Rapport frå tilsyn med legemiddelhandteringa Fedje kommune 2010 - avslutting av tilsynet
Oppfølging av tilsynet
I dette tilsynet blei det ikkje funne avvik frå lov eller forskrift. Tilsynet er derfor avslutta.
Vi viser til tidlegare korrespondanse og takkar for retur av utfylt spørjeskjema innan fristen.
Tilsynet blei gjennomført ved at helsetenesta vurderte eigne rutinar for legemiddelhandtering opp mot krava i legemiddelhandteringsforskrifta av 1. mai 2008.
Verksemdene gav deretter tilbakemelding på om eigne rutinar er i samsvar med krava.
Dersom det viste seg at ikkje alle krava var oppfylte, skulle verksemda lage ein plan for retting.
Helsetilsynet i Hordaland sende tidlegare i haust ut seks spørjeskjema til sjukeheimar og/eller heimesjukepleie i til saman fem kommunar. Frå to verksemder fekk vi tilbakemelding om at den ansvarlege for legemiddelhandteringa vurderer rutinane å vere i samsvar med regelverket. Fire verksemder har funne manglar og har lagt ved plan for retting.
Tilsynet blei gjennomført av rådgjevar Arne Erstad og fylkessjukepleiar Laila Nordheim Alme (leiar).
Pleie og omsorgstenesta i Fedje kommune opplyser at rutinane for legemiddelhandtering er i samsvar med regelverket. I samband med tilsynet har kommunen utarbeidd prosedyrar og retningsliner for legemiddelhandtering i pleie- og omsorgstenesta. Det er og gjort ei risikoanalyse og utarbeidd ein handlingsplan på bakgrunn av denne. Vi ser ikkje at behovet for kompetanse er med i risikovurderinga og tilrår at dette blir tatt inn og vurdert ved gjennomgang og evaluering av verksemda.
Tilsynet blir avslutta.
Vi takkar for godt samarbeid i samband med gjennomføring av tilsynet.
Generell kommentar på bakgrunn av dokumentasjon frå ti ulike verksemder
Det kan sjå som verksemdsleiarar ikkje alltid gjer individuelle vurderingar av sjukepleiarar og vernepleiarar med tanke på om den einskilde er kvalifisert til å utføre bestemte oppgåver i legemiddelhandteringa. Det er eit krav i forskrifta at namna på dei som er tildelt dei ulike oppgåvene i legemiddelhandteringa skal gå klart fram av rutinane. Dette gjeld også for sjukepleiarar og vernepleiarar.
Med helsing
Helga Arianson
fylkeslege Laila Nordheim Alme
fylkessjukepleiar