Rapport frå tilsyn med Hardanger Fartøyvernsenter 2011
Oppfølging av tilsynet
I dette tilsynet blei det ikkje funne avvik frå lov eller forskrift. Tilsynet er derfor avslutta.
Samandrag
Fylkesmannen gjennomførte tilsyn med Hardanger Fartøyvernsenter som del av årets planlagde tilsyn med barneverninstitusjonar i Hordaland. Denne rapporten gjer greie for gjennomføring av tilsynet. Tilsynet gjaldt følgjande område:
Institusjonen sine rutinar og praksis for føring av tvangsprotokollar og behandling av klager på bruk av tvang.
Det vart ikkje avdekka avvik under tilsynet.
Det vart ikkje funne grunnlag for merknader under tilsynet
Dato: 7.11.2011
Vibeke Herskedal
revisjonsleiar
Eirik Lyssand
revisor
Trond Horten
revisor
Brevet er godkjent elektronisk og har difor inga underskrift
1. Innleiing
Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved Hardanger Fartøyvernsenter i perioden
23.9.2011 - 1.11.2011. Revisjonen går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen i dette året
Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med barneverntenesta etter lov om barneverntenester §57 jf forskrift om tilsyn med barn i barneverninstitusjonar § 9.
Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje:
- kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor dei tema tilsynet omfattar
- om tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
- om tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd
Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.
Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.
- Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
- Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finner grunn til å påpeke betringspotensial
2. Omtale av verksemda
Hardanger Fartøyvernsenter er ein del av Hardanger og Voss Museum. Ungdomsavdelinga til Hardanger Fartøyvernsenter er ein statleg godkjent privat barnevernsinstitusjon og er godkjent for 7 plassar. Ungdomsavdelinga har ei tredelt organisering med butiltak, elevopplæring og miljøterapeutar.
Institusjonen er godkjent for plasseringar heimla i barnevernlova §§ 44, femte ledd, 4-12, 4-24 og 4-26. Personalet i avdelingane arbeider dagtid, med ei kveldsvakt i veka, samt 5. kvar helg. Leiar og nestleiar er tilgjengeleg på telefon.
Ungdomane på Hardanger Fartøyvernsenter er i hovudsak i alderen 16 til 23 år, men under tilsynet var ein av ungdommane 14 år. Ungdommane kan ha problem i høve sosial åtferd, kriminalitet og rus av ulik grad.
3. Gjennomføring
Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:
Revisjonsvarsel vart sendt ut 29.9.2011.
Opningsmøte vart halde 1.11.2011.
Intervju: 5 personar vart intervjua.
Oversikt over dokumentasjon som vart gjennomgått under revisjonsbesøket, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.
Sluttmøte vart halde 1.11.2011.
4. Kva tilsynet omfatta
Tilsynet omfatta institusjonen sine rutinar og praksis for føring av tvangsprotokollar og behandling av klager på bruk av tvang jf lov om barneverntenester § 5-9 og rettighetsforskrifta §§ 2,5,8,14,16,17-25.
5. Funn
Det vart ikkje avdekka avvik under tilsynet.
Det vart ikkje funne grunnlag for merknader under tilsynet.
6. Regelverk
- Lov om barneverntenester av 17. juli 1992 nr. 100
- Forskrift av 11. desember 2003 nr. 1564 om tilsyn i barneverninstitusjonar for omsorg og behandling
- Forskrift av 6. oktober 2008 nr. 580 om krav til kvalitet i barneverninstitusjonar
- Forskrift av 12. desember 2002 nr. 1594 om rettar og bruk av tvang under opphald i barneverninstitusjonar
- Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker av 10. februar 1967
7. Dokumentunderlag
Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som vart send over da revisjonen blei førebudd:
- Organisasjonskart for Hardanger og Voss museum og Hardanger Fartøyvernsenter
- Oversikt over tilsette pr 20.10.2011
- Prosedyre for mottak post
- Prosedyre for kroppsvisitasjon
- Prosedyre for ransaking av rom og eigendelar
- Prosedyre for beslaglegging og øydelegging
- Prosedyre for tvang i akutte faresituasjonar
- Prosedyre for rømming
- Prosedyre for å nekte besøk
- Prosedyre for telefonbruk
- Prosedyre for urinprøvetaling
- Risikovurdering for ungdomsavdelinga
- Kompetanseplan
- Kopi av tvangsprotokollar for perioden 1.12.2010 - 11.2.2011.
Dokumentasjon som vart gjennomgått under revisjonsbesøket:
- Stikkprøvar i bebuarane sine dagrapportar.
- To framlagte tvangsprotokollar for perioden 12.2.2011 till.l1.2011.
Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen:
- Diverse e-postar med avtale om gjennomføring av tilsynet med blant anna timeplan for dagen.
8. Deltakarar ved tilsynet
Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som vart intervjua.
Namn |
Funksjon / stilling |
Opningsmøte |
Intervju |
Sluttmøte |
---|---|---|---|---|
Terje Langeland |
Leiar |
X |
X |
X |
Caroline Almås |
Miljøterapeut |
X |
X |
X |
Hauke Thoesen |
Dagkoordinator |
X |
X |
|
Olav A. Bolstad |
Nestleiar |
X |
X |
X |
Ellen Askim |
Miljøterapeut |
X |
X |
X |
Tom Halvorsen |
Miljøarbeider |
X |
X |
|
Srurla Pedersen |
Miljøarbeider/ringevikar |
X |
Frå Fylkesmannen deltok: Eirik Lyssand, Trond Horten og Vibeke Herskedal, med sistnemnte som revisjonsleiar.