Rapport frå tilsyn med sakshandsaming ved avlasting til omsorgsytarar til eldre i Øygarden kommune 2010
Oppfølging av tilsynet
Ved dette tilsynet blei det konstatert avvik frå lov eller forskrift. Tilsynsmyndigheita har vurdert dei tiltaka som er sette i verk som tilstrekkelege. Tilsynet er derfor avslutta.
Samandrag
Tilsynet er avgrensa til å gjelde sakshandsaminga ved tildeling av avlasting for omsorgsytarar til eldre. 15 saker vart gjennomgått og vurdert. Tilsynet såg etter om sakshandsaminga er i samsvar med krava i forvaltningslova når det gjeld saksutgreiing og individuell vurdering av omsorgsytar og hjelpetrengjande sitt behov, og om krava til utforming av vedtaka er ivaretekne når det gjeld grunngjeving, innhald og informasjon om klage.
I sju saker er det ikkje dokumentert at kommunen har gjort ei tilstrekkeleg individuell vurdering av situasjonen til omsorgsytar og den hjelpetrengjande i samband med val av lengde på avlastingsopphaldet.
Alle sakene vi gjekk gjennom mangla ei skriftleg vurdering av om vilkåra i sosialtenestelova § 4-3 var oppfylt.
I seks vedtak er det opplyst feil heimel for klage og feil klageinstans.
Dato: 26.5.2010
Hilde Ordemann
rådgjevar Anne Kristine Breivik
seniorrådgjevar
1. Innleiing
Rapporten er utarbeidd etter felles tilsyn med Øygarden kommune den 25.3.2010 gjennomført av Fylkesmannen og Helsetilsynet i Hordaland.
Fylkesmannen i Hordaland fører tilsyn med dei sosiale tenestene med heimel i Lov om sosiale tjenester § 2-6. Helsetilsynet i Hordaland fører tilsyn med helsetenester med heimel i Lov om statlig tilsyn med helsetjenesten § 2.
Tilsynet inngår som ein del av Statens Helsetilsyn si satsing på tilsyn med tenester til eldre og vert gjennomført som eit landsomfattande tilsyn. Satsinga skal pågå i perioden 2009-2012 og omfattar heile tenestetilbodet til eldre; kommunale sosial- og helsetenester, spesialisthelseteneste og samhandling mellom nivåa.
Dette tilsynet er avgrensa til å gjelde kommunen si handsaming av saker som gjeld avlasting for omsorgsytarar til eldre. Føremålet med tilsynet er å undersøke at kommunane dekkjer behovet for avlasting for omsorgsytarar som har omsorg for eldre, uavhengig av om behovet vert imøtekomme gjennom avlastingstiltak etter sosialtenestelova eller som del av grunnlag for tildeling av korttidsplass etter kommunehelsetenestelova.
2. Gjennomføring
Tilsynet vart gjennomført ved stikkprøver av skriftleg dokumentasjon i 15 saker der det var søkt om avlastingstiltak for omsorgsytarar til eldre, eller korttidsopphald som ikkje utelukkande var grunngjeve ut i frå pasienten sitt behov for tenester.
Gjennomgang av sakene vart føreteke den 25.3.2010.
3. Kva tilsynet omfatta
Vi har ved gjennomgangen av sakene sett på:
- Om kommunen har utgreidd saka slik forvaltningsloven §§ 16 og 17 krev før vedtak i saka er treft. Føremålet med ei slik utgreiing er å bidra til at vedtak vert treft på rett grunnlag, samt å motverke at feil eller utanforliggjande omsyn vert lagt til grunn. Som grunnlag for dette er det sett på korleis kartlegging av den hjelpetrengande skjer, samt at det er gjort ei tilstrekkeleg individuell vurdering av situasjonen både for omsorgsytar og den hjelpetrengande.
- Om vedtaket er fatta i samsvar med krava i forvaltningslova kapittel V. Det er undersøkt om vedtaka er grunngjevne og om grunngjevinga er tilstrekkeleg for partane til å forstå kva for hjelp som skal ytast. Eventuelt om eit avslag er grunngjeve på ein slik måte at det er mogleg for partane å vurdere om det er grunnlag for klage. Vidare er det sett på om partane i saka er informert om vedtaket i samsvar med krav i lova, herunder om det går fram av vedtaket om det er heilt eller delvis innvilga, eventuelt avslått.
Under tilsynet gjekk vi gjennom 15 saker som kommunen hadde plukka ut på førehand etter nærmare bestemte kriterium avklart i telefonsamtaler mellom verksemda og Fylkesmannen og Helsetilsynet i Hordaland.
4. Funn
I sju saker er det ikkje dokumentert at kommunen har gjort ei tilstrekkeleg individuell vurdering av situasjonen til omsorgsytar og den hjelpetrengjande i samband med val av lengde på avlastingsopphaldet.
I sju saker der den hjelpetrengjande og/eller omsorgsytar hadde fremja ein open søknad om avlasting, det vil seie at det ikkje var spesifisert i søknaden for kva eller kor lang periode dei ønskjer avlasting. Kommunen må i slike tilfelle avklare med søkjar kva dei eigentleg søker om, og det må gå fram av saka at ei slik avklaring er gjort. Det var i dei nemnde sakene ikkje mogleg å sjå ut i frå saksdokumenta om slik avklaring var gjort, jf forvaltningslova § 17, og heller ikkje om det var gjort ei individuell vurdering av saka, jf sosialtenestelova § 4-3, jf § 42 b). Det kan synast som om det er praksis at kommunen tildeler eit to eller tre vekers avlastingsopphald på sjukeheimen når dei får slike opne søknader om avlasting. I nokre av sakane gjekk det ikkje fram av saksdokumenta om søknaden var heilt eller berre delvis innvilga. Ved delvis innvilging av ein søknad, skal det samstundes gjevast avslag på det som er søkt om, men ikkje innvilga. Dette må gå klart frem av vedtaket. I tilfelle der kommunen gjer heilt eller delvis avslag, vert det stilt strengare krav til grunngjevinga enn der kommunen innvilgar ein søknad og det ikkje er grunn til å tru at nokon av partane er misnøgde med vedtaket. Dette går fram av forvaltningslova §§ 24 og 25.
I alle sakene tilsynet gjekk gjennom mangla ei skriftleg vurdering av om vilkåra i sosialtenestelova § 4-3 var oppfylt.
I dei aller fleste vedtaka viste kommunen til rett lovheimel for handsaming av søknaden, sosialtenestelova § 4-3 jfr. § 4-2, b). I vurderinga av om vilkår for avlasting var oppfylt, mangla i alle vedtaka ei vurdering av, og konklusjon i høve om vilkåra i § 4-3 var oppfylt. Det er berre aktuelt å vurdere kva for tenester søkjaren har krav på dersom konklusjonen er at vilkåra i § 4-3 er oppfylt.
I seks vedtak er det opplyst feil heimel for klage og feil klageinstans.
I alle vedtaka tilsynet undersøkte er det gjeve opplysning om rett til å klage på vedtaket. Heimel for klagerett og kven som er klageinstans er feil i seks av vedtaka. Dersom det er søkt om avlasting er klageinstansen Fylkesmannen i Hordaland og heimel for klagerett er sosialtenestelova § 8-6. Der kommunen har tildelt eller gjeve avslag på søknad om korttidsopphald etter kommunehelsetenestelova er rett klageinstans Helsetilsynet i Hordaland, ikkje Fylkeslegen slik det gjekk fram av nokre vedtak. Tilsynet fekk opplyst at dette er noko kommunen er klar over, og at dei arbeider med å få retta opp malane.
5. Tilsynet har elles merka seg
Ut i frå sakene tilsynet undersøkte synest det som om kommunen handsamar søknader om avlasting innan tidsfristen. Vi fann ingen avslåtte søknadar. Vi har såleis ikkje sett grunngjevingar i saker der nokon har fått avslag på søknad om avlasting.
Avlasting er ei teneste som kan gjevast på ulike måtar. Kommunen står fritt til å velje avlastingsform så lenge brukar får medverke, og tiltaket dekkjer avlastingsbehovet. 14 av 15 som søkte om avlasting fekk tilbod om opphald i sjukeheimen. I eitt tilfelle vart avlasting gjeve som heimehjelp.
6. Regelverk
Lovverk som er lagt til grunn ved tilsynet:
- Lov om sosiale tjenester m.v. av 13. desember 1991
- Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker av 10. februar 1967
- Lov om helsetjenesten i kommunene av 19. november 1982
- Forskrift om vederlag for opphold i institusjon mv. av 26. apri11995 nr 392
7. Deltakarar ved tilsynet
Frå Fylkesmannen og Helsetilsynet i Hordaland deltok: Anne Kristine Breivik, Laila Nordheim Alme, Jarle Landås og Hilde Ordemann