Rapport frå tilsyn med økonomisk rådgjeving ved Austrheim kommune (2010)
Oppfølging av tilsynet
I dette tilsynet blei det ikkje funne avvik frå lov eller forskrift. Tilsynet er derfor avslutta.
Samandrag
Denne rapporten gjer greie for dei avvika og merknadene som blei påpeikte innanfor dei områda som blei reviderte. Systemrevisjonen gjaldt følgjande område:
- Kommunal økonomisk rådgjevingsteneste
Det vart ikkje avdekka avvik eller gitt merknad
Dato: 16.03.10
Jarle Landås
revisjonsleiar Øystein B Jacobsen
revisor
1. Innleiing
Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon i perioden 01.02.10 – 15.03.10. Revisjonen går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen i dette året.
Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med sosialtenesta etter lov om sosiale tenester i arbeids-og velferdsforvaltninga § 9.
Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:
- kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga
Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.
Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.
- Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
- Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finner grunn til å påpeke betringspotensial
2. Gjennomføring
Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:
Revisjonsvarsel blei sendt ut 01.02.10. Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.
Opningsmøte blei halde 10.03.10.
Intervjuer 4 personar blei intervjua. Oversikt over dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.
Sluttmøte blei halde 12.03.10.
3. Kva tilsynet omfatta
Tilsynet omfatta undersøking om kommunen har ein tilfredsstillande økonomisk rådgjevingsteneste med særleg vekt på -Tilgjenge -Kapasitet -Kompetanse -Utøving
4. Funn
Det vart ikkje avdekka avvik eller gitt merknad.
5. Tilsynsorganet har elles merka seg
Økonomisk rådgjeving er eit prioritert område i Nav Austrheim. Kontoret har ikkje ventetid på tenesta. To personar arbeider med økonomisk rådgjeving, der ein av desse har hovudansvaret og innehar spisskompetanse innanfor fagområdet. I tillegg har kontoret byrja å byggje opp kompetanse hos fleire sakshandsamarar ved at ein tilsett på Nav stat nyleg har deltatt på grunnkurs i økonomisk rådgjeving. Saksdokumentene visar at det i den enkelte sak blir det føreteke kartlegging av den økonomiske situasjonen til brukar og initiert ulike tiltak på bakgrunn av kva problem som føreligg. Det er nyleg etablert eit fagleg nettverk med dei andre kommunane i Nordhordland.
6. Regelverk
- Lov om sosiale tenester i arbeids-og velferdsforvaltninga.
- Forskrift om internkontroll i sosial-og helsetjenesten av 20.12.2002 nr. 1731.
7. Dokumentunderlag
Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei send over da revisjonen blei førebudd:
- Organisasjonskart
- Verksemdplan for Nav Austrheim 2009
- Samarbeidsavtale mellom Austrheim kommune og Arbeids-og velferdsetaten i Hordaland
- Referat frå partnerskapsmøte 28.01.10
- Notat om økonomisk rådgjeving i Austrheim kommune
Dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket:
- Delegasjonsreglement datert 12.11.08
- Administrativ organisering datert 06.02.08
- Delegert mynde til Rådmannen med vidaredelegasjon datert 09.04.08
- Saksmapper frå sakar med økonomisk rådgjeving i 2009 og 2010
Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen:
- Brev om varsel om tilsyn
- E-post med oversending av dokument frå kommunen
- E-post frå fylkesmannen om program for tilsynet
8. Deltakarar ved tilsynet
Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.
Namn |
Funksjon / stilling |
Opningsmøte |
Intervju |
Sluttmøte |
---|---|---|---|---|
Mongstad, Olav |
Driftssjef |
X |
X |
X |
Karlsen, Torunn |
Sakshandsamar |
X |
X |
X |
Ulvøy, Måfrid Kvamme |
Sakshandsamar |
X |
X |
X |
Hansen, Torill Heldal |
Nav-leiar |
X |
X |
X |
Frå tilsynsorganet deltok:
Øystein BJacobsen, Tor Waardal (observatør) og Jarle Landås (revisjonsleiar)