt samarbeid i samband med gjennomføring av tilsynet.

Generell kommentar på bakgrunn av dokumentasjon frå fleire ulike verksemder

Det kan sjå som verksemdsleiarar ikkje alltid gjer individuelle vurderingar av sjukepleiarar og vernepleiarar med tanke på om den einskilde er kvalifisert til å utføre bestemte oppgåver i legemiddelhandteringa. Det er eit krav i forskrifta at namna på dei som er tildelt dei ulike oppgåvene i legemiddelhandteringa skal gå klart fram av rutinane. Dette gjeld også for sjukepleiarar og vernepleiarar.

Med helsing

Helga Arianson
fylkeslege
Laila Nordheim Alme
fylkessjukepleiar