Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Vi viser til tidlegare korrespondanse og takkar for retur av utfylt spørjeskjema innan fristen.

Tilsynet blei gjemomført ved at helsetenesta vurderte eigne rutinar for legemiddelhandtering opp mot krava i legemiddelhandteringsforskrifta av 1. mai 2008.
Verksemdene gav deretter tilbakemelding på om eigne rutinar er i samsvar med krava. Dersom det viste seg at ikkje alle krava var oppfylte, skulle verksemda lage ein plan for retting.

Helsetilsynet i Hordaland sende tidlegare i haust ut seks spørjeskjema til sjukeheimar og/eller heimesjukepleie i til saman fem kommunar. Frå to verksemder fekk vi tilbakemelding om at den ansvarlege for legemiddelhandteringa vurderer rutinane å vere i samsvar med regelverket. Fire verksemder har funne manglar og har lagt ved plan for retting.

Tilsynet blei gjennomført av rådgjevar Arne Erstad og fylkessjukepleiar Laila Nordheim Alme (leiar).

I plan for retting går det fram at det er funne to avvik:

  • Verksemda har skriftlege prosedyrar for legemiddelhandteringa, men at dei ikkje er oppdaterte.
  • Verksemda har ikkje rutinar som sikrar at personell so har oppgåve å dele ut istandgjorte legemiddel dokumenterer at pasienten har teke legemiddelet.

Det blir no sett i gang eit arbeid i kommunen som skal sikre at prosedyrar og praksis er i samsvar med gjeldande forskrift. Arbeidet er planlagt ferdig ved utgangen av november 2010.

Innan 15. desember 2010 ber vi om å få tilsendt oppdaterte prosedyrar og informasjon om korleis kommunen sikrar opplæring til tilsette om legemiddelhandteringa i samband med nye og endra rutinar.

Vi takkar for godt samarbeid i samband med gjennomføring av tilsynet.

Generell kommentar på bakgrunn av dokumentasjon frå fleire ulike verksemder:

Det kan sjå som verksemdsleiarar ikkje alltid gjer individuelle vurderingar av sjukepleiarar og vernepleiarar med tanke på om den einskilde er kvalifisert til å utføre bestemte oppgåver i legemiddelhandteringa. Det er eit krav i forskrifta at namna på dei som er tildelt dei ulike oppgåvene i legemiddelhandteringa skal gå klart fram av rutinane. Dette gjeld også for sjukepleiarar og vernepleiarar.

Med helsing

Helga Arianson
fylkeslege

Laila Nordheim Alme
fylkessjukepleiar