Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Samandrag

Denne rapporten skildrar dei avvik og merknader som blei avdekt innanfor dei reviderte områda. Tilsynet omfatta følgjande område:

Institusjonen sin praksis ved innhenting og handtering av politiattestar, under dette praksis ved tilsettingar og politiattest for oppdragstakarar.

Under tilsynet undersøkte vi om institusjonen sikrar at politiattest ligg føre der det er krav om det, og vi gjekk gjennom politiattestane for alle tilsette.

Det blei ikkje avdekka tilhøve som er i strid med regelverket vedkomande politiattestar.

Dato: 26.4.2012

Eirik Lyssand
revisjonsleiar

Trond Horten
revisor

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved Skjoldvegen barnevernsenter.

Revisjonen inngår som ein del av Fylkesmannen si planlagde tilsynsverksemd i inneverande år.

Fylkesmannen er gitt mynde til å føre tilsyn etter barnevernlova§ 2-3b.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda oppfyller ulike krav i lovgivinga gjennom sin internkontroll. Revisjonen omfatta gransking av:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekke, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor det tema tilsynet omfatta
  • om tiltaka vert følgde opp i praksis og om naudsynt blir korrigert
  • om tiltaka er tilstrekkelege for å sikre at lovgjevinga blir overhalde

Ein systemrevisjon blir gjennomført ved gransking av dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten omhandla avvik og merknader som er avdekka under revisjonen og gir derfor ingen fullstendig tilstandsvurdering av verksemda sitt arbeid innanfor dei områda tilsynet omfatta.

  • Avvik er mangel på oppfylling av krav fastsett i eller i medhald av lov eller forskrift
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav fastsett i eller i medhald av lov eller forskrift, men der tilsynsmyndigheita finn grunn til å peike på forbetringspotensiale.

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Skjoldvegen Barnevernsenter er ein statleg institusjon for aldersgruppe 10-20 år. Institusjonen har to avdelingar fordelt på hovedhus med 4 plassar + 2 hybeltrening og butrening med 3 plassar, samt eigen avdeling med 3 plassar. Plasseringane er gjennomgåande over lang tid med heimel i barnevernlova§§ 4-4,femte ledd og 4-12.

Institusjonen har vore gjennom, og er i omfattande omstrukturering i samsvar med Bufetat sine overordna mål.

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Varsel blei sendt 14.3.2012. Oversikt over dokument verksemda har sendt oss i samband med tilsynet er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Opningsmøte blei halde 26.4.2012

Intervju

4 personar blei intervjua.

4. Kva tilsynet omfatta

Tilsynet omfatta institusjonen sin praksis ved innhenting og handtering av politiattestar, under dette praksis ved tilsetjingar og politiattest for oppdragstakarar.

5. Funn

Under tilsynet undersøkte vi om institusjonen sikrar at politiattest ligg føre der det er krav om det, og vi gjennomgikk politiattestane for alle tilsette. Det blei ikkje avdekt forhold som er i strid med regelverket vedkomande politiattestar.

6. Regelverk

  • Lov om barnevemtjenester § 6-10
  • Forskrift om krav til kvalitet i bameveminstitusjoner § lO
  • Forskrift om tilsyn med barn i bameveminstitusjoner for omsorg og behandling§§ 7 og 9
  • Forskrift av 15.10.99 om politiattest i henhold til barnevernloven
  • Rundskriv Q-34/2011: Retningslinjer til forskrift om politiattest i henhold til barnevernloven

7. Dokumentunderlag

Verksemda si eigen dokumentasjon knytt til den daglege drift og andre tilhøve som blei sendt oss under førebuinga av revisjonen:

  • Organisasjonskart for institusjonen.
  • Namn på alle tilsette med dato for kor tid dei byrja i stillinga.
  • Kopi av politiattest for alle tilsette.
  • Opplæringsplan for nytilsette ved Skjoldvegen Barnevernsenter

8. Deltakarar ved tilsynet

I tabellen under er det gitt en oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Deltakere ved tilsynet

Namn

Funksjon / stilling

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Morten Lillestøl Madsen

Leiar

X

X

 

Mette Hjelle

Førstekonsulent

X

X

 

Sigrid Kalve Arianson

Avdelingsleiar

X

X

X

Harald Pallesen

Miljøterapeut

X

X

X

Frå tilsynsmyndigheita deltok:
Trond Horten og Eirik Lyssand