Helsetilsynet

Regelverk:

  • Lov om barneverntjenester m/forskrifter
  • Lov om barneverntenester av 17. juli 1992 nr. 100
  • Forskrift av 11. desember 2003 nr. 1564 om tilsyn i barneverninstitusjonar for omsorg og behandling
  • Forskrift av 6. oktober 2008 nr. 580 om krav til kvalitet og internkontroll i barneverninstitusjonar
  • Forskrift av 12. desember 2002 nr. 1594 om rettar og bruk av tvang under opphald i barneverninstitusjonar
  • Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker av 10. februar 1967

Tilsynet omhandla følgjande emne:

Institusjonens rutinar og praksis for føring av tvangsprotokollar og behandling av klager på bruk av tvang.

Det vart avdekka eit avvik :

Kasa ungdomssenter sikrar ikkje at reglar om dokumentering av tvangsbruk og handtering av klage blir halde.

Det vart ikkje gitt merknad.

Eirik Lyssand
revisjonsleiar
Mona Ekelund
revisor

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeida etter tilsyn med KASA-Ungdomssenter den 15.09.2010. Tilsynet er ein del av Fylkesmannens planlagde tilsyn for inneverande år.

Føremålet med tilsynet var å vurdera om KASA-Ungdomssenter har tilfredsstillande styring i forhold til regelverket som regulerer arbeidet med barn plassert i institusjon. Tema for tilsynet var:

Institusjonens rutinar og praksis for føring av tvangsprotokollar og behandling av klager på bruk av tvang.

Tilsynet vart gjennomført som systemrevisjon og dette inneber gransking av dokument og intervju av personar i organisasjonen.

Tilsynet fokuserer på institusjonen sin oppfylling av krav innanfor oppgitte emne og rapporten viser avvik og merknader som vart avdekka under tilsynet.

Rapportengir såleis ingen fullstendig tilstandsvurdering av institusjonen sitt arbeid med barn.

  • Avvik blir definert som mangel på oppfylling av krav fastsett i i eller i medhald av lov eller forskrift.
  • Merknad er forhold som ikkje blir omfatta av definisjon for avvik, men der tilsynet med utgangspunkt i krav som styresmaktene har satt, avdekker eit forbetringspotensiale.

2. Dokumentunderlag

Fylkesmannen fekk tilsendt følgjande dokument før tilsynet:

  • Organsasjonskart for KASA
  • Oversyn over tilsette
  • Prosedyrar og rutinar —beskrivelse
  • Opplæring i prosedyrar
  • Opplæring i Rettighetsforskrifta
  • Frå fagplan i KASA side 32 og 33
  • Frå inntaksprosedyrar — info om rettar opplæring for nytilsette og for vikarar
  • Tvangsprotokollar frå alle avdelingar i tidsrommet 01.10.09 — 01.04.10

Følgjande dokumenter blei lagt fram under tilsynet:

  • Stikkprøvekontroll i ODA i dagjournalane til bebuarane

3. Avvik

Kasa ungdomssenter sikrar ikkje at reglar om dokumentering av tvangsbruk og handtering av klage blir halde.

Avvik frå:

Forvaltningslova §§ 17, 27, 29. Rettighetsforskrifta § 25. Internkontrollforskrifta § 12,2.1edd.

Kommentar:

Etter fv1. § 17 skal ei sak vere så "så godt opplyst som mulig" før vedtak blir fatta. Protokollen er eit enkeltvedtak. Kravet til protokollføring er satt først og fremst for å sikre notoritet. Fylkesmannen skal ved gjennomgang av protokollen kunna prøve om tvangsvedtaket er lovleg og forsvarleg jf. rettighetsforskrifta § 25. Krav til tvangsprotokollens innhald må sjåast i samarthang med klageadgangen. Det går fram av fv1. § 27 at parten skal ha underretning om vedtaket. Klagefrist går fram av fv1. § 29, medan rettighetsforskrifta §25 gir reglar for korleis institusjonens leiing skal gjere klageadgangen kjent for dei det gjeld.

Internkontrollforskrifta § 12, 2.1edd pkt c stiller krav til at institusjonen skal syte for at arbeidstakarane har tilstrekkeleg kunnskap og ferdigheit innanfor fagområdet. I same forskrift § 12,2.1edd pkt g går fram at institusjonen skal utvikle, iverksette, kontrollere, evaluere og forberede nødvendige prosedyrar, instruksar, rutinar og eller andre tiltak for å avdekke, rette op og førebyggja overtredelse av barnevernlovgivinga

Observasjonar:

  • Fleire av dei framlagte protokollane var utan underskrift, dato, kor tvangshandlinga var utført, samt at det ikkje var opplyst kven som utførte handlinga.
  • I mange av tvangsprotokollane var det ikkje dokumentert korleis tvangsbruken var tatt opp i ettertid, og om parten var underretta om klageadgangen.
  • Opplæringsplanen omtalar ikkje opplæring om korleis protokollar skal førast eller klager skal handterast. Det er i intervju opplyst at det heller ikkje er gitt slik opplæring.
  • Intervju avdekka mangelfull kunnskap om kva rettar parten har med omsyn til klagefrist .
  • Institusjonen har ikkje system for å fange opp feil knytt til føring av tvangsprotokollar slik at dei kan rettast opp.
  • Institusjonen har ikkje evaluert om praksis når det gjeld dokumentering av tvangsbruk og handtering av klage skjer i samsvar med regelverket.

4. Merknader

Det vart ikkje gitt merknader under tilsynet.

5. Gjennomføring

Tilsynet omfatta følgjande aktivitetar:

Varsel vart sendt 09.07.2010

Tilsynet ble gjennomført 15.09.2010

Intervju: Det vart utført intervju med 4 personar.

6. Deltakarar ved tilsynet

I tabellen under er det gitt ein oversikt over deltakarar på opningsmøte og sluttmøte, og kva personar som vart intervjua.

Deltakere ved tilsynet

Namn

Funksjon / stilling

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Rolf Arne Nygård

Leiar

X

X

X

Unni Strandmann

Avd. leiar

X

X

X

Fredrik Melander

Avd. leiar

X

X

X

Øyvind Monsen

Miljøterapeut

X

X

X

Mette Torgersen

Miljøterapeut

 

X

X

Frå fylkesmannen deltok Mona Ekelund og Eirik Lyssand, med sistnemnde som revisjonsleiar.