Helsetilsynet

Regelverk:

  • Lov om barneverntenester av 17. juli 1992 nr. 100
  • Forskrift av 11. desember 2003 nr. 1564 om tilsyn i barnevernsinstitusjonar for omsorg og behandling
  • Forskrift av 6. oktober 2008 nr. 580 om krav til kvalitet og internkontroll i barnevernsinstitusjonar
  • Forskrift av 12. desember 2002 nr. 1594 om rettar og bruk av tvang under opphald i barnevernsinstitusjon
  • Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker av 10. februar 1967
  • Forskrift av 27. oktober 2003 nr. 1283 om godkjenning av private og kommunale institusjonar som skal nyttast for barn som vert plassert utanfor heimen med heimel i barnevernlova

Tilsynet omhandla følgjande emne: Teieplikt og handtering av opplysningar der det er krav om teieplikt

Det vart avdekka eit avvik under tilsynet:

Avdeling Knutsatunet ressurssenter sikrar ikkje at reglane om teleplikt vert overhaldt ved utlevering av opplysningar til samarbeidspartnarar og andre.

Det vart ikkje gitt merknad under til tilsynet

Dato: 15.12.2010

Vibeke Herskedal
revisjonsleiar
Hilde Ordemann
revisor

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeida etter tilsyn med Knutsatunet ressurssenter den 29.11.2010. Tilsynet er ein del av fylkesmannens planlagde tilsyn for inneverande år.

Føremålet med tilsynet var å vurdera om Knutsatunet ressurssenter har tilfredsstilIande styring i forhold til regelverket som regulerer arbeidet med barn plassert i institusjon. Tema for tilsynet var:

Teieplikt og handtering av opplysningar der det er krav om teieplikt, jf. barnevernlova § 6-7 og forvaltningslova § 13 flg.

Tilsynet vart gjennomført som systemrevisjon og dette inneber gransking av dokum’ent og intervju av personar i organisasjonen.

Tilsynet fokuserer på institusjonen sin oppfylling av krav innanfor oppgitte emne og rapporten viser avvik og merknader som vart avdekka under tilsynet. Rapporten gir såleis ingen fullstendig tilstandsvurdering av institusjonen sitt arbeid med barn.

  • Avvik blir definert som brot på regler gitt i gjeldande lover og forskrifter
  • Merknad er forhold som ikkje blir omfatta av definisjon for avvik, men der ti1synet med utgangspunkt i krav som styresmaktene har satt, avdekker eit forbetringspotensiale.

2. Dokumentunderlag

Fylkesmannen fekk tilsendt følgjande dokument før tilsynet:

  • Organisasjonskart — fosterheimstenesta
  • Fonna Institusjonsplan — avdeling Knutsatunet
  • Oversikt over tilsette, liste med namn, stilling, dato for tilsetting og utdanning
  • Prosedyrehandbok
    - vern om bebuar sin personlege
    - integritetinformasjon om bebuar sine rettar
    - tilgang til å bevege seg fritt bebuar sin korrespondanse
    - telefonbruk på institusjonen medisinsk tilsyn og behandling innsyn i opplysningar
    - ransaking av bebuar sitt rom og eigendelar
    - belaglegging av rusmidlar og farlege gjenstandar
    - utebliving og rømming
    - vold og truslar om vold
    - tvang i akutte faresituasjonar
    - handtering av brot på teieplikta

    - opplæring av nytilsette og ekstravakter
  • Prosedyre — oppretting av miljøkontakt ved korte observasjon og kartleggingsopphald
  • Prosedyre for miljøterapi

Følgjande dokumenter blei lagt fram under tilsynet:

  • Erklæring/samtykke til opphald ved Knutsatunet ressurssenter
  • Erklæring om teieplikt for personar som utfører tenester eller arbeid ved Bufetat

3. Avvik

Det vart avdekka eit avvik:

Avdeling Knutsatunet ressurssenter sikrar ikkje at reglane om teieplikt vert overhaldt ved utlevering av opplysningar til samarbeidspartnarar og andre.

Avvik frå: Lov om barneverntenester § 6-7, forvaltningslova § 13 fig. og forskrift om krav til kvalitet og internkontroll i barnevernsinstitusjonar kapittel 2.

Kommentar:
Etter lov om barneverntenester § 6-7 og forvaltningslova (fv1) § 13 har tilsette ved institusjonen plikt til å hindre at andre får kjennskap til det vedkommande får vite om nokon sitt personlege forhold i samband med arbeidet. Opplysningar kan likevel bli gitt til andre blant anna når det ligg føre samtykke frå den opplysningane gjeld, opplysningane er alminneleg kjende, når det er nødvendig å gje andre forvaltningsorgan opplysningar for å fremme institusjonen sine oppgåver eller for å førebyggja fare for liv eller alvorleg skade på nokon si helse. Etter kvalitetsforskrifta § 10 har institusjonen plikt til å ha intemkontroll, det vil seie eit styringssystem med tilstrekkelege tiltak som skal sikre at lovkrav vert halde, deriblant teieplikta. Internkontrollen skal ha det omfang og grad av skriftleggjering som er nødvendig for å etterleve krav i lovgjevinga.

Avviket byggjer på følgjande observasjonar:

  • Institusjonen har ikkje systematisk opplæring av dei tilsette i kva reglane om teieplikt inneber for å sikre lik praksis i samsvar med reglane. Det er ikkje føreteke ei risikovurdering når det gjeld reglane om teieplikt for når og i kva situasjonar det er fare for svikt i dei ulike delane av organisasjonen, dvs frå leiar til vikar/ekstravakter.
  • Institusjonen har ikkje rutinar som sikrar at leiinga ved institusjonen er kjent med tilsette sin kompetanse når det gjeld teieplikt.
  • Institusjonen har ikkje retningsliner for handtering av når opplysningar som er omfatta av teieplikta likevel kan bli gitt fordi det er grunnlag for å oppheve teieplikta. Til dømes er det ikkje tatt stilling til korleis imihenting av samtykke skal gjerast og ein har ikkje tatt stilling til kven som skal samtykke i det enkelte tilfelle ut ifrå kven som har partsrettar. Det er til dømes ikkje tatt stilling til kva betyding ungdommen sin alder har for å gje samtykke, og om plasseringsheimelen har betyding.

4. Merknader

Det vart ikkje gitt merknader under tilsynet.

5. Gjennomføring

Tilsynet omfatta følgjande aktivitetar:

Varsel vart sendt pr. e-post den 21.11.10 etter samtale med institusjonen.

Tilsynet ble gjennomført 29.11.2010.

Intervju: Det vart utført intervju med 4 personar.

6. Deltakarar ved tilsynet

I tabellen under er det gitt ein oversikt over deltakarar på opningsmøte og sluttmøte, og kva personar som vart intervjua.

Deltakere ved tilsynet

Namn

Funksjon / stilling

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Pål Johnsen

Avdelingsleiar, Knutsatunet ressurssenter

X

X

X

Jakob Bråtå

Leiar, Fosterheimstenesta i Fonna

X

X

X

Dag Inge Jacobsen

Miljøarbeidar

X

X

X

Ingrid Eskeland

Miljøterapeut

X

X

X

Frå fylkesmannen deltok:
Hilde Ordemann og Vibeke Herskedal, med sistnemnde som revisjonsleiar.