Rapport frå tilsyn med rettstryggleik ved bruk av tvang og makt overfor personar med psykisk utviklingshemming i Øygarden kommune 2011
Oppfølging av tilsynet
Ved dette tilsynet blei det konstatert avvik frå lov eller forskrift. Tilsynsmyndigheita har vurdert dei tiltaka som er sette i verk som tilstrekkelege. Tilsynet er derfor avslutta.
Samandrag
Denne rapporten gjer greie for dei avvika og merknadene som blei påpeikte innanfor dei områda som blei reviderte. Systemrevisjonen gjaldt følgjande område:
- Om kommunen sikrar at personar med psykisk utviklingshemming mottek eit forsvarleg tenestetilbod etter lov om sosiale tenester § 4-3 jf § 4-2 bokstav a-d, i samsvar med eventuelle endringar i behov for bistand og uavhengig av endringar i rammevilkår.
- Om kommunen sikrar at utføring av tenester etter lov om sosiale tenester § 4-2 bokstav a-d overfor personar med psykisk utviklingshemming ikkje skjer i strid med reglane i lov om sosiale tenester kapittel 4A om bruk av tvang.
Under tilsynet hadde vi eit særleg fokus på om det er gitt naudsynt opplæring og om tenesteytarane mottek rettleiing i høve reglane om bruk av tvang.
Det vart avdekt følgjande avvik:
Øygarden kommune gir ikkje nødvendig opplæring i reglane i kapittel 4A til støttekontaktar, private avlastarar og tilsette i heimetenesta som yter tenester til heimebuande personar med utviklingshemming.
Det vart ikkje funne grunnlag for merknader innanfor dei kontrollerte områda. Dato: 23.11.2011
Vibeke Herskedal
revisjonsleiar
Torill Vebenstad
revisor
Birthe Lill Christiansen
revisor
Brevet er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift.
1. Innleiing
Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon i Øygarden kommune perioden 8.9 – 15.11.2011. Revisjonen går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen i dette året.
Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med sosialtenesta etter lov om sosiale tenester § 2-6.
Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:
- kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor de tema tilsynet omfattar
- om tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
- om tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd
Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.
Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.
- Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
- Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finner grunn til å påpeke betringspotensial
2. Omtale av verksemda
Tenester etter sosialtenestelova vert ytt i eininga for pleie- og omsorg som består av institusjonsteneste, heimeteneste, tenester for psykisk utviklingshemma, rehabiliterings og service. Einingsleiar rapporterer til kommunalsjef for helse- og omsorg, som rapporterer til rådmann som øvste leiar. Vedtak om tenester innanfor området som er undersøkt vert fatta av to sakshandsamarar tilhøyrande i Rehabiliteringsavdelinga og Heimetenesta. Sakshandsamar er blant anna ansvarleg for rekruttering og oppfølging av støttekontaktar og private avlastarar. I avdeling for tenester til utviklingshemma er dagsenter, avlastning, prosjekt og natttenester plassert. Det vert også ytt tenester til utviklingshemma i avdeling for heimetenesta. Funksjonen som overordna fagleg ansvarleg for bruk av tvang overfor psykisk utviklingshemma er lagt til einingsleiar.
I 2010 og 2011 har Fylkesmannen ikkje motteke meldingar om bruk av tvang etter reglane i sosialtenestelova frå Øygarden kommune.
3. Gjennomføring
Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:
Revisjonsvarsel blei sendt ut 8.9.2011.
Opningsmøte blei halde 15.11.2011.
Intervju - 7 personar blei intervjua.
Oversikt over dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.
Sluttmøte blei halde 15.11.2011.
4. Kva tilsynet omfatta
I dette tilsynet har merksemda vore retta mot om kommunen sikrar at forholda blir lagt til rette for tenesteyting til personar med psykisk utviklingshemming med minst mulig bruk av tvang og makt, jf. sosialtenestelova § 4A-4, og om tenestemottakarane sitt tenestetilbod etter sosialtenestelova § 4-2 bokstav a-d blir endra i samsvar med endringar i hjelpebehov og uavhengig av endra rammer.
Tilsynet omfatta følgjande områder:
Område 1:
Om kommunen sikrar at personar med psykisk utviklingshemming mottek eit forsvarleg tenestetilbod etter lov om sosiale tenester § 4-3 jf § 4-2 bokstav a-d, i samsvar med eventuelle endringar i behov for bistand og uavhengig av endringar i rammevilkår
Område 2:
Om kommunen sikrar at utføring av tenester etter lov om sosiale tenester § 4-2 bokstav a-d overfor personar med psykisk utviklingshemming ikkje skjer i strid med reglane i lov om sosiale tenester kapittel 4A
5. Funn
Avvik:
Øygarden kommune gir ikkje nødvendig opplæring i reglane i kapittel 4A til støttekontaktar, private avlastarar og tilsette i heimetenesta som yter tenester til heimebuande personar med utviklingshemming.
Avvik frå:
- Lov om sosiale tenester § 4A-4 jf § 2-1 andre ledd og forskrift om internkontroll i sosial og helsetenesta § 4 c og g.
Kommentar:
Av lov om sosiale tenester § 4A-4 går det fram at kommunen plikter å sørgje for at forholda vert lagt til rette for minst mulig bruk av tvang. Det er presisert at tenesteytarane skal sikrast nødvendig opplæring og fagleg rettleiing. Av § 2-1 følgjer det at kommunen skal føre internkontroll for å sikre at krav gjeve i medhald av kapittel 4A vert halde, og kontrollere at desse tiltaka er tilstrekkelege.
Avviket byggjer på følgjande observasjonar:
- Under tilsynet kom det fram at tenestene støttekontakt, privat avlastning og praktisk bistand blir ytt, utan at dei som tildeler og utfører tenestene har fått nødvendig opplæring i reglane i kapittel 4A.
- Det er ikkje føreteke ei vurdering av kva kompetanse tilsette som yter tenestene støttekontakt, privat avlastning og praktisk bistand til utviklingshemma har trong for.
6. Vurdering av styringssystemet i verksemda
Opplæringa som er gitt i haust, i form av e-læringsprogram, har berre vore gitt til eininga tenester for psykisk utviklingshemma, sjølv om det vert ytt tenester til utviklingshemma også i andre einingar. Leiinga ved verksemda er ansvarleg for å skaffe ei oversikt over kvar det er fare for svikt og kva opplæring som er nødvendig. Det blir gitt uttrykk for at dei ikkje har tenkt over at opplæringa også burde omfatte støttekontaktar, private avlastarar og tilsette i heimetenesta som yter tenester til utviklingshemma. Det blir gitt uttrykk for at dei skal utvide opplæringa til å gjelde alle som yter tenester etter sosialtenestelova til utviklingshemma, der dei ved gjennomgangen vil vurdere kva tiltak som er nødvendige og tilstrekkelege og kor omfattande opplæringa skal vera.
7. Regelverk
- LOV 1991-12-13 nr 81: Lov om sosiale tenester m.v. (sosialtenestelova)
- LOV 1967-02-10 : Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningslova) FOR 2002-12-20 nr 1731: Forskrift om internkontroll i sosial- og helsetenesta
8. Dokumentunderlag
Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei send over da revisjonen blei førebudd:
- Organisasjonskart for Øygarden kommune
- Organisasjonskart pleie og omsorg
- Delegasjonsreglement/vedtaksmynde
- Interne rutinar for lov om sosiale tenester kapittel 4A
- Kven er fagleg ansvarleg og kven er dagleg ansvarleg for tenesta etter kap 4A
- Prosedyre for enkeltmelding etter § 4A-5 bokstav a
- Reglar for sakshandsaming for utforming av vedtak etter lov om sosiale tenester kapittel 4A
- Prosedyre for føring av protokoll etter bruk av tvang og makt etter kapittel 4A bokstav b og c
- Stadfesting på at brukar og hans representant har vore tatt med på råd ved utforming av vedtak etter kapittel 4A
- Evaluering av vedtak etter kapittel 4A
- Plan for personalrettleiing og oppfølging av vedtak etter kapittel 4A
- Opplæringslogg etter kapittel 4A for Ternholmtunet
- Fylkesmannens rettleiar for utorming av vedtak om bruk av tvang og makt
- Enkeltvedtak om tildeling av sosiale tenester etter § 4-3 jf § 4-2 bokstav a til d – 10 vedtak
- Individuelle planar – 3 stk, samt evaluering av vedtak om bruk av tvang
- Opplæringsplan for pleie og omsorgstenestene 2011
- Stillingsomtale for fagleiar – Ternholmsenteret
- Stillingsomtale for sjukepleiar/vernepleiar
- Stillingsomtale for hjelpepleiar/omsorgsarbeidar/helsefagarbeidar
- Stillingsomtale for pleiemedhjelpar
- Stillingsomtale for aktivitør
Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen:
- Diverse e-post mellom Øygarden kommune og Fylkesmannen med informasjon om ansvarstilhøve og oversikt over tilsette ved Ternholmsenteret
- E-post frå Fylkesmannen med program
9. Deltakarar ved tilsynet
Tabellen under gir ein oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.
Namn |
Funksjon / stilling |
Opningsmøte |
Intervju |
Sluttmøte |
---|---|---|---|---|
Kristin Straume |
Fagansvarleg |
X |
X |
X |
Anne Sissel Oen |
Sakshandsamar |
X |
X |
|
Wenche Glitre |
Hjelpepleiar |
X |
X |
X |
Marianne Dåvøy |
Assistent |
X |
X |
X |
Merete T. Hernar |
Vernepleiar |
X |
X |
X |
Ingrid Froli |
Assistent |
X |
X |
|
Britt Jorunn Landro |
Einingsleiar |
X |
X |
X |
Frå tilsynsorganet deltok:
Torill Vebenstad, Birthe Lill Christiansen og Vibeke Herskedal, med sistnemnde som revisjonsleiar