Rapport frå tilsyn med Sveio Bufellesskap Lov om barneverntjenester m/forskrifter 201|0
Oppfølging av tilsynet
I dette tilsynet blei det ikkje funne avvik frå lov eller forskrift. Tilsynet er derfor avslutta.
Regelverk:
- Lov om barneverntenester av 17. juli 1992 nr. 100
- Forskrift av 11. desember 2003 nr. 1564 om tilsyn i barneverninstitusjonar for omsorg og behandling
- Forskrift av 6. oktober 2008 nr. 580 om krav til kvalitet og internkontroll i barneverninstitusjonar
- Forskrift av 12. desember 2002 nr. 1594 om rettar og bruk av tvang under opphald i barneverninstitusjonar
- Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker av 10. februar 1967
Tilsynet omhandla følgjande emne:
Institusjonens rutinar og praksis for føring av tvangsprotokollar og behandling av klager på bruk av tvang
Det vart ikkje avdekka avvik under tilsynet
Det vart ikkje gitt merknad under tilsynet
Dato: 3.09.2010
Eirik Lyssand
revisjonsleiar Birthe Lill Christiansen
revisor
1. Innleiing
Rapporten er utarbeida etter tilsyn med Sveio Bufellesskap den 23.09.2010 Tilsynet er ein del av fylkesmannens planlagde tilsyn for inneverande år.
Føremålet med tilsynet var å vurdera om Sveio Bufellesskap har tilfredsstillande styring i forhold til regelverket som regulerer arbeidet med barn plassert i institusjon. Tema for tilsynet var:
Institusjonens rutinar og praksis for føring av tvangsprotokollar og behandling av klager på bruk av tvang
Tilsynet vart gjennomført som systemrevisjon og dette inneber gransking av dokument og intervju av personar i organisasjonen.
Tilsynet fokuserer på institusjonen sin oppfylling av krav innanfor oppgitte emne og rapporten viser avvik og merknader som vart avdekka under tilsynet. Rapporten gir såleis ingen fullstendig tilstandsvurdering av institusjonen sitt arbeid med barn.
- Avvik blir definert som mangel på oppfylling av krav fastsett i i eller i medhald av lov eller forskrift.
- Merknad er forhold som ikkje blir omfatta av definisjon for avvik, men der tilsynet med utgangspunkt i krav som styresmaktene har satt, avdekker eit forbetringspotensiale.
2. Dokumentunderlag
Fylkesmannen fekk tilsendt følgjande dokument før tilsynet:
- Institusjonsplan innehaldande organisasjonsplan, oversyn over tilsette og opplæringsplan/rutinar for arbeid med Rettighetsforskrifta
- Aktuelle rutinebeskrivingar/systembeskrivingar
- Oversyn over rutinar ved sikkerhets- og sårbarhetsanalyse
- Kopi av tvangsprotokollar for tidsrommet 01.10.09 —01.04.10
Fylkesmannens eigen dokumentasjon:
- Fylkesmannens rapportar etter individtilsyn i 2009 og 2010.
- Behandla klager i 2010 i medhald av Rettighetsforskrifta § 25
- Følgjande dokumenter blei lagt fram under tilsynet:
- Tvangsprotokollar for tida 01.04.10 til d.d.
3. Avvik
Det vart ikkje funne grunnlag for avvik under tilsynet:
4. Merknader
Det vart ikkje gitt merknader under tilsynet.
5. Gjennomføring
Tilsynet omfatta følgjande aktivitetar: Varsel vart sendt 09.07.2010 Tilsynet ble gjennomført 23.09.2010 Intervju: Det vart utført intervju med 4 personar.
6. Deltakarar ved tilsynet
I tabellen under er det gitt ein oversikt over deltakarar på opningsmøte og sluttmøte, og kva personar som vart intervjua.
Namn |
Funksjon / stilling |
Opningsmøte |
Intervju |
Sluttmøte |
---|---|---|---|---|
Bror Eriksen |
Leiar |
X |
X |
X |
Karl Lindøy |
Teamleiar |
X |
X |
|
Tommy Salvanes |
Miljøarbeider |
X |
X |
|
Carina Lindaas |
Miljøterapeut |
X |
X |
Frå fylkesmannen deltok Birthe Lill Christiansen og Eirik Lyssand, med sistnemnde som revisjonsleiar.