Rapport frå tilsyn med Bjørgvin ungdomssenter 2013
Oppfølging av tilsynet
I dette tilsynet blei det ikkje funne avvik frå lov eller forskrift. Tilsynet er derfor avslutta.
Sammendrag
Fylkesmannen i Hordaland gjennomførte 23. april 2013 tilsyn med Bjørgvin ungdomssenter.
Tilsynet omfatta institusjonen si ivaretaking av ansvaret for medisinsk tilsyn og behandling for bebuarane.
Det går fram av rettigheitsforskrifta § 8 og internkontrollforskrifta § 7 at institusjonen skal sørgje for at bebuarane får medisinsk tilsyn og behandling, og institusjonen pliktar å ha skriftlege rutinar som varetek dette ansvaret. Dette inneber mellom anna at institusjonen skal sørgje for at helsa til nye bebuarar vert kartlagt. Endringar i helsetilstand må fangast opp under opphaldet, og institusjonen pliktar å sørgje for bebuarane får naudsynt medisinsk behandling for både rus, somatisk og psykisk sjukdom.
Det blei ikkje gitt avvik under tilsynet.
Vibeke Herskedal
tilsynsleiar
Ivar Skjolden
revisor
1. Innledning
Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved Bjørgvin ungdomssenter 23. april 2013. Revisjonen inngår som ein del av Fylkesmannen si planlagde tilsynsverksemd i inneverande år.
Fylkesmannen er gitt mynde til å føre tilsyn etter barnevernlova § 2-3 fjerde ledd, jf. § 2-3b.
Formålet med tilsynet er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin.
Tilsynet omfattar institusjonen si ivaretaking av ansvaret for medisinsk tilsyn og behandling for bebuarane. Det går fram av rettighetsforskrifta § 8 og internkontrollforskrifta § 7 at institusjonen skal sørgje for at bebuarane får medisinsk tilsyn og behandling, og institusjonen pliktar å ha skriftlege rutinar som varetek dette ansvaret.
Tilsynet blei utført som systemrevisjon. Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.
Rapporten handlar om avvik som er avdekte under tilsynet og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.
- Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte.
2. Omtale av verksemda - spesielle forhold
Bjørgvin Ungdomssenter er en statlig barnevernsinstitusjon med tre avdelingar, Jentehaugen, Bønesskogen 333 og Huset. Bjørgvin Ungdomssenter omgjorde hausten 2010 Jentehaugen til ein avdeling for jenter i alderen 13-18 år med rusproblematikk og alvorlege åtferdsvanskar, der rus blir regnet som hovudutfordring og læringsbasert rusbehandling blir nytta som metode. Avdeling Bønesskogen opna 1. mars 2013 og har same målgruppe som Jentehaugen men skal ta imot både jenter og gutar. Avdeling Huset har ein ungdom og er vurdert nedlagt når ungdommen flytter ut. Avdeling Jentehaugen og Bønesskogen 333 er godkjent for plasseringer etter bvl. §§ 4-24 og 4-26. Avdeling Huset er godkjent for § 4-12 og § 4-4, 5. ledd.
Institusjonsleiar har ansvar for det området tilsynet omfattar.
3. Gjennomføring
Tilsynet omfatta følgjande aktivitetar:
Melding om tilsyn blei sendt ut 29. januar 2013. Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet og dokumentasjon som blei gjennomgått under tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag. Under tilsynet blei seks personar intervjua. Det blei under tilsynsdagen gjennomført intervju, opnings- og sluttmøte.
4. Kva tilsynet omfatta
Tilsynet omfattar institusjonen si ivaretaking av ansvaret for medisinsk tilsyn og behandling for bebuarane. Det går fram av rettigheitsforskrifta § 8 og internkontrollforskrifta § 7 at institusjonen skal sørgje for at bebuarane får medisinsk tilsyn og behandling, og institusjonen pliktar å ha skriftlege rutinar som varetek dette ansvaret. Dette inneber mellom anna at institusjonen skal sørgje for at helsa til nye bebuarar vert kartlagt. Endringar i helsetilstand må fangast opp under opphaldet, og institusjonen pliktar å sørgje for bebuarane får naudsynt medisinsk behandling for både rus, samt somatisk og psykisk sjukdom. Dersom bebuarar går på faste medisinar, skal institusjonen ha rutinar som sikrar at handtering av medisinar er forsvarleg.
5. Funn
Ved tilsynet blei det ikkje avdekt forhold som er i strid med krav i barnevernslovgjevinga.
6. Vurdering av styringssystemet i verksemda
Krav til innhald i styringssystemet går fram av forskrift om krav til kvalitet og internkontroll i barnevernsinstitusjonar § 12 (innhald i internkontrollen).
Institusjonen har tilstrekkelig kompetanse og ansvar og mynde var avklart innanfor tema for tilsynet. Område med risiko for svikt var kjende.
Når det gjeld kompetanse, har institusjonen tilsett vernepleiarar, sosionomar, sjukepleiar og psykolog. Det er tilsett leiar for kvar avdeling. Fagkonsulent har hovudansvar for kvalitetssikring av det metodiske arbeidet – LBR og ART, saman med psykolog. Psykolog deltar på inntaksmøte og drøfting av nye bebuarar saman med leiar, samt at ho har ansvar for utredning, kartlegging og koordinering av samarbeid med psykisk helsevern.
Institusjonen samarbeider i fleire einskildsaker med barne- og ungdomspsykiatrien. Avklaring av ungdommane si psykiske helse, er viktig for å gje barna eit betre utgangspunkt ved overgangen til vaksenlivet. Institusjonen har såleis ei svært viktig rolle og har lagt hovudansvaret for dette til leiar og psykolog.
Det ligg føre rutinar for sentrale deler av verksemda. Tilsette er kjend med rutinane og kva dei inneber. Det er lett å ta opp forhold som ikkje fungerer og det er ikkje meldt om at svikt ikkje blir retta opp.
Leiinga har god oversikt over verksemda. I einskildsaker deltek leiar ved behov. Leiinga har sørgja for ein systematisk gjennomgang av styringa (internkontrollen) når det gjeld vurdering og justering av eigen praksis knytt til tilsynstemaet.
7. Regelverk
- FNs barnekonvensjon om barns rettar av 20. november 1989
- Lov om barneverntenester av 17. juli 1992 nr. 100
- Forskrift om krav til kvalitet og internkontroll i barneverninstitusjonar
- Forskrift om rettar og bruk av tvang under opphald i barnevernsinstitusjon
8. Dokumentunderlag
Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei send over ved førebuing av tilsynet:
- Organisasjonskart
- Prosedyre nr.1.9: medisinsk tilsyn og behandling, medisinering og oppbevaring av medisinar
- Prosedyre nr. 3.4: Avrusing
- Utdrag av institusjonsplan: Målgruppe – målsetting - metodikk
- Utdrag av institusjonsplan: Handtering og førebygging av alvorlige hendingar - medisinsk tilsyn og behandling
- Dokumentasjon framlagt under tilsynet:
- Skjema – medisinrekneskap
- Oversikt over ansvar og oppgåver i leiinga og stab – 2013
- Revidert utdrag av institusjonsplanen som omfatta medisinsk tilsyn og behandling
- TQM – HMS avvik og skadeskjema, prosedyrebrot
- Dokumentasjon som blei gjennomgått på individtilsyn:
- Medisinbok for legemiddel som ikkje er reseptbelagt
- Gjennomgang av journal for bebuar som viser føring av utlevering av legemiddel påresept
9. Deltakarar ved tilsynet
Tabellen under gir ein oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.
Namn |
Funksjon / stilling |
Opningsmøte |
Intervju |
Sluttmøte |
---|---|---|---|---|
Per-Owe Borge |
Avdelingsleiar Jentehaugen og Huset |
X |
X |
X |
Jostein Skogseth |
Avdelingsleiar Bønesskogen |
X |
X |
X |
Lisbeth Anita Wiig |
Psykolog |
X |
||
Steinar Kannelønning |
Miljøterapeut Jentehaugen |
X |
||
Nina Bless |
Miljøterapeut Bønesskogen |
X |
X |
|
Lisen Fasting |
Leiar Bjørgvin ungdomssenter |
X |
X |
X |
Frå Fylkesmannen deltok:
Ivar Skjolden og Vibeke Herskedal, tilsynsleiar