Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Samandrag

Denne rapporten gjer greie for dei avvik og merknader som vart påpeikte innanfor dei områda som vart kontrollerte. Systemrevisjonen gjaldt følgjande område:

Om kommunen sikrar at søknader om økonomisk stønad blir handsama i samsvar med krav i lov og forskrift. Under dette om kommunen sikrar at det blir føreteke individuelle vurderingar ved handsaming av søknadar om økonomisk stønad. Det var vidare undersøkt om dei som vender seg til Nav Ulvik får naudsynt rettleiing og om teieplikta vert ivareteke.

Det blei ikkje gitt avvik i samband med tilsynet.

Dato: 16.6.2011

Hilde Ordemann
revisjonsleiar
Birthe Lill Christiansen
revisor

 

 

Brevet er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift.

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon i Ulvik herad 7. og 8. juni 2011. Revisjonen går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen i dette året.

Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med sosialtenesta etter lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga § 9.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor de tema tilsynet omfattar
  • at tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • at tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd

Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsett i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finner grunn til å påpeke betringspotensial

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Nav Ulvik har ansvar for handsaming av søknader om økonomisk stønad. Det ligg føre ein samarbeidsavtale mellom Ulvik herad og Arbeids- og velferdsetaten i Hordaland som slår fast at Nav Ulvik har leiar som er tilsett i Ulvik herad. Det er to tilsette i Nav Ulvik som handsamar søknader om økonomisk stønad. Klientar som møter i tenestetorget blir viste til ein av dei to som har ansvar for handsaming av søknader. Kontoret har ope kvar dag.

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Revisjonsvarsel blei sendt ut 28.6.2010. Tilsynet vart utsett frå 2010 til 2011. Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet og dokument som blei gjennomgått under tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Opningsmøte blei halde 7.6.2011.

4 personar blei intervjua.

Sluttmøte blei halde 8.6.2011.

4. Kva tilsynet omfatta

Det blei ført tilsyn med området økonomisk stønad etter §§ 18 og 19 i lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga, stønad til livsopphald og stønad i særlige tilfelle. Dette var avgrensa til emna forsvarleg handsaming med vekt på individuelle vurderingar, samt ivaretaking av teieplikta.

Tilsynet var delt i tre underemne:

  • korleis søknader vert handtert
  • korleis kartlegging/innhenting av relevante opplysningar skjer
  • korleis vurderingar vert gjort og avgjerder vert tatt

5. Funn

Det blei ikkje avdekka avvik eller gitt merknader under tilsynet.

6. Regelverk

  • Lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga av 18.12.2009 nr. 131
  • Forskrift om internkontroll i sosial- og helsetjenesten av 20.12.2002 nr. 1731
  • Forvaltningsloven av 10.2.1967
  • Forskrift til forvaltningsloven av 15.12.2006 nr. 1456
  • Forskrift om delegering mellom stat og kommune om oppgaveutførelsen i de felles lokale kontorene i arbeids- og velferdsforvaltningen av 26.1.2007 nr. 107

7. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda som blei send over da revisjonen blei førebudd:

  • Organisasjonskart Ulvik herad
  • Organisasjonskart Ulvik herad sosialtenesta
  • Delegasjon frå rådmann til Nav leiar
  • Samarbeidsavtale Ulvik herad og Arbeids- og velferdsetaten i Hordaland
  • Oversikt over tilsette med ansvar for mottak og sakshandsaming i Ulvik herad
  • Oversikt over opplæring for tilsette i sosialtenesta
  • Rutinar for sakshandsaming i sosialtenesta
  • Klagesaker send fylkesmannen
  • 20 vedtak med tilhøyrande søknad om økonomisk stønad

Dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket:

  • Saksmapper for 12 sakar om økonomisk sosialhjelp
  • Søknadsskjema for søknad om økonomisk stønad

Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen:

  • Brev med varsel om tilsyn
  • Oversending av dokument frå kommunen
  • Oversending av kopi av vedtak
  • E-post med program for tilsyn

8. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ein oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Deltakere ved tilsynet

Navn

Funksjon / stilling

Åpningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Marianne Lindahn

Leiar Nav Ulvik herad

X

X

X

Marit Øines

Sakshandsamar

 

X

X

Jon Oppedal

Rådmann

 

X

 

Bente Myhre

Sekretær på tenestetorget Ulvik herad

 

X

 

Frå tilsynsorganet deltok:
Birthe Lill Christiansen
Hilde Ordemann, revisjonsleiar