Rapport frå tilsyn med tema handtering av politiattester ved Voss barnevernsenter 2012
Oppfølging av tilsynet
I dette tilsynet blei det ikkje funne avvik frå lov eller forskrift. Tilsynet er derfor avslutta.
Samandrag
Denne rapporten skildrar dei avvik og merknader som blei avdekt innanfor de reviderte områda. Tilsynet omfatta følgjande område:
Institusjonen sin praksis ved innhenting og handtering av politiattester, under dette praksis ved tilsettingar og politiattest for oppdragstakarar.
Under tilsynet undersøkte vi om institusjonen sikrar at politiattest ligg føre der det er krav om det, og vi gjekk gjennom politiattestane for alle tilsette.
Det ble ikkje avdekka tilhøve som er i strid med regelverket vedkomande politiattestar.
Dato: 21. juni 2012
Hilde Ordemann
revisjonsleiar
Ivar Skjolden
revisor
Brevet er godkjent elektronisk og har derfor ingen underskrift.
1. Innleiing
Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved Voss barnevernsenter 24. mai 2012. Revisjonen inngår som ein del av Fylkesmannen si planlagde tilsynsverksemd i inneverande år.
Fylkesmannen er gitt mynde til å føre tilsyn etter barnevernlova § 2-3b.
Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda oppfyller ulike krav i lovgivinga gjennom sin internkontroll. Revisjonen omfatta gransking av:
- kva tiltak verksemda har for å avdekke, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor det tema tilsynet omfatta
- om tiltaka vert følgde opp i praksis og om naudsynt vert korrigert
- om tiltaka er tilstrekkelege for å sikre at lovgjevinga vert overhalde
Ein systemrevisjon vert gjennomført ved gransking av dokumenter, ved intervju og andre undersøkingar.
Rapporten omhandler avvik og merknader som er avdekka under revisjonen og gir derfor ingen fullstendig tilstandsvurdering av virksomhetens arbeid innenfor de områder tilsynet omfattet.
- Avvik er mangel på oppfylling av krav fastsett i eller i medhald av lov eller forskrift
- Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav fastsatt i eller i medhald av lov eller forskrift, men der tilsynsmyndigheten finner grunn til å peike på forbetringspotensiale.
2. Skildring av verksemda - spesielle forhold
Voss barnevernsenter består av to avdelingar, Lundarhovden og Fæmmelen. Kvar avdeling har ein avdelingsleiar, og det er avdelingsleiar for avdeling Lundarhovden som er stedfortredar for leiar. Avdelingane er godkjende for plasseringar etter barnevernlova §§ 4-4, 5.ledd og 4-12 Det overordna ansvaret for å innhente politiattestar er plassert hos institusjonsleiar. Politiattestane vert oppbevart på hovudkontoret.
3. Gjennomføring
Systemrevisjonen omfatta følgjande aktiviteter:
Varsel blei sendt 24. februar 2012. Oversikt over dokumenter verksemda har sendt oss i samband med tilsynet er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.
Opningsmøte blei halde 24. mai 2012.
Intervju
Fem personer blei intervjua.
4. Kva tilsynet omfatta
Tilsynet omfatta institusjonen si praksis ved innhenting og handtering av politiattester, under dette praksis ved tilsetjingar og politiattest for oppdragstakarar.
5. Funn
Under tilsynet undersøkte vi om institusjonen sikrar at politiattest ligg føre der det er krav om det, og vi gjennomgikk politiattestane for alle tilsette. Det blei ikkje avdekt forhold som er i strid med regelverket vedkomande politiattestar.
6. Regelverk
- Lov om barneverntjenester § 6-10
- Forskrift om krav til kvalitet i barneverninstitusjoner § 10
- Forskrift om tilsyn med barn i barneverninstitusjoner for omsorg og behandling §§ 7 og 9
- Forskrift av 15.10.99 om politiattest i henhold til barnevernloven
- Rundskriv Q-34/2011: Retningslinjer til forskrift om politiattest i henhold til barnevernloven
7. Dokumentunderlag
Verksemda si eigen dokumentasjon knytt til den daglege drift og andre tilhøve som ble sendt oss under førebuinga av revisjonen:
- Organisasjonskart for institusjonen
- Namn på alle tilsette med dato for tiltreding
- Kopi av politiattest for alle tilsette
- Prosedyre vedkomande innhenting av politiattestar
- Prosedyre for avgjerslestruktur i institusjonen
- Sjekkliste ved tilsetting av nytt personell
8. Deltakarar ved tilsynet
I tabellen under er det gitt en oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personer som blei intervjua.
Namn |
Funksjon / stilling |
Opningsmøte |
Intervju |
|
---|---|---|---|---|
Gro Ringheim |
leiar |
X |
X |
|
Tore Næss |
avdelingsleiar |
X |
||
Kay Roger Elvheim |
miljøterapeut |
X |
||
Hanne Seim |
miljøarbeidar |
X |
||
Terje Mørkved |
avdelingsleiar |
X |
Frå tilsynsmyndigheten deltok:
Ivar Skjolden og Hilde Ordemann