Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Regelverk:

  • Lov om barneverntenester av 17. juli 1992 nr. 100
  • Forskrift av 11. desember 2003 nr. 1564 om tilsyn i barnevernsinstitusjonar for omsorg og behandling
  • Forskrift av 6. oktober 2008 nr. 580 om krav til kvalitet og internkontroll i barnevernsinstitusjonar
  • Forskrift av 12. desember 2002 nr. 1594 om rettar og bruk av tvang under opphald i barnevernsinstitusjon
  • Forskrift av 15. oktober 1999 nr. 1090 om politiattest i henhold til barnevernloven Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker av 10. februar 1967

Tilsynet omhandla følgjande emne:

  • Førebygging og handtering av fysiske, psykiske og seksuelle overgrep mot bebuar i og utanfor institusjon

Det vart ikkje avdekka avvik under tilsynet

Det vart ikkje gitt merknad under tilsynet

Vibeke Herskedal
revisjonsleiar

Magnhild Hollund 
revisor

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeida etter tilsyn med Jentespranget AS den 9.11.2010. Tilsynet er ein del av fylkesmannens planlagde tilsyn for inneverande år.

Føremålet med tilsynet var å vurdera om Jentespranget AS har tilfredsstillande styring i forhold til regelverket som regulerer arbeidet med barn plassert i institusjon. Tema for tilsynet var: Førebygging og handtering av fysiske, psykiske og seksuelle overgrep mot bebuar i og utanfor institusjon.

Tilsynet vart gjennomført som systemrevisjon og dette inneber gransking av dokument og intervju av personar i organisasjonen.

Tilsynet fokuserer på institusjonen sin oppfylling av krav innanfor oppgitte emne og rapporten viser avvik og merknader som vart avdekka under tilsynet. Rapporten gir såleis ingen fullstendig tilstandsvurdering av institusjonen sitt arbeid med barn.

  • Avvik blir definert som brot på regler gitt i gjeldande lover og forskrifter
  • Merknad er forhold som ikkje blir omfatta av definisjon for avvik, men der tilsynet med utgangspunkt i krav som styresmaktene har satt, avdekker eit forbetringspotensiale.

2. Dokumentunderlag

Fylkesmannen fekk tilsendt følgjande dokument før tilsynet:

  • Organisasjonskart Namn på alle tilsette som er tilsett dei siste to år med dato for første dag på jobb
  • Politiattestar for tilsette dei siste to år
  • Rutine for handsaming av overgrep/mistanke om overgrep frå tilsette, revidert 18.1.07
  • Førebygging og handsaming av fysiske og seksuelle overgrep /mistanke om overgrep, revidert 19.1.09
  • Husreglar Kopi av referat frå husmøte Jentespranget 2010
  • Opplæringsplan — plan for vidare opplæring og individuelle planar for nytilsette, fagpersonell og leiinga/administrasjon
  • Gjennomførte kurs i 2010

Følgjande dokumenter blei lagt fram under tilsynet:

  • Tvangsprotokollane for 2009 og 2010
  • Bebuarmapper,
  • 5 mapper Perm — behandlingsmøte

3. Avvik

Det vart ikkje funne grunnlag for avvik under tilsynet:

4. Merknader

Det vart ikkje gitt merknader under tilsynet.

5. Gjennomføring

Tilsynet omfatta følgjande aktivitetar: Varsel vart sendt 24.8.2010. Tilsynet vart gjennomført og sluttmøte vart halde 9.11.2010. Intervju: Det vart utført intervju med 5 personar.

6. Deltakarar ved tilsynet

I tabellen under er det gitt ein oversikt over deltakarar på opningsmøte og sluttmøte, og kva personar som vart intervjua.

Deltakere ved tilsynet

Namn

Funksjon / stilling

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Gro Valvatne

Leiar

X

X

X

Gro Ertkjern Bommen

Nestleiar

X

X

X

Thorlak Sigvaldason

Miljøterapeut

X

X

X

Aud Amti Myhre

Vikar, miljøterapeut

X

X

X

Sigfrid Sætrevik

Koordinator Fase 2

X

X

X

Frå fylkesmannen deltok
Magnhild Hollund, Randi Alma Flataker (observatør)og Vibeke Herskedal, med sistnemnde som revisjonsleiar.