Helsetilsynet

Samandrag

Denne rapporten gjer greie for funn innanfor dei områda som blei reviderte. Systemrevisjonen gjaldt følgjande område:

  • Barns sin rett til samver med andre, eit meiningsfullt daglegliv og deltaking i fritidsaktivitetar
  • Ivaretaking av barn med spesielle ernæringsbehov
  • Pleie og omsorg tilpassa barnet sin helsetilstand
  • Forsvarleg legemiddeIhandtering
  • Fysisk tilrettelegging for barna

Det blei ikkje funne avvik innanfor dei reviderte områda.

Dato 15.04.2010

Jarle Landås
seniorrådgjevar/ revisjonsleiar
Laila Nordheim Alme
fylkessjukepleiar/ revisor

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved i perioden 25. mars — 9. april 2010.

Revisjonen går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen og Helsetilsynet i Hordaland i dette året. Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med sosialtenesta etter lov om sosiale tenester § 2-6. Helsetilsynet i fylket har fullmakt til å føre tilsyn med helsetenesta etter lov om statleg tilsyn med helsetenesta § 2.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor de tema tilsynet omfattar
  • tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd

Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i medhald av lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finner grunn til å påpeke betringspotensial

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Eining for pleie og omsorg, tenester for psykisk utviklingshemma, har ansvaret for avlasting til barn i avlastingsbustad. Bustaden er eit sokkelhusvere i Tednabakkane bu- og omsorgssenter og kan berre gi avlasting til eitt barn om gongen. Fire brukarar får pr. i dag avlasting i bustaden og kapasiteten er då fullt utnytta.

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Revisjonsvarsel blei sendt ut 16. februar 2010. Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Opningsmote blei halde 7. april 2010.

Intervju 6 personar blei intervjua.

Oversikt over dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Det blei gjennomført synfaring i avlastingsbustaden og samtale med mor til eitt av barna som får avlasting i bustaden, 25.03.2010.

Sluttmøte blei halde 9. april 2010.

4. Kva tilsynet omfatta

Tilsynet omfatta fem område som til saman skal vise om kommunen gjennom internkontrollen sikrar forsvarlege helse- og sosialtenester til barn i barne- og avlastingsbustader.

Område 1:
Om kommunen planlegg og gjennomfører tiltak i den daglege tenesteytinga som ivaretek det einskilde barn sitt behov for variert og tilpassa aktivitet og sosialt samvær

Område 2:
Om kommunen planlegg og gjennomfører tiltak for å dekke det einskilde barn sitt ernæringsbehov

Område 3:
Om kommunen planlegg og gjennomfører tiltak for å yte pleie og omsorg tilpassa det einskilde barn sine behov

Område 4:
Om kommunen sikrar forsvarleg legemiddelhandtering i avlastingsbustaden

Område 5:
Om kommunen planlegg og gjennomfører tiltak som gjer bustaden fysisk tilrettelagt på bakgrunn av kunnskap om det einskilde barn sitt behov

 

5. Funn

Det blei ikkje gitt avvik eller merknad ved tilsynet.

6. Tilsynet har for øvrig merka seg

Barna har fast personale som deltek i samarbeidsmøte med føresette, skule og andre. Iplos blir nytta som kartleggingsverkty. Kommunen har utarbeidd eit skjema til bruk ved kartlegging av nye brukarar.

Uteområdet er usikra og difor lite brukt. Det blir no sett i gang arbeid med sikring av uteområdet. Ein nærliggjande barnehage blir brukt som uteleikeområde.

Avlastingstilbodet blir utvida med eitt husvere til frå hausten 2010, og Øygarden kommune har sett av kr 500 000 på inneverande års budsjett til planlegging av nybygg som mellom anna skal innehalde avlastingsbustad(ar) for barn.

7. Regelverk

  • Lov om sosiale tjenester m.v. av 13.12.1991 Lov om helsetjenesten i kommunene av 19.11.1992
  • Lov om helsepersonell av 02.07.1999
  • Forskrift om kvalitet i pleie-og omsorgstjenestene av 27.02.2003
  • Forskrift om pasientjournal av 21.12. 2000 Forskrift om legemiddelhåndtering i virksomheter som yter helsehjelp av 03.04.2008
  • Forskrift om internkontroll i sosial- og helsetjenesten av 20.12. 2002

8. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei send over da revisjonen blei førebudd:

  • Organisasjonskart for Øygarden kommune
  • Organisasjonskart for pleie- og omsorgstenesta
  • Oversyn over tilsette, stilling og stillingsstorleik
  • Delegasjonsreglement so viser fullmakter
  • Årsmelding 2008
  • Opplæringsplan for pleie-og omsorg 2010
  • Retnings1inerfor legemiddelhandtering
  • Informasjon om avlasting til barn og unge
  • Kartleggingsskjema og andre verkty til bruk i avlastingsbustaden
  • Kvalitetssystem for pleie- og omsorgstenesta i Øygarden —innhaldsoversyn
  • Kvalitetsmål for Ternholmsenteret
  • Brukarmedverknad
  • Oversikt over brukarane, tal, alder, opphald dei har vedtak om.

Dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket (25.03.2010):

  • Gjennomgang av saksmapper
  • Gjennomgang av brukarmapper

Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen:

  • Brev av 16. februar 2010 til Øygarden kommune frå Fylkesmannen/ Helsetilsynet i Hordaland med melding om tilsyn
  • Brev av 2. mars 2010 til Fylkesmannen/ Helsetilsynet i Hordaland frå Øygarden kommune vedlagt etterspurt dokumentasjon
  • E-post av 19 mars 2010 til Øygarden kommune frå Fylkesmannen/ Helsetilsynet i Hordaland med program for tilsynet

9. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Deltakere ved tilsynet

Namn

Funksjon / stilling

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Hernar, Merete Tholo

Vernepleiar

X

X

X

Landro, Britt Jorunn

Einingsleiar

X

X

X

Oen, Anne Sissel

Rehabiliteringskonsulent

   

X

Ryland, Monica H.

Barne- og ungdomsarbeidar, nattevakt

X

X

 

Straume, Kristin

Fagansvarleg

X

X

X

Sæter, Torgeir

Rådmann

   

X

Turøy, Anny K.

Omsorgsarbeidar

X

X

X

Vik, Åse

Kommunalsjef

X

X

 


Frå tilsynet deltok:

Jarle Landås, seniorrådgjevar/ revisjonsleiar
Hilde Ordemann, rådgjevar
Laila Nordheim Alme, fylkessjukepleiar/ revisor