Helsetilsynet

Samandrag

Dette tilsynet er ein del av det landsomfattande tilsynet med kommunale barneverntenester i 2011. Det er det første tilsynet fylkesmannen gjennomførar på oppdrag frå Statens helsetilsyn etter at dei tok over det overordna ansvaret for tilsyn med barnevernfeltet 1. januar 2010.

Denne rapporten gjer greie for dei avvika som blei påpeikte innanfor dei områda som det blei ført tilsyn med.

Tilsynet omfatta:

  • Kommunen sitt arbeid med undersøkingar jf lov om barneverntjenester § 4-3
  • Evaluering av hjelpetiltak for heimebuande barn jf lov om barneverntjenester § 4-5
  • Barns rett til medverknad jf Barnekonvensjonen artikkel 12.

Det blei gitt to avvik ved tilsynet:

Avvik 1:

Voss kommune gjennomfører ikkje alle undersøkingar i samsvar med lov og forskrift

Avvik 2:

Voss kommune gjennomfører ikkje tilstrekkeleg evaluering av hjelpetiltak for heimebuande barn

Dato: 14. april 2011

Eirik Lyssand Randi Alme Flataker

Revisjonsleiar revisor

Vibeke Herskedal

revisor

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved Voss barnevernteneste i perioden 12–13. april 2011. Revisjonen går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen i dette året, og er eit av tre landsomfattande tilsyn med det kommunale barnevernet i 2011.

Fylkesmannen sin heimel til å føre tilsyn med barneverntenesta i kommunen går fram av lov om barneverntenester § 2-3, fjerde ledd.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:

  • Kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor de tema tilsynet omfattar.
  • Om tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte.
  • Om tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd.

Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte.
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finner grunn til å påpeke betringspotensiale.

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Voss kommune er ein landkommune med ca 14000 innbyggjarar. Barneverntenesta ligg innanfor eining for helse og sosialtenester sitt ansvarsområde med kommunalsjef som leiar.

Barnevernleiar har ansvar for barneverntenesta med 7,92 stillingar, tiltak for einslege mindreårige flyktningar med 9,25 stillingar og hjelpetiltaket Voss familiesenter med 1,8 stillingar.

Barneverntenesta har siste året opplevd vekst i talet på nye saker. Det kom inn 21 % fleire meldingar i 2010 enn året før, og det vart i 2010 39% fleire barn under omsorg frå (18 til 25).

Kommunen er tildelt ei ny stilling via satsingsmidlane for barnevernet 2011, samt eit årsverk knytt til rusprosjektet ”Unge i risiko”. Tronge kontorlokale har ikkje gjort det mogeleg å tilsette folk i desse stillingane. Det er nyleg avklara at flytting til nye og meir tenlege lokale vil skje i juli 2011.

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Revisjonsvarsel blei sendt ut 15. februar 2011.

Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Opningsmøte blei halde 12. april.

Intervju blei gjennomført 12. og 13. april.

6 personar blei intervjua.

Oversikt over dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Sluttmøte blei halde 13. april 2011

4. Kva tilsynet omfatta

Det blei ført tilsyn med to hovudtema:

1. Gjennomføring av undersøkingar. I dette tema ligg fire undertema

  • Sikrar kommunen at det blir gjennomført ei tilstrekkeleg undersøking?
  • Sikrar kommunen barns rett til medverknad i undersøkinga?
  • Sikrar kommunen at det er gjort ei forsvarleg vurdering før undersøkinga blir avslutta?
  • Sikrar kommunen at undersøkingar blir gjennomført innanfor lovpålagte fristar?

2. Evaluering av hjelpetiltak til heimebuande barn. I dette ligg to undertema

  • Sikrar kommunen at det blir gjennomført ei forsvarleg evaluering?
  • Sikrar kommunen at barn medverkar i evalueringsfasen?

5. Funn

Det blei avdekka to avvik

Avvik 1.

Voss kommune gjennomfører ikkje alle undersøkingar i samsvar med lov og forskrift

Avvik frå:

  • Lov om barneverntenester §§ 4-3,6-1, 6-3, 6-9. Barnekonvensjonen artikkel 12

Kommentar til lovkrav:

Barneverntenesta har både ein rett og plikt til å gjere undersøkingar nå den vurderer at det er ”rimeleg grunn til å anta” at det ligg føre forhold som kan gi grunnlag for tiltak etter barnevernlova. Forvaltningslova sine reglar for saksbehandling gjeld for saksbehandlinga der barnvernlova ikkje har særreglar. Barn skal informerast og gis høve til å uttale seg før det blir tatt avgjerd i sak som berører han eller henne. Ei undersøking skal behandlast innan tre månader, i særlege høve innan seks månader

Avviket byggjer på følgjande observasjonar:

  • Ved gjennomgang av mapper og i intervju kom det fram at ikkje alle saker blir avslutta innan fristkrava i barnevernlova. Ikkje alle undersøkingar er gjennomført innanfor fristkrava i lova. Rapporteringsskjema pr 31.12.2010 viser at Voss kommune i 21 saker har brukt mellom 3-6 månader på undersøking og i to saker meir enn 6 månader.
  • Munnlege opplysningar som er vurdert viktige for saka blir ikkje systematisk nedteikna eller journalført.
  • Fleire av sakene viser manglande start- og avslutningstidspunkt samt konklusjon for undersøking. I fleire av desse sakene er det utydeleg om opplysningar høyrer til oppfølging av iverksette tiltak, eller om opplysingane er knytt til ny undersøking.
  • Dei framlagte prosedyrane for gjennomføring av undersøkingar samsvarer ikkje med praksis slik det er dokumentert i saksmapper og intervju.
  • Praksis er at det blir vurdert om ein skal snakke med barna i undersøkinga, men slik vurdering er ikkje dokumentert.
  • Det er ikkje dokumentert at det ligg føre samtykke til innhenting av opplysingar i alle sakene.
  • Framdrift i undersøkingssaker avheng i stor grad av saksbehandlars kapasitet.
  • Brot på lovkrav knytt til gjennomføring av undersøkingar er fanga opp av leiinga i kommunen. Endringstiltak er vurdert og vedteken, men enno ikkje sluttført.

Avvik 2:

Voss kommune gjennomfører ikkje tilstrekkeleg evaluering av hjelpetiltak for heimebuande barn

Avvik frå:

  • Lov om barneverntenester §§ 4-5, 2-1,andre ledd, 6-1, 6-3 jf Barnekonvensjonen artikkel 12

Kommentar til lovkrav:

Barneverntenesta har ansvar for å følgje nøye med korleis det går med barnet og foreldra etter at tiltak er sett i verk. Det er ein føresetnad at tiltaket blir evaluert av barneverntenesta i fellesskap med den eller dei som tiltaket er retta mot, først og fremst barnet og foreldra. Barneverntenesta skal på skal på bakgrunn av innhenta opplysningar og barnets synspunkt vurdere om hjelpetiltaket er tenleg, eventuelt om det er nødvendig med nye tiltak, om tiltaket skal opphøyre, eller om det er grunnlag for omsorgsovertaking. Barnets synspunkt må tilleggjast vekt i samsvar med barnets alder og mognad. Retten til å bli høyrt gjeld i alle forhold som kring barnet.

Avviket byggjer på følgjande observasjonar:

  • Dokumentgjennomgang og intervju viser at det framleis ikkje er utarbeidd tiltaksplan i fleire saker. Rapporteringsskjema pr 31.12.2010 syner at det mangla tiltaksplan i 35 saker av 84 saker med hjelpetiltak.
  • I praksis skjer ofte evaluering munnleg. Om og når evaluering skjer avheng av kapasiteten til saksbehandlarane. I fleire av sakene er det ikkje dokumentert at evaluering er gjennomført.
  • Det ligg føre prosedyre for evaluering av hjelpetiltak som i liten grad blir nytta. Saksmappene syner ikkje barneverntenesta sine vurderingar av om målsetting med og effekt av tiltaket er oppnådd, eller om andre tiltak burde vore prøvd.
  • Ansvaret for evaluering av hjelpetiltak er i hovudsak overlate til den einskilde saksbehandlar. Arbeidet blir avhengig av i kva grad dei har oversikt eller kapasitet. Krav til evaluering av hjelpetiltak er kjent for leiinga, men ikkje følgd opp med systematiske tiltak.

6. Regelverk

1. Lov om barneverntjenester av 17.7.1992 nr 100.

2. Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltninglova) av 10.2.1967.

3. FNs konvensjon om barnets rettigheter – trådt i kraft 7.2.1991.

4. Forskrift om internkontroll for kommunens oppgaver etter lov om barneverntjenester av 14.12.2005 nr 1584.

7. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei send over da revisjonen blei førebudd:

  • Organisering og oversikt over tilsette med oppdatert organisasjonstablå for helse- og sosial
    eiaravtale
  • Samarbeidsrutinar internt i Voss kommune
    Samarbeidsrutinar mellom barnevernet og Voss familiesenter
    Handbok for TIBIR
    Informasjon om konsultasjonsteam
    Retningsliner for arbeid i ansvarsgrupper
    Retningsliner for arbeid med individuell plan
    Referat frå samarbeidsmøte
  • Prosedyrar og malar for barneverntenesta sitt arbeid med undersøkingar og hjelpetiltak
    Prosedyre – undersøking
    Prosedyre – evaluering av hjelpetiltak
  • Gjennomførde tiltak for å sikre brukarmedverknad
    Kopi av to fagartiklar om prosjekt Barneverntenesta har vore ein del av
    Frå objekt til aktør i barnevernets undersøkelser - Norges barnevern
    Screening av barn i barnevernet – tverretatlig samarbeid om utredning og tiltak (under avslutning)
  • Risikovurderingar – Internkontroll – årleg gjennomgang på fagdag.
  • Årsmelding 2010
  • Opplæringsplan og individuelle opplæringsplanar 2011
  • Rapporteringskjema barnevern pr 31.12.2010
  • Kontrollskjema for fristar i barnevernet 1.kvartal 2011.

Dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket:

  • 25 saksmapper. Av desse:
    13 siste henlagte undersøkingar
    2 siste undersøkingar der tre månaders fristen blei overskriden
    10 siste sakene med iverksatt hjelpetiltak i tida før 01.12.2010
  • Tilgang til og stikkprøver i elektronisk saksbehandlersystem ”Familia”.

Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen:

  • Epost med diverse avtaler om gjennomføring samt program og kva saksmapper ein ønska gjennomgå.

8. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Deltakere ved tilsynet

Namn

Funksjon/stilling

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Siren Vethe

Kontorfagleg

X

 

X

Gunvor Bråten

Barnevernleiar

X

X

X

Torhild Frøydis Eid

Kommunalsjef HSS

X

X

X

Sølvi Løne

Barnevernkonsulent

X

X

X

Solfrid Himle

Barnevernkonsulent

X

 

X

Oddmund M. Berge

Barnevernkonsulent

X

X

X

Sidsel B. Opheim

Stedfortredar

X

X

X

Monika Lid

Barnevernkonsulent

X

 

X

Wenke Melve

Barnevernkonsulent

X

   

Iril Schau Johansen

Kontorfagleg

   

X

Frå fylkesmannen deltok: Eirik Lyssand (tilsynsleiar), Vibeke Herskedal, Randi Alme Flataker