Rapport frå tilsyn med legemiddelhandteringa i heimesjukepleien Stord kommune - avslutting av tilsynet 2010
Oppfølging av tilsynet
Ved dette tilsynet blei det konstatert avvik frå lov eller forskrift. Tilsynsmyndigheita har vurdert dei tiltaka som er sette i verk som tilstrekkelege. Tilsynet er derfor avslutta.
Vi viser til tidlegare korrespondanse og takkar for retur av utfylt spørjeskjema innan fristen.
Tilsynet blei gjennomført ved at helsetenesta vurderte eigne rutinar for legemiddelhandtering opp mot krava i legemiddelhandteringsforskrifta av 1. mai 2008. Verksemdene gav deretter tilbakemelding på om eigne rutinar er i samsvar med krava. Dersom det viste seg at ikkje alle krava var oppfylte, skulle verksemda lage ein plan for retting.
Helsetilsynet i Hordaland sende ut ti spørjeskjema til sjukeheimar og/eller heimesjukepleie i til saman åtte kommunar. Frå fem verksemder fekk vi tilbakemelding om at den ansvarlege for legemiddelhandteringa vurderer rutinane å vere i samsvar med regelverket. Fem verksemder har funne manglar og har lagt ved plan for retting.
Tilsynet blei gjennomført av rådgjevar Ame Erstad og fylkessjukepleiar Laila Nordheim Alme (leiar).
Heimesjukepleien i Stord kommune har gitt tilbakemelding om eitt avvik: Det blir ikkje utført risikovurdering i legemiddelhandteringa.
I vedlagt plan for retting går det fram at kommunen vil gi verksemdsleiar ansvar for årleg vurdering av risikotilhøve i legemiddelhandteringa. Tiltaket er iverksett med verknad frå mai 2010.
Kommentar: I tillegg til regelmessig vurdering av risikotilhøve ved årleg gjennomgang av legemiddelhandteringa , er det viktig å gjere risikovurdering ved behov, til dømes når det oppstår feil eller andre hendingar i legemiddelhandteringa.
Helsetilsynet vurderer iverksette tiltak som tilstrekkeleg for å lukke avviket.
Tilsynet blir med dette avslutta.
Vi takkar for godt samarbeid i samband med gjennomføring av tilsynet.
Generell kommentar på bakgrunn av dokumentasjon frå ti ulike verksemder
Det kan sjå som verksemdsleiarar ikkje alltid gjer individuelle vurderingar av sjukepleiaxarog vernepleiarar med tanke på om den einskilde er kvalifisert til å utføre bestemte oppgåver i legemiddelhandteringa. Det er eit krav i forskrifta at namna på dei som er tildelt dei ulike oppgåvene i legemiddelhandteringa skal gå klart fram av rutinane. Dette gjeld også for sjukepleiarar og vernepleiarar.
Helga Arianson
fylkeslege Laila Nordheim Alme
fylkessjukepleiar