Rapport frå tilsyn med handsaming av økonomisk sosialhjelp i Lindås kommune
Oppfølging av tilsynet
I dette tilsynet blei det ikkje funne avvik frå lov eller forskrift. Tilsynet er derfor avslutta.
Samandrag
Fylkesmannen vidarefører i 2011 det landsomfattande tilsyn med sosiale tenester i NAV som vart starta i 2010. Formålet med tilsynet er å undersøkje om kommunen gjennom sin styringsaktivitet sikrar at søkjar sin rett til økonomisk stønad vert ivareteke, og styrke tenestene og rettstryggleiken for brukarane.
Denne rapporten gjer greie for dei avvik og merknader som vart påpeikte innanfor dei områda som blei reviderte. Systemrevisjonen gjaldt følgjande område:
Om kommunen sikrar at søknader om økonomisk stønad vert handsama i samsvar ved lov- og forskriftskrav. Det vart sett på:
- korleis søknader vert handtert
- korleis kartlegging/innhenting av relevante opplysningar skjer
- korleis vurderingar vert gjort og avgjerder vert tatt
Det vart ikkje gitt avvik eller merknader.
Dato: 1.9.2011
Herskedal
revisjonsleiar
Øystein Breirem Jacobsen
revisor
1. Innleiing
Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved Lindås kommune i perioden 18.8 – 26.8.2011. Revisjonen går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen i dette året.
Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med sosialtenesta etter lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga § 9.
Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen. Revisjonen omfatta å undersøkje om:
- kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor de tema tilsynet omfattar
- om tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
- om tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd
Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.
Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.
Avvik er mangel på oppfylling av krav som er gjeve i eller i medhald av lov eller forskrift
Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i medhald av lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finner grunn til å påpeke betringspotensial
2. Omtale av verksemda - spesielle forhold
Lindås kommune er organisert gjennom ein tonivåmodell der administrativ leiargruppe består av rådmann med stab og under dette 20 resultateiningar. Handsaming av søknad om økonomisk stønad skjer i NAV Lindås, eining for sosiale tenester. NAV Lindås har ein leiar som har ansvar for statlege og kommunale tenester, mellom anna mottak og handsaming av søknad om økonomisk stønad.
3. Gjennomføring
Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:
Revisjonsvarsel blei sendt ut 24.5.2011. Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er gitt i kapittelet Dokumentunderlag.
Opningsmøte vart halde 24.8.2011.
Intervju
7 personar vart intervjua.
Oversikt over dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket, er gitt i kapittelet Dokumentunderlag.
Det blei gjennomført synfaring i publikumsmottaket/kontora til NAV Lindås den 18.8.2011.
Sluttmøte blei halde 26.8.2011.
4. Kva tilsynet omfatta
Det vart ført tilsyn med området økonomisk stønad etter §§ 18 og 19 i lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga, stønad til livsopphald og stønad i særlige tilfelle. Dette var avgrensa til emna forsvarleg handsaming med vekt på individuelle vurderingar, samt ivaretaking av teieplikta.
Tilsynet var delt i tre underemne:
- korleis søknader vert handtert
- korleis kartlegging/innhenting av relevante opplysningar skjer
- korleis vurderingar vert gjort og avgjerder vert tatt
5. Funn
Det vart ikkje avdekka avvik eller gitt merknader under tilsynet.
6. Regelverk
- Lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga av 18.12.2009 nr. 131
- Forskrift om internkontroll i sosial- og helsetjenesten av 20.12.2002 nr. 1731
- Forvaltningsloven av 10.2.1967
- Forskrift til forvaltningsloven av 15.12.2006 nr. 1456
- Forskrift om delegering mellom stat og kommune om oppgaveutførelsen i de felles lokale kontorene i arbeids- og velferdsforvaltningen av 26.1.2007 nr. 107
7. Dokumentunderlag
Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei send over da revisjonen vart førebudd:
- Administrativ organisering Lindås kommune – einingar/kontor som rapporterar direkte til rådmann
- Stillingsskildring – einingsleiar
- Oversikt over NAV Lindås 2011 – leiing, ekspedisjon, mottak, oppfølging, møter
- Informasjonsskriv til nytilsett i NAV Lindås, eining for sosiale tenester
- Administrativt delegeringsreglement for Lindås kommune – delegasjon frå rådmann til einingsleiar, datert 22.12.2006
- Samarbeidsavtale mellom Lindås kommune og Arbeids- og velferdsetaten i Hordaland frå 1.1.2011 og utan sluttdato.
- Oversikt over personell med ansvar for mottak og handsaming av søknader om økonomisk stønad
- Opplæringsplan NAV Lindås 2010
- Risikovurdering – økonomisk sosialhjelp - tiltak
- Rutine/prosedyre/retningsliner for saksbehandling økonomisk sosialhjelp – mottak av søknader/kjerneområdet/spesielle utgifter/naudhjelp/garantiar og rekvisisjonar
- Oversikt over klager til Fylkesmannen 2010 og 2011
- Døme på klager som er omgjort internt
- Organisering og vidareutvikling av NAV-kontoret
- Internkontrollsystem for personvern, informasjonssikkerheit og beredskap
- Internkontroll – NAV Lindås
- Brukerundersøking NAV Lindås 2010
- Skjema for søknad om sosialhjelp
- Rutine – søknad til kalifiseringsprogrammet
- 5 vedtak om livsopphald - § 18
- 5 vedtak om særlege tilfeller - § 19
- 1 vedtak om avslag etter §§ 18 og 19
Dokumentasjon som vart gjennomgått under revisjonsbesøket:
- Saksmapper for 20 saker om økonomisk sosialhjelp
- Delegering av mynde som einingsleiar for NAV kommune Lindås
Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen:
- Brev datert 24.5.2011 med varsel om tilsyn
- Oversending av dokumenter frå kommunen
- Oversending av saker
- E-post og telefonar - program for tilsyn
8. Deltakarar ved tilsynet
Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.
Namn |
Funksjon / stilling |
Opningsmøte |
Intervju |
Sluttmøte |
Liv Taule Hella |
Avdelingsleiar |
X |
||
Kari Bente Skaar |
Sakshandsamar/ publikumsmottak |
X |
X |
X |
Torill Nesheim |
Sakshandsamar mottak |
X |
X |
|
Tone Synnevåg |
Fagleiar/nestleiar |
X |
X |
X |
Trude Tjore |
Sakshandsamar |
X |
X |
|
May Hundvin |
Einingsleiar – leiar NAV Lindås |
X |
X |
X |
Kåre Jondal |
Assisterande rådmann |
X |
X |
X |
May K. Harstad |
Gjeldsrådgjevar |
X |
||
Heidi Isdal |
Sakshandsamar |
X |
||
Renate Haukås |
Sakshandsamar/KVP |
X |
Frå tilsynsorganet deltok:
Marta Havre, observatør
Øystein Breiheim Jacobsen
Vibeke Herskedal, revisjonsleiar