Helsetilsynet

 

 

Samandrag

Denne rapporten gjer greie for avvik og merknader innanfor dei områda som blei reviderte. Systemrevisjonen gjaldt følgjande område:

Barns sin rett til samver med andre, eit meiningsfullt daglegliv og deltaking i fritidsaktivitetar

  • Ivaretaking av barn med spesielle ernæringsbehov
  • Pleie og omsorg tilpassa barnet sin helsetilstand
  • Forsvarleg legemiddelhandtering
  • Fysisk tilrettelegging for barna

Avlastingsbustaden, som blei oppretta i 2002, har fram til siste haust berre hatt to brukarar. Bustaden har stabilt personale med god kompetanse som legg vekt på å gi brukarane meistringsopplevingar gjennom tilpassa sosiale aktivitetar.

Det blei gitt to avvik

Avvik 1:
Ullensvang herad yter ikkje avlasting når barn som har opphald i avlastingsbustad blir akutt sjuke

Avvik 2:
Legemiddelhandteringa i avlastingsbustaden er ikkje i samsvar med forskrift om legemiddelhandtering

Dato: 29.04.2010

Laila Nordheim Alme
revisor
Jarle Landås
revisjonsleiar

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved i perioden 12. – 13. april 2010. Revisjonen går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen og Helsetilsynet i Hordaland i dette året. Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med sosialtenesta etter lov om sosiale tenester § 2-6. Helsetilsynet i fylket har fullmakt til å føre tilsyn med helsetenesta etter lov om statleg tilsyn med helsetenesta § 2.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor de tema tilsynet omfattar
  • tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd

Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i medhald av lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finner grunn til å påpeke betringspotensial

2. Omtale av verksemda -spesielle forhold

Ullensvang herad oppretta avlasting for to brukarar i ein kommunal bustad i 2002. Avlastingsbustaden er organisatorisk plassert i eining for helse og velferd. I dag har bustaden tre brukarar. Bustaden, som er liten, fungerer for dagens brukarar så lenge berre ein brukar om gongen får avlasting. Kapasiteten er no fullt utnytta.

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Revisjonsvarsel blei sendt ut 16. februar 2010. Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Opningsmøte blei halde 12. april 2010.

Intervju 4 personar blei intervjua.

Oversikt over dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Det blei gjennomført synfaring i avlastingsbustaden og samtale med far til ein av ungdomane som får avlasting i bustaden, 12.04.2010.

Sluttmøte blei halde 13. april 2010.

4. Kva tilsynet omfatta

Tilsynet omfatta fem område som til saman skal vise om kommunen gjennom internkontrollen sikrar forsvarlege helse-og sosialtenester til barn i barne-og avlastingsbustader.

Område 1:
Om kommunen planlegg og gjennomfører tiltak i den daglege tenesteytinga som ivaretek det einskilde barn sitt behov for variert og tilpassa aktivitet og sosialt samvær

Område 2:
Om kommunen planlegg og gjennomfører tiltak for å dekke det einskilde barn sitt ernæringsbehov

Område 3:
Om kommunen planlegg og gjennomfører tiltak for å yte pleie og omsorg tilpassa det einskilde barn sine behov

Område 4:
Om kommunen sikrar forsvarleg legemiddelhandtering i avlastingsbustaden

Område 5:
Om kommunen planlegg og gjennomfører tiltak som gjer bustaden fysisk tilrettelagt på bakgrunn av kunnskap om det einskilde barn sitt behov

5. Funn

Avvik 1:
Ullensvang herad yter ikkje avlasting når barn som har opphald i avlastingsbustad blir akutt sjuke

Avvik frå: Kommunehelsetenestelova § 2-1, jf. kvalitetsforskrifta § 3

Kommentar: Heradet skal syte for forsvarlege sosial-og helsetenester til barn i avlastingsbustad. Dette medfører mellom anna at kommunen skal vurdere behov for, og yte, helsehjelp når dette er naudsynt under opphaldet i bustaden.

Aviket byggjer på:

  • Avlastingsbustaden har rutinar for at barn ikkje skal bli tatt imot når dei er sjuke og at dei skal hentast av føresette når dei blir sjuke under opphaldet. Dette er og praksis i bustaden.

6. Tilsynet har for øvrig merka seg

Iplos blir brukt i kartlegginga av brukarane. Personalet i bustaden samhandlar med føresette og skulen og tilrettelegging av daglege gjeremål. Uteområdet har tidlegare vore lite i bruk men er denne våren planlagt tilrettelagt og skjerma. Bustaden har stabilt personale med god kompetanse som legg vekt på å gi brukarane meistringsopplevingar gjennom tilpassa sosiale aktivitetar.

Heradet har kome langt i å planleggje eigne bustader for to av brukarane. Det har og vore drøftingar om nye lokale til avlastingsbustad for barn.

7. Regelverk

Lov om sosiale tjenester m.v. av 13.12.1991 Lov om helsetjenesten i kommunene av 19.11.1992 Lov om helsepersonell av 02.07.1999 Forskrift om kvalitet i pleie-og omsorgstjenestene av 27.02.2003 Forskrift om pasientjournal av 21.12. 2000 Forskrift om legemiddelhåndtering i virksomheter som yter helsehjelp av 03.04.2008 Forskrift om internkontroll i sosial-og helsetjenesten av 20.12. 2002

8. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei send over da revisjonen blei førebudd:

  • Organisasjonskart for helse og velferd
  • Oversikt over tilsette i Avlastingsbasen i Ullensvang herad
  • Kompetanseplan for Ullensvang herad, kap 6 om kompetansetiltak for helse og velferd
  • Framlegg til Årsmelding 2009 – utdrag som omtalar drifta av avlastingsbustaden for barn
  • Oversikt over brukarar i avlastingsbustaden pr. april 2010

Dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket:

  • Gjennomgang av brukarmapper

9. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Deltakere ved tilsynet

Namn

Funksjon / stilling

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Berdal, Marit

Barne- og ungdomsarbeidar

X

X

X

Johansen, Arnhild

Førskulelærar

X

X

X

Reisæter, Torbjørn

Leiar for helse og velferd

X

X

X

Utne, Olaug

Hjelpepleiar/ avdelingsleiar

X

X

X

Frå tilsynet deltok:
Jarle Landås, seniorrådgjevar/ revisjonsleiar
Hilde Ordemann, rådgjevar
Laila Nordheim Alme, fylkessjukepleiar/ revisor