Helsetilsynet

Samandrag

Fylkesmannen gjennomførte tilsyn med Aleris Ungplan, Region vest som del av årets systemrevisjonar med barneverninstitusjonar i Hordaland. Denne rapporten gjer greie for gjennomføring av tilsynet og kva funn som vart gjort. Tilsynet gjaldt følgjande område:

  • Institusjonen sine rutinar og praksis for føring av tvangsprotokollar og behandling av klager på bruk av tvang .

Det vart ikkje avdekka avvik under tilsynet.

Det vart ikkje funne grunnlag for merknader under tilsynet

Dato: 26.10.2011

Eirik Lyssand
revisjonsleiar

Vibeke Herskedal
revisor

  

  

Brevet er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved Aleris Ungplan, region vest 18.10.2011. Revisjonen går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen i dette året.

Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med barneverninstitusjonane etter lov barneverntenester § 5-7 jf forskrift om tilsyn med barn i barneverninstitusjonar § 9.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor de tema tilsynet omfattar
  • om tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • om tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd

Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finner grunn til å påpeke betringspotensial

2. Omtale av verksemda

Aleris Ungplan region vest er del av eit privateigd selskap som driv ulike former for aktivitet innan helse- og sosialområdet i heile landet. Fylkesmannen sitt tilsyn omfatta barneverndelen i region vest med institusjon i Hordaland som for tida omfattar fire avdelingar.  Tiltaka er godkjent for plasseringar heimla i barnevernlova §§ 4-4 femte ledd,4-12. 4-24 og 4-26. Det bur for tida hovudsakleg unge einslege flyktingar i avdelingane etter plasseringsvedtak fatta av Bergen kommune. Det er kort geografisk avstand mellom avdelingane og hovudkontoret der leiinga sit. Alt miljøpersonale er dagleg innom hovudkontoret.  Det er hyppig kontakt mellom miljøpersonalet og leiinga om drøfting kring faglege spørsmål.

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Revisjonsvarsel vart sendt ut 23.05.2011 og tilsyn vart først avtala gjennomført 27.06.2011. Av ulike grunnar måtte tilsynet utsetjast til 18.10.2011.

Opningsmøte vart halde 18.10.2011.

Intervju: 5 personar vart intervjua.

Oversikt over dokumentasjon som vart gjennomgått under revisjonsbesøket, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Sluttmøte blei halde 18.10.2011 .

4. Kva tilsynet omfatta

Institusjonen sine rutinar og praksis for føring av tvangsprotokollar og behandling av klager på bruk av tvang jf Barnevernlova § 5-9 og Rettighetsforskrifta §§ 2,5,8,14,16,17-25.

5. Funn

Det vart ikkje avdekka avvik under tilsynet.

Det vart ikkje funne grunnlag for merknader under tilsynet.

6. Regelverk

  • Lov om barneverntenester av 17. juli 1992 nr. l00
  • Forskrift av 11. desember 2003 nr. 1564 om tilsyn i barneverninstitusjonar for omsorg og behandling
  • Forskrift av 6. oktober 2008 nr. 580 om krav til kvalitet i barneverninstitusjonar Forskrift av 12. desember 2002 nr. 1594 om rettar og bruk av tvang under opphald i barneverninstitusjonar
  • Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker av 10. februar 1967

7. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som vart send over da revisjonen vart førebudd:

  • Organisasjonskart for institusjonen
  • Oversikt over tilsette
  • Rapport frå etterkontroll gjennomført av Bufetat sendt i brev datert 03.10.2011
  • Institusjonen sine avviksmeldingar knytt til tema
  • Prosedyre for registrering og behandling av avvik
  • Prosedyre for førebyggjande tiltak
  • Prosedyrar og rutineskildringar knytt til tilsynstema (rutinehandbok)
  • Tvangsprotokoll siste år (ein)

Dokumentasjon som vart gjennomgått under revisjonsbesøket:

  • Stikkprøvar i bebuarane sine dagrapportar

8. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som vart intervjua.

Deltakere ved tilsynet

Namn

Funksjon / stilling

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Lars Kristian Skår

Miljøterapeut

X

X

 

Annette Bruer

Avd.leiar

X

   

Tor Eivind Karlsen

Miljøterapeut

X

X

 

Lillian Teige

Kontorleiar

X

 

X

Remy Iversen

Miljøterapeut/prosjekt

X

   

Hege Riise

Miljøterapeut/familiehjem

X

   

Bjørn Hagen

Miljøterapeut

X

   

Trond Garborg

Avdelingsleiar

X

X

X

Ingunn Rose

Miljøterapeut

X

   

Frode Hansen

Miljøterapeut

X

   

Roy Mowatt

Avdelingsleiar

X

 

X

Tonje E. Hansen

miljøterapeut

X

X

 

Thomas Høiseth

Regiondirektør

X

X

X

Frå Fylkesmannen deltok:
Vibeke Herskedal (revisor), Trond Horten (observatør) og Eirik Lyssand (revisjonsleiar)