Helsetilsynet

Samandrag

Dette tilsynet er ein del av det landsomfattande tilsynet med kommunale barneverntenester i 2011 som fylkesmannen gjennomfører i 2011 på oppdrag frå Statens helsetilsyn.

Tilsynet omfatta:

  • Kommunen sitt arbeid med undersøkingar jf lov om barneverntjenester § 4-3
  • Evaluering av hjelpetiltak for heimebuande barn jf lov om barneverntjenester § 4-5
  • Barns rett til medverknad jf Barnekonvensjonen artikkel 12. Det blei ikkje gitt avvik eller merknader ved tilsynet

Dato: 18. mai 2011

Hilde Ordemann
revisjonsleiar 

Eirik Lyssand
revisor

 

Vibeke Herskedal
revisor

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved Fjell barnevernteneste i perioden 10–13. mai 2011. Revisjonen går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen i dette året, og er eitt av tre landsomfattande tilsyn, gjennomført etter oppdrag frå Statens helsetilsyn.

Fylkesmannen sin heimel til å føre tilsyn med barneverntenesta i kommunen går fram av lov om barneverntenester § 2-3, fjerde ledd.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:

  • Kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor de tema tilsynet omfattar
  • Om tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • Om tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd

Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte.
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finner grunn til å påpeke betringspotensiale.

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Fjell kommune har vore i sterk vekst dei seinare år, og har no om lag 23 000 innbyggjarar.

Barneverntenesta ligg innanfor sosialsjefen sitt ansvarsområde. Barnevernleiar har ansvar for barneverntenesta med 16,5 stillingar. Tenesta er organisert med leiar og nestleiar, samt to gruppeleiarar som går gjennom alle nye saker, herunder alle meldingar. Kvar gruppeleiar har ansvar for ei gruppe sakshandsamarar som arbeider både undersøkingar og tiltak. I tillegg er der tiltakskuratorar og heimekonsulentar som er inne i enkeltsaker med rettleiing og oppfølging. Dei seinare åra har ein opplevd sterk vekst i talet på nye saker. Kommunen har etablert tverrfagleg samarbeid mellom tenester som er aktuelle i tenesteytinga der born er involvert.

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Varsel blei sendt 25. mai.

Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Opningsmøte blei halde 10. mai.

Dokumentgjennomgang og intervju blei gjennomført 10. og 11. mai.

8 personar blei intervjua.

Oversikt over dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Sluttmøte blei halde 13. mai.

4. Kva tilsynet omfatta

Det blei ført tilsyn med to hovudtema:

  • Gjennomføring av undersøkingar, under dette i kva grad:
    - kommunen sikrar at det blir gjennomført ei tilstrekkeleg undersøking
    - kommunen sikrar barn si rett til medverknad i undersøkinga
    - kommunen sikrar at det er gjort ei forsvarleg vurdering før undersøkinga blir avslutta
    - kommunen sikrar at undersøkingar blir gjennomført innanfor lovpålagte fristar
  • Evaluering av hjelpetiltak til heimebuande barn, under dette i kva grad:
    - kommunen sikrar at det blir gjennomført ei forsvarleg evaluering av hjelpetiltak
    - kommunen sikrar at barn medverkar i evalueringsfasen

5. Funn

Det blei ikkje avdekka avvik eller gitt merknader under tilsynet.

6. Regelverk

  • Lov om barneverntjenester av 17.7.1992 nr 100.
  • Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker av 10.2.1967.
  • FNs konvensjon om barnets rettigheter – trådt i kraft 7.2.1991.
  • Forskrift om internkontroll for kommunens oppgaver etter lov om barneverntjenester av 14.12.2005 nr 1584.

7. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei send over da revisjonen blei førebudd:

  • Organisasjonskart
    - Fjell kommune
    - Sosialsjefen si eining
    - Barneverntenesta
  • Delegasjonsreglement
  • Oversikt over tilsette i barneverntenesta
  • Årsmelding Fjell kommune
  • Strategisk kompetanseplan for Fjell kommune (KOS)
  • Driftsavtale for elektronisk barnevernprogram mellom ACOS og Fjell kommune.
  • Rutinehefte for barneverntenesta i Fjell kommune m/ vedlegg, viser rutinar for dagleg drift ved barneverntenesta innan følgjande område:
    - Personal
    - På kontoret
    - Faglege rutinar innan melding, undersøking og tiltak
    - Underskriftsreglement
  • Modellkommuneprosjektet
  • Stillingsbeskrivelser ved barneverntenesta
    - Sakshandsamar
    - Familierettleiar
    - Gruppeleiar
    - Nestleiar
    - Leiar
  • Verksemdsplan for barneverntenesta
  • Rapporteringskjema barnevern pr 31.12.2010
  • Kontrollskjema for fristar i barnevernet 1. kvartal 2011.

Dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket:

  • 47 saksmapper, av desse:
    - 25 undersøkingar konkludert siste 6 mnd
    - 2 siste undersøkingar der tre månaders fristen vart overskriden
    - 20 siste sakene med iverksatt hjelpetiltak i tida før 01.12.2010
  • Tilgang til og stikkprøver i elektronisk saksbehandlingssystem, ”Acos”.

Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen:

  • Epost med program for gjennomføring og kva saksmapper ein ønska gjennomgå.

8. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir oversikt over deltakarane på opnings- og sluttmøte, samt kven som blei intervjua.

Deltakere ved tilsynet

Namn

Funksjon / stilling

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Marianne Kjelby

Nestleiar

X

X

 

Kjersti Kleppe

Barnevernkurator

X

X

X

Kristine Gjøstein

Barnevernkurator

X

X

X

May-Britt Fauskanger

Gruppeleiar

X

X

X

Kersti Hammersland

Barnevernkurator

X

 

X

Sigvor Klakegg

Gruppeleiar

X

X

X

Bård Tyldum

Barnevernleiar

X

X

X

Hilde Fløisand-Hansen

Barnevernkurator

X

 

X

Laila Grøn Jensen

Familieveileder

X

X

X

Kathrine Snekkevik

Barnevernkurator

X

 

X

Elin H. Eliassen

Sakshandsamer

   

X

Mari Arnesen

Barnevernkurator

X

 

X

Anne Kristin Schønning

Familieveileder

X

 

X

Janne K. Kalstad

Sakshandsamar

   

X

Marit Skålevik

Tiltakskoordinator

   

X

Monica Larsen

Merkantil

   

X

Anne Marie Stensvoll

Sakshandsamar

   

X

Tove Helleland

Sosialsjef

 

X

X

Frå fylkesmannen deltok:
Vibeke Herskedal, Eirik Lyssand, Trond Horten (observatør) og Hilde Ordemann (tilsynsleiar)