Rapport frå tilsyn med rettstryggleik ved bruk av tvang og makt overfor personar med psykisk utviklingshemming i Austevoll kommune
Oppfølging av tilsynet
Ved dette tilsynet blei det konstatert avvik frå lov eller forskrift. Tilsynsmyndigheita har vurdert dei tiltaka som er sette i verk som tilstrekkelege. Tilsynet er derfor avslutta.
Samandrag
Denne rapporten gjer greie for dei avvika og merknadene som blei påpeikte innanfor dei områda som blei reviderte. Systemrevisjonen gjaldt følgjande område:
- Om kommunen sikrar at personar med psykisk utviklingshemming mottek eit forsvarleg tenestetilbod etter lov om sosiale tenester § 4-3 jf § 4-2 bokstav a-d, i samsvar med eventuelle endringar i behov for bistand og uavhengig av endringar i rammevilkår.
- Om kommunen sikrar at utføring av tenester etter lov om sosiale tenester § 4-2 bokstav a-d overfor personar med psykisk utviklingshemming ikkje skjer i strid med reglane i lov om sosiale tenester kapittel 4A om bruk av tvang.
Under tilsynet hadde vi eit særleg fokus på om det er gitt naudsynt opplæring og om tenesteytarane mottek rettleiing i høve reglane om bruk av tvang.
Det vart avdekt følgjande avvik:
- Austevoll kommune sikrar ikkje at tenester etter lov om sosiale tenester § 4-2 bokstav a-d til personar med utviklingshemming, er i samsvar med reglane i lov om sosiale tenester kapittel 4A.
Det vart ikkje funne grunnlag for merknader innanfor dei kontrollerte områda.
Dato: 14.9.2011
Hilde Ordemann
revisjonsleiar
Torill Vebenstad
revisor
Brevet er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift.
1. Innleiing
Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon i Austevoll kommune perioden 30.8 – 1.9.2011. Revisjonen går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen i dette året.
Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med sosialtenesta etter lov om sosiale tenester § 2-6.
Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:
- kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor de tema tilsynet omfattar
- om tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
- om tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd
Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.
Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.
Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finner grunn til å påpeke betringspotensial
2. Omtale av verksemda - spesielle forhold
Helse- og sosialsjef er leiar for avdelingane der tenester etter sosialtenestelova vert ytt. Helse og sosialsjef rapporterer til rådmann som øvste leiar. Vedtak om tenester innanfor området som er undersøkt vert fatta i Eidsbøen bufellesskap, i Austevoll pleie- og omsorgssenter og i NAV. Funksjonen som overordna fagleg ansvarleg for bruk av tvang overfor psykisk utviklingshemma er lagt til Helse- og sosialsjef.
I 2011 har Fylkesmannen ikkje motteke meldingar om bruk av tvang etter reglane i sosialtenestelova frå Austevoll kommune.
3. Gjennomføring
Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:
Revisjonsvarsel blei sendt ut 6.6.2011. Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.
Opningsmøte blei halde 30.8.2011.
Intervjuer
7 personar blei intervjua.
Oversikt over dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.
Sluttmøte blei halde 1.9.2011.
4. Kva tilsynet omfatta
I dette tilsynet har merksemda vore retta mot om kommunen sikrar at forholda blir lagt til rette for tenesteyting til personar med psykisk utviklingshemming med minst mulig bruk av tvang og makt, jf. sosialtenestelova § 4A-4, og om tenestemottakarane sitt tenestetilbod etter sosialetenestelova § 4-2 bokstav a-d blir endra i samsvar med endringar i hjelpebehov og uavhengig av endra rammer.
Tilsynet omfatta følgjande områder:
Område 1:
Om kommunen sikrar at personar med psykisk utviklingshemming mottek eit forsvarleg tenestetilbod etter lov om sosiale tenester § 4-3 jf § 4-2 bokstav a-d, i samsvar med eventuelle endringar i behov for bistand og uavhengig av endringar i rammevilkår
Område 2:
Om kommunen sikrar at utføring av tenester etter lov om sosiale tenester § 4-2 bokstav a-d overfor personar med psykisk utviklingshemming ikkje skjer i strid med reglane i lov om sosiale tenester kapittel 4A
5. Funn
Avvik:
Austevoll kommune sikrar ikkje at tenester etter sosialtenestelova § 4-2 bokstav a-d til personar med utviklingshemming er i samsvar med reglane i sosialtenestelova kapittel 4A.
Avvik frå:
- Lov om sosiale tenester § 4A-4 jf § 2-1 andre ledd og forskrift om internkontroll i sosial og helsetenesta § 4.
Kommentar:
Av lov om sosiale tenester § 4A-4 går det fram at kommunen plikter å sørgje for at forholda vert lagt til rette for minst mulig bruk av tvang. Det er presisert at tenesteytarane skal sikrast nødvendig opplæring og fagleg rettleiing. Av § 2-1 følgjer det at kommunen skal føre internkontroll for å sikre at krav gjeve i medhald av kapittel 4A vert halde, og kontrollere at desse tiltaka er tilstrekkelege.
Avviket byggjer på følgjande observasjonar:
Det er tidlegare gjennomført opplæring i reglane i sosialtenestelova kap 4A for tilsette i kommunen. Det er opplyst i fleire intervju at denne opplæringa ikkje er tilstrekkeleg, mellom anna fordi det er fleire tilsette som ikkje har delteke på opplæringa. Støttekontaktar har ikkje fått opplæring i reglane om bruk av tvang etter sosialtenestelova. Tilsette er usikre på reglane om bruk av tvang, både når det gjeld kva situasjonar regelverket gjeld for og korleis ein skal fylle ut skjema for bruk av tvang. Det er opplyst at det ikkje har vore tid til å gjennomføre nødvendig opplæring. Overordna fagleg ansvarleg har kjennskap til manglande kompetanse i tenestane, men det har ikkje vore sett i verk tiltak for å auke kompetansen.
Av rutineskriv med informasjon om sosialtenestelova kap 4A til nytilsette og vikarar går det frem at einskildmeldingar om bruk av tvang skal fyllast ut når det vert nytta tvang i naudsituasjonar. Det er opplyst i fleire intervju at det er nytta tvang utan at dette har vore handtert i samsvar med reglane i stjl kap 4A. Overordna fagleg ansvarleg har vore klar over at det har vore underrapportering av tvang utan at det har vore sett i verk tiltak for å rette dette.
6. Vurdering av styringssystemet i verksemda
Tilsynet avdekte at det er nytta tvang etter reglane i sosialtenestelova overfor enkelte personar utan at dette har skjedd innanfor rammene av regelverket. Opplæringa som er gitt, har ikkje vore tilstrekkeleg og rettleiing har ikkje vore gjeve i naudsynt utstrekning. Leiinga har vore klar over dette utan at det har vore sett i verk tiltak for å rette det opp.
7. Regelverk
- LOV 1991-12-13 nr 81: Lov om sosiale tenester m.v. (sosialtenestelova)
- LOV 1967-02-10 : Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningslova)
- FOR 2002-12-20 nr 1731: Forskrift om internkontroll i sosial- og helsetenesta
8. Dokumentunderlag
Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei send over da revisjonen blei førebudd:
- Organisasjonskart
- Delegasjonsreglement for Austevoll kommune
- Stillingsinstruks for Avdelingsleiar ved Eidsbøen bufellesskap
- Stillingsinstruks for leiar for NAV-Austevoll
- Skriv som utleverast til nytilsette og vikarar ved Eidsbøen bufellesskap
- Informasjon til nytilsette og vikarar om reglane i Lov om sosiale tenester kap 4A
- Lov om sosiale tenester kap 4A- Internkontroll i Austevoll kommune
- Rutineskriv Lov om sosiale tenester kap 4A
Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen:
- E-post frå Austevoll kommune av 10.6.2011 med namn på kontaktperson
- E-post frå Austevoll kommune av 23.6.2011 med informasjon om ansvarstilhøve
- E-post frå Fylkesmannen av 24.8.2011 med program
9. Deltakarar ved tilsynet
Tabellen under gir ein oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.
Navn |
Funksjon / stilling |
Åpningsmøte |
Intervju |
Sluttmøte |
---|---|---|---|---|
Linn-Beathe Suphammar |
Avd.leiar, Eidsbøen bufellesskap |
X |
X |
X |
Mari Anne Nesse |
Sjukepleiar, Eidsbøen bufellesskap |
X |
X |
X |
Henriette Ullahammer |
Assistent, Eidsbøen bufellesskap |
X |
X |
X |
Magnus Fagerbakke |
NAV leiar |
X |
X |
X |
Lillian Østervold |
Sosialkonsulent, NAV |
X |
X |
X |
Iren Melingen |
Pleie- og omsorgsleiar |
X |
X |
|
Helge Skugstad |
Helse- og sosialsjef |
X |
X |
X |
Kjersti Søderberg |
Avd.leiar Austevoll heimeteneste |
X |
Frå tilsynsorganet deltok:
Torill Vebenstad og Hilde Ordemann, revisjonsleiar