Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Samandrag

Fylkesmannen gjennomførte tilsyn med Styve gard som del av årets planlagde tilsyn med barneverninstitusjonar i Hordaland. Denne rapporten gjer greie for gjennomføring av tilsynet. Tilsynet gjaldt følgjande område:

  • Institusjonen sine rutinar og praksis for føring av tvangsprotokollar og behandling av klager på bruk av tvang .

Det vart ikkje avdekka avvik under tilsynet.

Det vart ikkje funne grunnlag for merknader under tilsynet

Dato: 28.10.2011

Eirik Lyssand
revisjonsleiar

Hilde Ordemann
revisor

 

 

Brevet er godkjent elektronisk og har difor inga underskrift

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved Styve gard i perioden 26.10.2011 . Revisjonen går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen i dette året.

Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med barneverntenesta etter lov om barneverntenester § 5-7 jf forskrift om tilsyn med barn i barneverninstitusjonar § 9.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor dei tema tilsynet omfattar
  • om tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • om tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd

Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finner grunn til å påpeke betringspotensial

2. Omtale av verksemda

Styve Gard er ein behandlingsinstitusjon eigd av Stiftinga Kirkens Sosialtjeneste.

Institusjonen har for tida to institusjonsavdelingar Garden og Huset, begge på Evanger. Desse avdelingane er godkjent for plasseringar heimla i barnevernlova §§ 4-4, femte ledd, 4-12, 4-24 og 4-26. Institusjonen har avtale om faste plasser og rammeavtale med Bufetat.

Personalet i avdelingane går i medlevarturnus.

Ungdomane på Styve Gard er i alderen 14-23 år, og har problem knytt til rus, kriminalitet, åtferd og/eller psykisk helse.

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Revisjonsvarsel vart sendt ut 23.5.2011, og tilsyn vart først avtala 29.6.2011.  Av ulike grunnar måtte tilsynet utsetjast til 26.10.2011.

Opningsmøte vart halde 26.10.2011.

Intervju: 5 personar vart intervjua.

Oversikt over dokumentasjon som vart gjennomgått under revisjonsbesøket, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Sluttmøte vart halde 26.10.2011.

4. Kva tilsynet omfatta

Tilsynet omfatta institusjonen sine rutinar og praksis for føring av tvangsprotokollar og behandling av klager på bruk av tvang jf Barnevernlova § 5-9 og rettighetsforskrifta §§ 2,5,8,14,16,17-25.

5. Funn

Det vart ikkje avdekka avvik under tilsynet.

Det vart ikkje funne grunnlag for merknader under tilsynet.

6. Regelverk

  • Lov om barneverntenester av 17. juli 1992 nr. l00
  • Forskrift av 11. desember 2003 nr. 1564 om tilsyn i barneverninstitusjonar for omsorg og behandling
  • Forskrift av 6. oktober 2008 nr. 580 om krav til kvalitet i barneverninstitusjonar
  • Forskrift av 12. desember 2002 nr. 1594 om rettar og bruk av tvang under opphald i barneverninstitusjonar
  • Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker av 10. februar 1967

7. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som vart send over da revisjonen blei førebudd:

  • Organisasjonskart pr 29.9.2011.
  • Bemanningsoversikt pr 29.9.2011.
  • Prosedyreskildring "Føring i tvangsprotokoll".
  • Plan for kompetansehevande tiltak.
  • Kopi av tvangsprotokollar for perioden 1.4. - 31.8.2011.
  • Prosedyre for urinprøvetaking.

Dokumentasjon som vart gjennomgått under revisjonsbesøket:

  • Stikkprøvar i bebuarane sine dagrapportar.

Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen:

  • Diverse e-postar med avtale om gjennomføring av tilsynet med blant anna timeplan for dagen.

8. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som vart intervjua.

Deltakere ved tilsynet

Namn

Funksjon / stilling

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Jan Bjarte Kjelby

Verksemdsleiar

X

X

X

Frode Mosevoll

Nestleiar

X

 

X

Ase Viste Rasmussen

Avdelingsleiar

X

X

X

Aina Amalie Valland

Miljøterapeut

X

X

X

Karina B Sandnes

Miljøterapeut

X

X

X

Ann Christin Sandsengen

Miljøterapeut

X

X

X

Frå Fylkesmannen deltok:
revisor Hilde Ordemann revisor og revisjonsleiar Eirik Lyssand