Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Vi viser til tidlegare korrespondanse og takkar for retur av utfylt spørjeskjema innan fristen.

Tilsynet blei gjennomført ved at helsetenesta vurderte eigne rutinar for legemiddelhandtering opp mot krava i legemiddelhandteringsforskrifta av 1. mai 2008. Verksemdene gav deretter tilbakemelding på om eigne rutinar er i samsvar med krava. Dersom det viste seg at ikkje alle krava var oppfylte, skulle verksemda lage ein plan for retting.

Helsetilsynet i Hordaland sende ut ti spørjeskjema til sjukeheimar og/eller heimesjukepleie i til saman åtte kommunar. Frå fem verksemder fekk vi tilbakemelding om at den ansvarlege for legemiddelhandteringa vurderer rutinane å vere i samsvar med regelverket. Fem verksemder har funne manglar og har lagt ved plan for retting.

Tilsynet blei gjennomført av rådgjevar Arne Erstad og fylkessjukepleiar Laila Nordheim Alme (leiar).

Eining for heimetenester i Lindås kommune har gitt tilbakemelding om eitt avvik: Personell deler ut legemiddel utan å ha fått opplæring og er blitt tildelt oppgåva.

I plan for retting går det fram at verksemda har som utganspunkt at vikarar skal ha helsefagleg kompetanse og vil arbeide kontinuerleg for å rekruttere fleire fagpersonar til å ta ekstravakter. Einingsleiar skal følgje med på situasjonen ved gjennomgang av avviksmeldingar for dei siste tre kvartala i 2010 og kommunen tek sikte på å lukke avviket innan15. januar 2011.

Kommentar: Alle som deltek i legemiddelhandtering, uavhengig av profesjon og om dei er autoriserte som helsepersonell, skal ha opplæring i legemiddelhandtering. I tillegg skal verksemdsleiar gjere ei vurdering av kompetansen til kvar einskild som skal delta i legemiddelhandteringa, også personell med treårig helsefagleg utdanning (sjukepleiarar og vernepleiarar). Denne vurderinga skal verksemdsleiar gjere i samarbeid med ein fagleg rådgjevar, dersom ho sjølv ikkje har legemiddelkompetanse, dvs. at ho er lege eller farmasøyt.

I prosedyren for legemiddelhandtering for Lindås kommune som låg ved utfylt spørjeskjema, går det ikkje fram at det blir gjort individuell vurdering av kompetansen til sjukepleiarar og vernepleiarar før dei blir tildelt oppgåver i legemiddelhandteringa.

Innan 15. september 2010 ber vi om å få tilbakemelding om korleis leiinga sikrar opplæring og vurdering av kompetanse hos alle som har oppgåver i legemiddelhandteringa.

Vi takkar for godt samarbeid i samband med gjennomføring av tilsynet.

Med helsing

Helga Arianson
fylkeslege
Laila Nordheim Alme 
fylkessjukepleiar