Helsetilsynet

Vi viser til tidlegare korrespondanse og takkar for retur av utfylt spørjeskjema innan fristen.

Tilsynet blei gjennomført ved at helsetenesta vurderte eigne rutinar for legemiddelhandtering opp mot krava i legemiddelhandteringsforskrifta av 1. mai 2008. Verksemdene gav deretter tilbakemelding på om eigne rutinar er i samsvar med krava. Dersom det viste seg at ikkje alle krava var oppfylte, skulle verksemda lage ein plan for retting.

Helsetilsynet i Hordaland sende ut seks spørjeskjema til sjukeheimar og/eller heimesjukepleie i til saman fem kommunar. Frå fem verksemder fekk vi tilbakemelding om at den ansvarlege for legemiddelhandteringa vurderer rutinane å vere i samsvar med regelverket. Fem verksemder har funne manglar og har lagt ved plan for retting.

Tilsynet blei gjennomført av rådgjevar Arne Erstad og fylkessjukepleiar Laila Nordheim Alme (leiar).

I tilbakemeldinga frå Nordliheimen går det fram at sjukeheimen ikkje har gode nok rutinar for å dokumentere at pasienten har tatt legemidlet.

I plan for retting seier kommunen at dei innan utgangen av oktober månad vil lage prosedyrar som sikrar dokumentasjon av at pasienten har tatt legemiddelet, og gi nødvendig opplæring om dokumentasjon til tilsette.

Helsetilsynet i Hordaland tilrår at dette blir tatt inn som ei presisering i sjukheimen sin prosedyre for legemiddelhandtering og understrekar at nødvendig opplæring er viktig.  

Innan 15. desember 2010 ber vi om å få tilsendt oppdatert prosedyre for legemiddelhandtering og informasjon om kva opplæring som er gitt til personalet for å rette avviket.

Vi takkar for godt samarbeid i samband med gjennomføring av tilsynet.

Generell kommentar på bakgrunn av dokumentasjon fråfleire ulike verksemder

Det kan sjå som verksemdsleiarar ikkje alltid gjer individuelle vurderingar av sjukepleiarar og vernepleiarar med tanke på om den einskilde er kvalifisert til å utføre bestemte oppgåver i legemiddelhandteringa. Det er eit krav i forskrifta at namna på dei som er tildelt dei ulike oppgåvene i legemiddelhandteringa skal gå klart fram av rutinane. Dette gjeld også for sjukepleiarar og vernepleiarar.

Med helsing

Helga Arianson
fylkeslege
Laila Nordheim Alme
fylkessjukepleiar