Rapport frå tilsyn med økonomisk rådgjevingsteneste Bømlo kommune 2010
Oppfølging av tilsynet
I dette tilsynet blei det ikkje funne avvik frå lov eller forskrift. Tilsynet er derfor avslutta.
Samandrag
Denne rapporten gjer greie for dei avvika og merknadene som blei påpeikte innanfor dei områda som blei reviderte. Systemrevisjonen gjaldt følgjande område:
- Kommunal økonomisk rådgjevingsteneste
Det vart ikkje avdekka avvik eller gitt merknad.
Dato: 22.04.10
Jarle Landås
revisjonsleiar Øystein B Jacobsen
revisor
1. Innleiing
Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved i perioden 16.02.10-22.04.10. Revisjonen går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen i dette året.
Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med sosialtenesta etter lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga § 9.
Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:
- kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor de tema tilsynet omfattar
- at tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
- at tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd
Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.
Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.
- Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
- Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finner grunn til å påpeke betringspotensial
2. Gjennomføring
Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:
Revisjonsvarsel blei sendt ut 16.02.10. Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.
Opningsmøte blei halde 20.04.10.
Intervjuer
6 personar blei intervjua.
Oversikt over dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.
Sluttmøte blei halde 21.04.10.
3. Kva tilsynet omfatta
Om kommunen har ein tilfredsstillande økonomisk rådgjevingsteneste med særleg vekt på
- Tilgjenge
- Kapasitet
- Kompetanse
- Utøving
4. Funn
Det vart ikkje avdekka avvik eller gitt merknad
5. Regelverk
Lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga.
6. Dokumentunderlag
Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei send over da revisjonen blei førebudd:
- Organisasjonskart
- Oppstilling av ansvar for leiarane ved Nav Bømlo
- Oversikt over personell med ansvar for økonomisk rådgjeving med oversikt over opplæring
- Opplæringsplan pr. 12.03.10
- Utdrag frå rutinehandbok sosiale tenester (økonomisk rådgjeving)
- Oversikt over personar som har fått økonomisk rådgjeving i 2009
- Oversikt over personar som venter på økonomisk rådgjeving pr. 25.02.10
- Utskrift frå KF infoserie
- Utskrift frå Nav.NO, informasjon om økonomisk rettleiing
Dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket:
- Utval av saksmappar for personar som har motteke økonomisk rådgjeving i 2009
Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen:
- Varsel om tilsyn datert 16.02.10
- E-post med detaljert program for tilsynet
7. Deltakarar ved tilsynet
Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.
Namn |
Funksjon / stilling |
Opningsmøte |
Intervju |
Sluttmøte |
---|---|---|---|---|
Anne Marie Ø Mo |
X |
|||
Elin Brufladt |
Leiar Nav Bømlo |
X |
X |
X |
Elin Brufladt |
X |
|||
Elisabeth Haugen |
Sosialfagleg ansvarleg |
X |
X |
X |
Ellen Nøstbakken |
X |
X |
||
Elna Selvik Tornes |
X |
|||
Frida Skaugh |
||||
Frode Hauge |
X |
X |
X |
|
Hanne Synnøve Tislavoll |
X |
|||
Hjørdis Agasøster |
X |
|||
Joan Hausen |
X |
|||
Rigmor Svanberg |
Kommunalsjef |
X |
X |
|
Sverre Olav Svarstad |
Rådmann |
X |
||
Synnøve Sørvik |
X |
|||
Vigdis Økland |
X |
X |
||
Wenche Tverdal |
X |
X |
X |
Frå tilsynsorganet deltok:
Øystein B Jacobsen, revisor
Jarle Landås, revisjonsleiar
Cathinka By, observatør (Statens helsetilsyn)