Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Samandrag

Denne rapporten skildrar dei avvik og merknader som blei avdekt innanfor de reviderte områda. Tilsynet omfatta følgjande område:

Institusjonen sin praksis ved innhenting og handtering av politiattester, under dette praksis ved tilsettingar og politiattest for oppdragstakarar.

Under tilsynet undersøkte vi om institusjonen sikrar at politiattest ligg føre der det er krav om det, og vi gjekk gjennom politiattestane for alle tilsette.

Det ble ikkje avdekka tilhøve som er i strid med regelverket vedkomande politiattestar.

Dato: 9.3.2012

Hilde Ordemann
revisjonsleiar

Ivar Skjolden
revisor

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved Garnes Ungdomssenter 22. februar 2012. Revisjonen inngår som ein del av Fylkesmannen si planlagde tilsynsverksemd i inneverande år.

Fylkesmannen er gitt mynde til å føre tilsyn etter barnevernlova § 2-3.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksernda oppfyller ulike krav i lovgivinga gjennom sin internkontroll. Revisjonen omfatta gransking av:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekke, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor det terna tilsynet omfatta
  • om tiltaka vert følgde opp i praksis og om naudsynt vert korrigert
  • om tiltaka er tilstrekkelege for å sikre at lovgjevinga vert overhalde

Ein systemrevisjon vert gjennomført ved gransking av dokumenter, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten omhandler avvik og merknader som er avdekka under revisjonen og gir derfor ingen fullstendig tilstandsvurdering av virksomhetens arbeid innenfor de områder tilsynet omfattet.

  • Avvik er mangel på oppfylling av krav fastsett i eller i medhald av lov eller forskrift
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav fastsatt i eller i medhald av lov eller forskrift, men der tilsynsmyndigheten finner grunn til å peike på forbetringspotensiale.

2. Skildring av verksemda - spesielle forhold

Garnes Ungdomssenter består av to avdelingar. Den eine avdelinga består av einingane Vestlivegen, Indre Arnaveg 123 og Mjeldheirnskleiva med ein felles leiar. Avdeling Trappehuset har eigen avdelingsleiar. Alle einingar er godkjende for plasseringar etter barnevernlova §§ 4-4, 5.ledd, 4-12, 4-24 og 4-26. Det overordna ansvaret for å innhente politiattestar er plassert hos institusjonsleiar. Politiattestane vert oppbevart på hovudkontoret.

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktiviteter:

Varsel blei sendt 13.1.2012. Oversikt over dokumenter verksernda har sendt oss i samband med tilsynet er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Opningsmøte blei halde 22.2.2012.

Intervju

7 personer blei intervjua.

4. Kva tilsynet omfatta

Tilsynet omfatta institusjonen si praksis ved innhenting og handtering av politiattester, under dette praksis ved tilsetjingar og politiattest for oppdragstakarar.

5. Funn

Under tilsynet undersøkte vi om institusjonen sikrar at politiattest ligg føre der det er krav om det, og vi gjennomgikk politiattestane for alle tilsette. Det blei ikkje avdekt forhold som er i strid med regelverket vedkomande politiattestar.

6. Regelverk

  • Lov om barneverntjenester § 6-10
  • Forskrift om krav til kvalitet i barneverninstitusjoner § 10
  • Forskrift om tilsyn med barn i barneverninstitusjoner for oms()rg og behandling§§ 7 og 9
  • Forskrift av 15.10.99 om politiattest i henhold til barnevernloven
  • Rundskriv Q-34/2011: Retningslinjer til forskrift om politiattest i henhold til barnevernloven

7. Dokumentunderlag

Verksemda si eigen dokumentasjon knytt til den daglege drift og andre tilhøve som ble sendt oss under førebuinga av revisjonen:

  • Organisasjonskart for institusjonen
  • Namn på alle tilsette med dato for tiltreding
  • Kopi av politiattest for alle tilsette
  • Prosedyre vedkomande innhenting av politiattest
  • Prosedyre for kvalitetssikring i tilsettingsarbeidet

8. Deltakarar ved tilsynet

I tabellen under er det gitt en oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personer som blei intervjua.

Deltakere ved tilsynet

Navn

Funksjon / stilling

Åpningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Arvid Møll

Leiar

X

X

X

Heine Andreassen

Avdelingsleiar, Vestliveien, Indre Arnaveg 123 og Mjeldheimskleiva

X

X

X

Grete Padøy

Avdelingsleiar, Trappehuset

X

X

X

Ingrid Knutsen

Miljøterapeut, Mjeldheimskleiva

 

X

X

Torbjørn Turøy

Miljøterapeut, Indre Amaveg 123

 

X

X

Ragnhild Steinsvik

Miljøterapeut, Trappehuset

 

X

X

Frå tilsynsmyndighetene deltok:
Ivar Skjolden og Hilde Ordemann