Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Sammendrag

Denne rapporten skildrar dei avvik og merknader som blei avdekt innanfor de reviderte områda. Tilsynet omfatta følgjande område:

Institusjonen sin praksis ved innhenting og handtering av politiattestar, under dette praksis ved tilsettingar og politiattest for oppdragstakarar.

Under tilsynet undersøkte vi om institusjonensikrarat politiattest ligg føre der det er krav om det, og vi gjekk gjennom politiattestane for alle tilsette.

Det blei ikkje avdekka tilhøve som er i strid med regelverket vedkomande politiattestar.

 

Eirik Lyssand
revisjonsleiar

Randi Alme Flataker
revisor

 

 

1. Innledning

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved BOenheten AS. Revisjonen inngår som ein del av Fylkesmannen si planlagde tilsynsverksemd i inneverande år.

Fylkesmannen er gitt mynde til å føre tilsyn etter barnevernlova§ 2-3b.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda oppfyller ulike krav i lovgivinga gjennom sin internkontroll. Revisjonen omfatta gransking av:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekke, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor det tema tilsynet omfatta
  • om tiltaka vert følgde opp i praksis og om naudsynt blir korrigert
  • om tiltaka er tilstrekkelege for å sikre at lovgjevinga blir overhalde

Ein systemrevisjon blir gjennomført ved gransking av dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten omhandla avvik og merknader som er avdekka under revisjonen og gir derfor ingen fullstendig tilstandsvurdering av verksemda sitt arbeid innanfor dei områda tilsynet omfatta.

  • Avvik er mangel på oppfylling av krav fastsett i eller i medhald av lov eller forskrift
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav fastsett i eller i medhald av lov eller forskrift, men der tilsynsmyndigheita finn grunn til å peike på forbetringspotensiale.

2. Beskrivelse av virksomheten - spesielle forhold

Boenheten AS, Bergen er ei avdeling i ein privat barneverninstitusjon med hovudkontor i Oslo. Avdelinga er godkjent for inntil 7 ungdomar plassert etter barnevernlova §§ 4-4, femte ledd, 4-12 eller 4-26. I godkjenningsvedtaket av 13.11.2008 er det understreka at institusjonsmodellen krev ein viss grad av motivasjon og samarbeid hos ungdomane, samt at ungdomane skal følgjast opp i sitt nærmiljø. Kvar ungdom har eige husvære og individuelt opplegg. Det er ingen fellesaktivitetar for ungdomane i tiltaket.

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Varsel blei sendt 17.4.2012. Oversikt over dokument verksemda har sendt oss i samband med tilsynet er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Opningsmøte blei halde 31.5.2012

Intervju
3 personar blei intervjua.

4. Hva tilsynet omfattet

Tilsynet omfatta institusjonen sin praksis ved innhenting og handtering av politiattestar, under dette praksis ved tilsetjingar og politiattest for oppdragstakarar.

 

5. Funn

Under tilsynet undersøkte vi om institusjonen sikrar at politiattest ligg føre der det er krav om det, og vi gjennomgikk politiattestane for alle tilsette. Det blei ikkje avdekt forhold som er i strid med regelverket vedkomande politiattestar.

6. Regelverk

  • Lov om barneverntjenester § 6-10
  • Forskrift om krav til kvalitet i barneverninstitusjoner § 10
  • Forskrift om tilsyn med barn i barneverninstitusjoner for omsorg og behandling §§ 7 og 9
  • Forskrift av 15.10.99 om politiattest i henhold til barnevernloven
  • Rundskriv Q-34/2011: Retningslinjer til forskrift om politiattest i henhold til barnevernloven

7. Dokumentunderlag

Verksemda si eigen dokumentasjon knytt til den daglege drift og andre tilhøve som blei sendt oss under førebuinga av revisjonen:

  • Organisasjonskart for institusjonen.
  • Rutine for innhenting og oppbevaring av politiattestar.
  • Oversikt over bemanning med tilsettingsdato, utdanning, og dato for innhenta politiattest.
  • Kopi av politiattestar for alle tilsette.
  • Bufetat sin rapport frå etterkontroll av privat barneverninstitusjon -Boenheten - datert 29.2.2012

8. Deltakere ved tilsynet

I tabellen under er det gitt en oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Deltakere ved tilsynet

Navn

Funksjon / stilling

Åpningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Tom Ove Koteng Monsen

Avdelingsleiar

X

X

X

Stine Rieber-Mohn

Nestleiar fagansvarleg

X

X

X

Hallgeir Sandal

miljøarbeider

X

X

 

Frå tilsynsmyndigheita deltok:

Randi Alme Flataker og Eirik Lyssand