Helsetilsynet

Samandrag

Denne rapporten gjer greie for dei avvika og merknadene som blei påpeikte innanfor dei områda som blei reviderte. Systemrevisjonen gjaldt følgjande område:

  • Om kommunen sikrar at personar med psykisk utviklingshemming mottek eit forsvarleg tenestetilbod etter lov om sosiale tenester § 4-3 jf. § 4-2 bokstav a-d, i samsvar med eventuelle endringar i behov for bistand og uavhengig av endringar i rammevilkår.
  • Om kommunen sikrar at utføring av tenester etter lov om sosiale tenester § 4-2 bokstav a-d overfor personar med psykisk utviklingshemming ikkje skjer i strid med reglane i lov om sosiale tenester kapittel 4A.

Under tilsynet hadde vi eit særleg fokus på om det er gitt naudsynt opplæring og om tenesteytarane mottek rettleiing i høve reglane om bruk av tvang.

Det blei avdekt følgjande avvik:

Sund kommune sikrar ikkje at tenester etter lov om sosiale tenester § 4-2 bokstav a-d til personar med utviklingshemming, er i samsvar med reglane i lov om sosiale tenester kapittel 4A.

Det blei ikkje funne grunnlag for merknader innanfor dei kontrollerte områda.

Dato: 26.9.2011

Torill Vebenstad
revisjonsleiar

Hilde Ordemann
revisor

 

 

Brevet er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift.

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon i Sund kommune den 13.9.2011.

Revisjonen går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen i dette året

Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med sosialtenesta etter lov om sosiale tenester 2-6.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor de tema tilsynet omfattar
  • om tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • om tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd

Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finner grunn til å påpeke betringspotensial

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Tenester etter sosialtenestelova til personar med psykisk utviklingshemming blir tildelt og ytt i eininga Tiltak for funksjonshemma. Fagleiar er overordna fagleg ansvarleg for kapittel 4A og rapporterar til rådmann som øvste leiar.

I 2010 og 2011 har Fylkesmannen ikkje motteke meldingar om bruk av tvang etter reglane i sosialtenestelova frå Sund kommune.

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Revisjonsvarsel blei sendt ut 9.6.2011. Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Opningsmøte blei halde 13.9.2011.

Intervjuer

6 personar blei intervjua.

Oversikt over dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Sluttmøte blei halde 13.9.2011.

4. Kva tilsynet omfatta

I dette tilsynet har merksemda vore retta mot om kommunen sikrar at forholda blir lagt til rette for tenesteyting til personar med psykisk utviklingshemming med minst mulig bruk av tvang og makt, jf. sosialtenestelova § 4A-4, og om tenestemottakarane sitt tenestetilbod etter sosialtenestelova § 4-2 bokstav a-d blir endra i samsvar med endringar i hjelpebehov og uavhengig av endra rammer.

Tilsynet omfatta følgjande områder:

Område 1:

Om kommunen sikrar at personar med psykisk utviklingshemming mottek eit forsvarleg tenestetilbod etter lov om sosiale tenester § 4-3 jf § 4-2 bokstav a-d, i samsvar med eventuelle endringar i behov for bistand og uavhengig av endringar i rammevilkår

Område 2:

Om kommunen sikrar at utføring av tenester etter lov om sosiale tenester § 4-2 bokstav a-d overfor personar med psykisk utviklingshemming ikkje skjer i strid med reglane i lov om sosiale tenester kapittel 4A

5. Funn

Avvik:

Sund kommune sikrar ikkje at tenester etter sosialtenestelova § 4-2 bokstav a-d til personar med utviklingshemming er i samsvar med reglane i sosialtenestelova kapittel 4A.

Avvik frå:

  • Lov om sosiale tenester § 4A-4 jf § 2-1 andre ledd og forskrift om internkontroll i sosial og helsetenesta § 4.

Kommentar:

Av lov om sosiale tenester § 4A-4 går det fram at kommunen plikter å sørgje for at forholda vert lagt til rette for minst mulig bruk av tvang. Det er presisert at tenesteytarane skal sikrast nødvendig opplæring og fagleg rettleiing. Av § 2-1 følgjer det at kommunen skal føre internkontroll for å sikre at krav gjeve i medhald av kapittel 4A vert halde, og kontrollere at desse tiltaka er tilstrekkelege.

Avviket byggjer på følgjande observasjonar:

  • Der ligg føre skriftlige rutinar for utfylling av einskildmeldingar om bruk av tvang, og tilsette får opplæring i dette. Det blei opplyst i intervju at det var nytta tvang og at tilsette hadde fylt ut einskildmeldingar. Desse meldingane blei ikkje handtert i samsvar med reglane i kapittel 4A, under dette blei ikkje meldingane sendt Fylkesmannen for overprøving.

6. Vurdering av styringssystemet i verksemda

Der ligg føre prosedyrar for saksbehandling som sikrar omsyn til evaluering og eventuell endring i bistandsbehov. Desse er kjent for tenesteytarane og i bruk i eininga.

Der er fokus på opplæring og kompetansehevande tiltak, og alle som gir tenester til personar med utviklingshemming får informasjon om reglane i kapittel 4A.

Kommunen har nytta tilsynserfaringar til ein gjennomgang og oppdatering av prosedyrar, og har sjølv avdekka at rutinar i høve handtering av einskildmeldingar ikkje er følgt.

7. Regelverk

  • LOV 1991-12-13 nr 81: Lov om sosiale tenester m.v. (sosialtenestelova)
  • LOV 1967-02-10 : Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningslova)
  • FOR 2002-12-20 nr 1731: Forskrift om internkontroll i sosial- og helsetenesta

8. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei send over da revisjonen blei førebudd:

  • Organisasjonskart
  • Delegasjonsreglement for Sund kommune
  • Oversikt over tenester og tenestestader
  • Årsmelding 2010 Tiltak for funksjonshemma
  • Verksemdsplan 2011 Tiltak for funksjonshemma
  • Rutinar sakshandsaming av søknader om tenester
  • Opplæringsplan for nytilsette
  • Oversikt over kurs og kompetanseheving 2011
  • Funksjonsbeskriving miljøterapeut
  • Funksjonsbeskriving miljøarbeidar
  • Funksjonsbeskriving assistent
  • Felles omgrep og retningsliner for tiltak for funksjonshemma
  • 9 stk. vedtak på tenester
  • 5 stk. Individuelle Planar

Dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket:

  • Brev u.off frå Sund kommune datert 24.2.2011
  • Godkjent vedtak om bruk av tvang datert 7.12.2009 og 29.6.2011 - u.off
  • Protokoller om bruk av tvang - u.off
  • Prosedyre; Arbeidsfordeling og oppfølging av skjema; ”Melding om skadeavverjande tiltak i naudsituasjonar”.

Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen:

  • E-post frå Sund kommune av 21.7.2011 med namn på kontaktperson
  • E-post frå Fylkesmannen av 9.9.2011 med program

9. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Deltakere ved tilsynet

Namn

Funksjon / stilling

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Ingebjørg Børnes

Avdelingsleiar Grønebakkane

X

X

 

Åse Karin Slettebakken

Miljøarbeidar

X

X

 

Margrethe Hammersland

Miljøarbeidar

X

X

X

Åshild Erstad Hagen

Fagkonsulent/Miljøterapeut

X

X

X

Catrine L. Fagerbakken

Miljøterapeut

X

X

X

Marit M. Nielsen

Fagleiar

X

X

X

Gerhard Inge Storebø

Rådmann

X

 

X

Frå tilsynsorganet deltok:

Hilde Ordemann, seniorrådgjevar

Torill Vebenstad, seniorrådgjevar