Helsetilsynet

Samandrag

Denne rapporten gjer greie for dei avvika og merknadene som blei påpeikte innanfor dei områda som blei reviderte. Systemrevisjonen gjaldt følgjande område:

  • Kommunal økonomisk rådgjevingsteneste

Det vart ikkje avdekka avvik eller gitt merknad

Dato: 16.03.10

Jarle Landås
revisjonsleiar
Øystein B Jacobsen
revisor

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon i perioden 01.02.10 – 15.03.10. Revisjonen går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen i dette året.

Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med sosialtenesta etter lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga § 9.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor de tema tilsynet omfattar
  • om tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • om tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd

Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finner grunn til å påpeke betringspotensial

2. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Revisjonsvarsel blei sendt ut 01.02.10. Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Opningsmøte blei halde 10.03.10.

Intervjuer

4 personar blei intervjua.

Oversikt over dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Sluttmøte blei halde 12.03.10.

3. Kva tilsynet omfatta

Tilsynet omfatta undersøking om kommunen har ein tilfredsstillande økonomisk rådgjevingsteneste med særleg vekt på

  • Tilgjenge
  • Kapasitet
  • Kompetanse
  • Utøving

4. Funn

Det vart ikkje avdekka avvik eller gitt merknad.

5. Tilsynsorganet har elles merka seg

Økonomisk rådgjeving er eit prioritert område i Nav Austrheim. Kontoret har ikkje ventetid på tenesta. To personar arbeider med økonomisk rådgjeving, der ein av desse har hovudansvaret og innehar spisskompetanse innanfor fagområdet. I tillegg har kontoret byrja å byggje opp kompetanse hos fleire sakshandsamarar ved at ein tilsett på Nav stat nyleg har deltatt på grunnkurs i økonomisk rådgjeving. Saksdokumentene visar at det i den enkelte sak blir det føreteke kartlegging av den økonomiske situasjonen til brukar og initiert ulike tiltak på bakgrunn av kva problem som føreligg. Det er nyleg etablert eit fagleg nettverk med dei andre kommunane i Nordhordland.

6. Regelverk

  • Lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga.
  • Forskrift om internkontroll i sosial- og helsetjenesten av 20.12.2002 nr. 1731.

7. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei send over da revisjonen blei førebudd:

  • Organisasjonskart
  • Verksemdplan for Nav Austrheim 2009
  • Samarbeidsavtale mellom Austrheim kommune og Arbeids- og velferdsetaten i Hordaland
  • Referat frå partnerskapsmøte 28.01.10
  • Notat om økonomisk rådgjeving i Austrheim kommune

Dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket:

  • Delegasjonsreglement datert 12.11.08
  • Administrativ organisering datert 06.02.08
  • Delegert mynde til Rådmannen med vidaredelegasjon datert 09.04.08
  • Saksmapper frå sakar med økonomisk rådgjeving i 2009 og 2010

Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen:

  • Brev om varsel om tilsyn
  • E-post med oversending av dokument frå kommunen
  • E-post frå fylkesmannen om program for tilsynet

8. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Deltakere ved tilsynet

Namn

Funksjon / stilling

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Mongstad, Olav

Driftssjef

X

X

X

Karlsen, Torunn

Sakshandsamar

X

X

X

Ulvøy, Måfrid Kvamme

Sakshandsamar

X

X

X

Hansen, Torill Heldal

Nav-leiar

X

X

X

Frå tilsynsorganet deltok:

Øystein B Jacobsen, Tor Waardal (observatør) og Jarle Landås (revisjonsleiar)