Rapport frå tilsyn med tvungen helsehjelp etter lov om pasientrettigheter kapittel 4A Austrheim kommune, Nordliheimen 2011
Oppfølging av tilsynet
I dette tilsynet blei det ikkje funne avvik frå lov eller forskrift. Tilsynet er derfor avslutta.
Samandrag
Helsetilsynet i Hordaland gjennomførte tilsyn med Austrheim kommune, Nordliheimen 13. september 2011. Denne rapporten gjer greie for dei avvika som blei påpeikte innanfor dei områda som tilsynet omfatta.
Vi undersøkte om Austrheim kommune, Nordliheimen, har styring og fører kontroll med at helsehjelp til pasientar som motset seg somatisk helsehjelp blir gjeven i samsvar med krav i helselovgjevinga. Vi undersøkte særskilt om kommunen sikrar at
motstand mot helsehjelp blir identifisert og at samtykkekompetansen til pasientane blir vurdert
tillitsskapande tiltak blir prøvde før tvungen helsehjelp blir gjennomført
det blir gjort helsefaglege vurderingar av om den aktuelle helsehjelpa kan gjennomførast med tvang
Det blei ikkje avdekt forhold som tilseier anna enn at verksemda ved Nordliheimen er lagt til rette for pasientar som set seg imot helsehjelp, får nødvendig helsehjelp utan bruk av tvang.
Dato: 6. oktober 2011
Anne Grete Robøle
revisjonsleiar
Silje Haaskjold Sætre
revisor
1. Innleiing
Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med Austrheim kommune, Nordliheimen 13. september 2011. Tilsynet er del av det landsomfattande tilsynet med kommunale helsetenester til eldre i 2011 og er eit av dei planlagde tilsyna som Helsetilsynet i Hordaland gjennomfører dette året.
Helsetilsynet i fylket har fullmakt til å føre tilsyn med helsetenesta etter lov om statlig tilsyn med helsetjenesten § 2.
Tilsynet blei utført som systemrevisjon. Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.
Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgjevinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:
- kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgjevinga innanfor dei områda tilsynet omfattar
- tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
- tiltaka er gode nok for å sikre at lovgjevinga blir følgd
Rapporten handlar om avvik som er avdekte under revisjonen og gjev derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.
- Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
2. Omtale av verksemda - spesielle forhold
Nordliheimen har 34 plassar fordelt på tre avdelingar. Avdeling for personar med demens har ni plassar.
Dei to sjukeheimslegane har ein fast dag på institusjonen og er ved behov for konsultasjon og eller tilsyn/vurdering av pasientar, svært tilgjengelege.
Det er hittil ikkje treft vedtak om tvungen helsehjelp til pasientar ved sjukeheimen.
3. Gjennomføring
Tilsynet omfatta følgjande aktivitetar:
Melding om tilsyn blei sendt 19. juli 2011.
Opningsmøte blei halde 13. september.
Intervju: 8 personar blei intervjua.
Det blei gjort stikkprøver i 14 pasientjournalar og synfaring ved avdelingane.
Sluttmøte blei halde 13. september 2011.
Oversikt over dokument som Austrheim har sendt over i samband med tilsynet og dokument som blei gjennomgått ved tilsynet, er gjeven i kapittel 8 (Dokumentunderlag).
4. Kva tilsynet omfatta
Ved tilsynet undersøkte vi om Austrheim kommune, Nordliheimen, har styring og fører kontroll med at helsehjelp til pasientar som motset seg somatisk helsehjelp blir gjeven i samsvar med krav i helselovgjevinga. Vi undersøkte særskilt om kommunen sikrar at
- motstand mot helsehjelp blir identifisert og at samtykkekompetansen til pasientane blir vurdert
- tillitsskapande tiltak blir prøvde før tvungen somatisk helsehjelp blir gjennomført
- det blir gjort helsefaglege vurderingar av om den aktuelle somatiske helsehjelpa kan gjennomførast med tvang
5. Funn
Ved tilsynet blei det ikkje avdekt forhold som er i strid med krav i helselovgjevinga.
6. Vurdering av styringssystemet i verksemda
Ansvarsforhold som gjeld styring av verksemda ved sjukeheimen, er avklarte og kjende. Tilsette har fått og får opplæring om helsehjelp til pasientar viser eller gir uttrykk for motstand mot helsehjelp. Det er felles praksis og lagt til rette for drøfting/refleksjon om praksis i pleiegruppa og med sjukeheimslegane. Leiarar ved sjukeheimen er lett tilgjengelege og følgjer nøye med på dagleg drift, behandling og oppfølging av pasientane.
7. Regelverk
- Lov av 30. mars 1984 nr. 15 om statlig tilsyn med helsetjenesten
- Lov av 19. november 1982 nr. 66 om helsetjenesten i kommunene
- Lov av 2. juli 1999 nr. 63 om pasientrettigheter
- Lov av 2. juli 1999 nr. 64 om helsepersonell m.v.
- Forskrift av 14. november 1988 for sykehjem og boform for heldøgns omsorg og pleie
- Forskrift av 21. desember 2000 nr. 1385 om pasientjournal
- Forskrift av 20. desember 2002 nr. 1731 om internkontroll i sosial- og helsetjenesten
- Forskrift av 27. juni 2003 nr. 792 om kvalitet i pleie- og omsorgstjenestene
- Forskrift av 12. november 2010 nr. 1426 om en verdig eldreomsorg
8. Dokumentunderlag
Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold, send over i samband med førebuing av tilsynet:
- Fordeling av ansvarsoppgåver innan avdeling for pleie, omsorg og heimetenester
- Administrativ organisering Austrheim kommune
- Informasjon om sjukeheimslegar ved Nordliheimen
- Dokument – vurdering av samtykkekompetanse, udatert, ikkje signert
- Dokument – sakshandsaming for vedtak om bruk av tvang, udatert, ikkje godkjent
- Dokument – utøving av nødvendig helsehjelp når pasienten motset seg denne
- Dokument - Informasjon om journalsystem, udatert, ikkje signert
- Dokument - Informasjon om journalføring, udatert, ikkje signert
- Dokument – Introduksjon av nytilsette ploms, udatert, ikkje signert
- Sjekkliste for nytilsette – pleie- og omsorg
- Sjekkliste for nytilsette – kontaktperson
- Handlingsplan for opplæring og kompetanseheving av helse- og omsorgspersonell 2009-2011
- Dokument – utforming av tvangsvedtak, udatert, ikkje signert
- Mal – vedtak om helsehjelp til person utan samtykkekompetanse som motset seg helsehjelpa
- Dokument – bruk av rørslehindrande tiltak, udatert, ikkje signert
- Dokument – unngå tilbakehalding av pasient i avdelinga
- Turnus tilsette ved Nordliheimen
- Trykksak – informasjon til bebuarar på Nordliheimen
Dokumentasjon som blei gjennomgått under tilsynet:
Vi gikk gjennom 14 pasientjournalar og såg etter om det var dokumentert opplysningar om:
- diagnose/diagnosar og tilstanden til pasientane,
- indikasjon for og vurdering av effekt av behandling,
- motstand mot helsehjelp,
- tillitsskapande tiltak som var prøvde,
- føresetnader for å samtykke til helsehjelp var vurdert,
- grunngjeving for og avgjerd om at pasient openbert heilt eller delvis mangla samtykkekompetanse,
- revurdering av samtykkekompetanse,
- helsefagleg vurdering av om helsehjelp kan gjennomførast med tvang
- grunngjeving og vedtak om tvungen somatisk helsehjelp og/eller vedtak om tilbakehald, og opplysningar om kva helsehjelp som blir gitt med tvang
Korrespondanse mellom Austrheim kommune og Helsetilsynet i Hordaland:
- Melding om tilsynet, brev av 19. juli 2011 til Austrheim kommune frå Helsetilsynet i Hordaland
- Opplysningar frå Austrheim kommune mottekne 22. august 2011
- Program for tilsynet, brev av 29. august 2011 til Austrheim kommune frå Helsetilsynet i Hordaland
9. Deltakarar ved tilsynet
Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.
Navn |
Funksjon / stilling |
Åpningsmøte |
Intervju |
Sluttmøte |
---|---|---|---|---|
Helene E. Solheimslid |
Turuslege |
x |
||
Peter Kubon |
Kommuneoverlege/sjukeheimslege |
X |
X |
X |
Weronica Austgarden |
Omsorgsarbeidar |
X |
X |
X |
Åse T. Låstad |
Avdelingssjukepleiar |
X |
Telefon-intervju 8. sept. |
x |
Britt H. Rong |
Hjelpepleiar |
X |
X |
X |
Monika Kvamme |
Pleie- og omsorgsleiar |
X |
X |
X |
Gunn Sissel Austrheim |
Demens-koordinator |
X |
X |
X |
Agnethe Soltveit |
Sjukepleiar |
X |
X |
X |
Hege Tresnes |
Hjelpepleiar |
X |
X |
X |
Jarle Gallefoss |
Sjukeheimslege |
X |
X |
|
Olav Mongstad |
Driftssjef |
X |
X |
Frå Helsetilsynet i Hordaland deltok:
Underdirektør Rune Tjøsvoll
Seniorrådgjevar Silje Haaskjold Sætre
Rådgjevar Ragnhild Svoen
Seksjonsleiar Anne Grete Robøle, leiar