Helsetilsynet

Samandrag

Fylkesmannen og Helsetilsynet i Hordaland gjennomførte tilsyn med Radøy kommune 5. september 2011. Tilsynet omfatta kommunens systematiske tiltak for å sikre individuelt tilrettelagte og koordinerte tenester til unge, aldersgruppa 12-20 år, med rett til individuell plan.

Innan tema for tilsynet blei det ikkje avdekt forhold som var i strid med krav i sosial- og helselovgjevinga.

Mynde til å avgjere kven som skal få individuell plan er lagt til koordinerande eining for habilitering og rehabilitering. Terskelen for å få individuell plan er låg. Det er etablert praksis å opprette ansvarsgrupper og bruke ansvarsgruppemøte til gjennomgang, justering og evaluering av individuelle planar. Det er lagt vekt på og tilrettelagt for at pasient/brukar og pårørande kan medverke.

Dato: 6. oktober 2011

Anne Grete Robøle
revisjonsleiar

Torill Vebenstad
revisor

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med Radøy kommune 5. september 2011. Tilsynet er ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen og Helsetilsynet i Hordaland i dette året.

Dette tilsynet omfattar både helsetenester etter helselovgjevinga som er underlagt tilsyn frå Helsetilsynet i fylket og sosiale tenester etter sosialtenestelova som er underlagt tilsyn frå fylkesmannen.

Tilsynet blei utført som systemrevisjon. Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgjevinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgjevinga innanfor dei områda tilsynet omfattar
  • tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • tiltaka er gode nok for å sikre at lovgjevinga blir følgd

Rapporten handlar om dei funn som blei gjort under revisjonen og gjev derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Koordinerande eining for habilitering og rehabilitering er lagt til barne- og familietenesta. Tre personar, leiar for barne- og familietenesta, fagleiar for helsestasjon og leiande fysioterapeut, skal samarbeide om å ivareta oppgåvene.

Då tilsynet blei gjennomført var det 15 personar i aldersgruppa 12- 20 år som anten hadde fått individuell plan eller arbeid med individuell plan var starta.

Enkelte koordinatorar for individuell plan er også med i ansvarsgrupper for andre unge. Eit par av koordinatorane deltek kvar i 8 – 10 ansvarsgrupper.

3. Gjennomføring

Tilsynet omfatta følgjande aktivitetar:

Melding om tilsyn blei sendt 12. juli 2011.

Program blei sendt 24. og 31. august 2011.

Opningsmøte blei halde 5. september 2011.

Intervju: 8 personar blei intervjua.

Sluttmøte blei halde 5. september 2011.

Oversikt over dokument og opplysningar som Radøy kommune har sendt over i samband med tilsynet og dokument som blei gjennomgått under tilsynet, er lista i kapittel 8.

4. Kva tilsynet omfatta

Tilsynet undersøkte om kommunen ved systematisk styring og kontroll sikrar at unge i aldersgruppa 12-20 år med rett til individuell plan, får individuelt tilrettelagte og koordinerte tenester. Det var særleg fokus på funksjonen til koordinerande eining for habilitering og rehabilitering og korleis kommunen sikrar at individuelle planar blir realiserte, oppdaterte og evaluerte.

5. Funn

Innan tema for tilsynet blei det ikkje avdekt forhold som var i strid med krav i sosial- og helselovgjevinga.

6. Regelverk

  • Lov av 30. mars 1984 nr. 15 om statlig tilsyn med helsetjenesten
  • Lov av 13. desember 1991 nr. 81 om sosiale tjenester mv
  • Lov av 19. november 1982 nr. 66 om helsetjenesten i kommunene
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 63 om pasientrettigheter
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 64 om helsepersonell m.v.
  • Forskrift av 23. desember 2004 nr. 1837 om individuell plan etter helselovgivningen og sosialtjenesteloven
  • Forskrift av 28. juni 2001 nr. 765 om habilitering og rehabilitering
  • Forskrift av 21. desember 2000 nr. 1385 om pasientjournal
  • Forskrift av 20. desember 2002 nr. 1731 om internkontroll i sosial- og helsetjenesten

7. Vurdering av styringssystemet

Styringsliner, ansvar og oppgåver som koordinerande eining for habilitering og rehabilitering skal ivareta, er definerte og kjende.

Tilsette har fått informasjon om individuell plan. Rutinane for å opprette ansvarsgrupper og bruke møte i gruppene til informasjon, utarbeiding og evaluering av individuelle planar, er godt innarbeidde. Terskelen for å opprette ansvarsgruppe og for å få individuell plan er låg. Pasient/brukar og pårørande deltek i utarbeiding og evaluering av planane.

Dei enkelte deltenestene er sårbare ved at det er få tilsette i kvar eining som skal ivareta ulike oppgåver, inklusive ansvarsgrupper og koordinering av arbeid med individuelle planar. Ivaretaking av oppgåvene som er lagt til koordinerande eining, mellom anna det sektorovergripande arbeidet (systemansvaret) for individuell plan, rekruttering, opplæring og oppfølging av koordinatorar, føreset faste møteplassar. Leiinga er merksam på utfordringar i arbeidet. Det er planlagt evaluering av den noverande organiseringa av koordinerande eining i 2013.

8. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold, send over i samband med førebuing av tilsynet:

  • Informasjon om tilsende dokument og tenester
  • Organisasjonskart Radøy kommune
    • Helse- og omsorgstenesta
    • Barne- og familietenesta
  • Oversikt over leiarar
  • Omtale – organisering av barne- og familietenesta
  • Delegasjonsreglement Radøy kommune
  • Informasjon om opplæring individuell plan
  • Kvalitetssystem for Radøy kommune – Individuell plan
  • Fem anonymiserte individuelle planar og referat frå ansvarsgruppemøte

Dokument som blei gjennomgått under tilsynet:

  • Referatbok frå fagleiarmøte i barne- og familietenesta

Korrespondanse mellom Radøy kommune og Fylkesmannen og Helsetilsynet i Hordaland:

  • Melding om tilsyn blei sendt i brev 12. juli 2011
  • Dokumentasjon frå Radøy kommune, brev av 19. august 2011 med vedlegg
  • Brev av 24. august 2011 vedlagt program for tilsynet
  • E-brev av 31. august 2011 vedlagt oppdatert program

9. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøtet og sluttmøtet, og over kva personar som blei intervjua.

Deltakere ved tilsynet

Navn

Funksjon / stilling

Åpningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Christian Fotland

Rådmann

X

 

X

Evy B. Solsvik

Psykiatrisk hjelpepleiar

X

X

X

Jørgen Bleikli

Einingsleiar BF-tenesta

X

X

X

Nina Kvamme

Rådgjevar, helse- og omsorg

X

   

Bjarnhild N. Myhre

Vernepleiar, Radøy arbeidssenter

X

X

X

Tove Linn Øren

Helsesyster

X

X

 

Grethe Fosse

Kommuneoverlege

X

Telefon-intervju

X

Karoline Vaktskjold

Einingsleiar Barne- og familietenesta

X

X

X

Bente Håtuft

Leiar for helsestasjonstenesta

X

X

X

Harald Simonsen

Psykolog, fagleiar PPT

   

X

Kaja Hopland Reinkjøp

Fysioterapeut

 

X

 

Frå Fylkesmannen og Helsetilsynet i Hordaland deltok:

Robøle, Anne Grete, seksjonsleiar

Vebenstad, Torill, seniorrådgjevar