Helsetilsynet

Regelverk:

  • Lov om barneverntenester av 17. juli 1992 nr. 100
  • Forskrift av 11. desember 2003 nr. 1564 om tilsyn i barneverninstitusjonar for omsorg og behandling
  • Forskrift av 6. oktober 2008 nr. 580 om krav til kvalitet i barneveminstitusjonar
  • Forskrift av 12. desember 2002 nr. 1594 om rettar og bruk av tvang under opphald i barneverninstitusjonar
  • Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker av 10. februar 1967

Tilsynet omhandla følgjande emne:

Institusjonens rutinar og praksis for føring av tyangsprotokollar og behandling av klager på bruk av tvang.

Det vart avdekka eit avvik:

BASU sikrar ikkje at tvangsprotokollane er fullstendig.

Det vart ikkje gitt merknad under tilsynet

Dato: 19.10.2010

Eirik Lyssand
revisjonsleder
  Mona Ekelund
revisor

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeida etter tilsyn med Bergen Akuttsenter Ungdom den 19.10.2010. Tilsynet er ein del av fylkesmannens planlagde tilsyn for inneverande år.

Føremålet med tilsynet var å vurdera om Bergen Akuttsenter Ungdom har tilfredsstillande styring i forhold til regelverket som regulerer arbeidet med barn plassert i institusjon. Tema for tilsynet var:

Institusjonens rutinar og praksis for føring av tvangsprotokollar og behandling av klager på bruk av tvang.

Tilsynet vart gjennomført som systemrevisjon og dette inneber gransking av dokument og intervju av personar i organisasjonen.

Tilsynet fokuserer på institusjonen sin oppfylling av krav innanfor oppgitte emne og rapporten viser avvik og merknader som vart avdekka under tilsynet. Rapporten gir såleis ingen fullstendig tilstandsvurdering av institusjonen sitt arbeid med barn.

  • Avvik blir definert som brot på regler gitt i gjeldande lover og forskrifter
  • Merknad er forhold som ikkje blir omfatta av definisjon for avvik, men der tilsynet med utgangspunkt i krav som styresmaktene har satt, avdekker eit forbetringspotensiale.

2. Dokumentunderlag

Fylkesmannen fekk tilsendt følgjande dokument før tilsynet:

  • Organisasjonskart med oversikt over tilsette
  • Del av institusjonsplan Klokkarlia side 17 — 20
  • Prosedyrar Klokkarlia 4.13 tvangsprotokoll, 4.5 gjeimomsøking, 4.6 beslaglegging av rusmidlar og farlege gjenstandar, 4.7 tvang i akutte faresituasjonar, 4.8 rømming og søk etter ungdom.
  • Institusionsplan Kalfaret s 16-1R
  • Prosedyre 7 Kroppsvisitasjon, 8 beslag, 9 ransaking, 10 tvang, 11 uteblivelse og rømming
  • Tvangsprotokollar for Klokkarlia og Kalfaret for tida 01.01.2010 —30.04.2010
  • Tilsynsrapportar etter individtilsyn på BASU i 2010.

Følgjande dokumenter blei lagt fram under tilsynet:

  • Stikkprøvekontroll i ODA.

3. Avvik

BASU sikrar ikkje at tvangsprotokollane er fullstendig.

Avvik frå:

Forvaltningslova §§ 17 of 25. Rettighetsforskrifta § 25. Internkontrollforskrifta § 12,2.1edd pkt g

Kommentar:

Etter fv1. § 17 skal ei sak vere så "så godt opplyst som mulig" før vedtak blir fatta. Protokollen er eit enkeltvedtak. Kravet til protokollføring er satt først og fremst for å sikre notoritet. I vedtaket skal dei faktiske forholda vedtaket byggjer på nemnast (fv1.§ 25). Fylkesmannen skal ved gjennomgang av protokollen kunna prøve om tvangsvedtaket er lovleg og forsvarleg jf. rettighetsforskrifta § 25. I Internkontrollforskrifta § 12,2.1edd pkt g går fram at institusjonen skal utvikle, iverksette, kontrollere, evaluere og forbetre nødvendige prosedyrar, instruksar, rutinar og eller andre tiltak for å avdekke, rette opp og førebyggja overtredelse av bamevernlovgivinga.

Observasjonar:

  • I alle framlagte protokollar frå Klokkarlia manglar etternanm namn på dei som har utført tvangsbruken.
  • I dei same protokollane manglar etternanm på den som står som ansvarleg for avgjerda når dette er andre enn avdelingsleiar.
  • Tilbakemelding i individtilsynsrapport til avd. Klokkarlia datert 22.06 presiserte at fulle namn skal førast i protokoll.
  • Stikkprøver i ODA avdekka at praksis med å utelate etternanm held fram etter at individtilsynsrapporten vart oversendt.
  • Praksis med at avd. Klokkarlia ikkje fører etternamn i tvangsprotokollane vart stadfesta i intervjua.

4. Merknader

Det vart ikkje gitt merknader under tilsynet.

 

5. Tilsynet har elles merka seg

Institusjonen har praksis ved føring av tvangsprotokol1ar som sikrar gode skildringar av hendelsesforløpet. Gjennom intervjua kom det fram at avdelingsleiar går gjennom protokollane og gir ti1bakemeldingar til dei som har ført dei. Føring av skildringar av hendelseseforløpet blir og drøfta med personalet i fellesmøte.

Gjennom intervjua blei det opplyst at institusjonen har ein innarbeidd praksis med å gå gjennom protokollane med bebuarane og tilby dei hjelp til å skrive klage. Dei framlagte protokollane dokumenterer at personalet går gjennom føringane med bebuarane OQ sikrar at deira rettar blir ivaretatt.

6. Gjennomføring

Tilsynet omfatta følgjande aktivitetar:

Varsel vart sendt 09.07.2010

Tilsynet ble gjennomført 19.10.2010

Intervju: Det vart utført intervju med 4 personar.

7. Deltakarar ved tilsynet

I tabellen under er det gitt ein oversikt over deltakarar på opningsmøte og sluttmøte, og kva personar som vart intervjua.

Deltakere ved tilsynet

Namn

Funksjon / stilling

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Bjarte Gripnar

Leiar

X

X

X

Anne Mette Åsheim

Avd.leiar

X

X

X

Lene Davøen

Psykolog

X

 

X

Jon Anders Schei

Miljøterapeut

X

X

X

Annika Larsen

Miljøarbeider

 

X

X

Frå fylkesmannen deltok Mona Ekelund og Eirik Lyssand, med sistnemnde som revisjonsleiar.