Rapport etter tilsyn med EM-tiltaket Grønebrekka, Askøy 2013
Oppfølging av tilsynet
I dette tilsynet blei det ikkje funne avvik frå lov eller forskrift. Tilsynet er derfor avslutta.
Samandrag
Fylkesmannen i Hordaland gjennomførte 4. april 2013 tilsyn med EM-tiltaket Grønebrekka i Askøy kommune.
Tilsynet omfatta institusjonen si ivaretaking av ansvaret for medisinsk tilsyn og behandling for bebuarane. Det går fram av rettigheitsforskrifta § 8 og internkontrollforskrifta § 7 at institusjonen skal sørgje for at bebuarane får medisinsk tilsyn og behandling, og institusjonen pliktar å ha skriftlege rutinar som varetek dette ansvaret. Dette inneber mellom anna at institusjonen skal sørgje for at helsa til nye bebuarar vert kartlagt. Endringar ihelsetilstand må fangast opp under opphaldet, og institusjonen pliktar å sørgje for bebuarane f'ar naudsynt medisinsk behandling for både rus, somatisk og psykisk sjukdom.
Det blei ikkje gitt avvik under tilsynet.
Eirik Lyssand
tilsynsleiar
Ivar Skjolden
revisor
1. Innleiing
Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved EM-tiltaket Grønebrekka 4.april 2013. Revisjonen inngår som ein del av Fylkesmannen si planlagde tilsynsverksemd i inneverande år.
Fylkesmannen er gitt mynde til å føre tilsyn etter barnevernlova§ 2-3 fjerde ledd, jf. § 2-3b. Formålet med tilsynet er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin.
Tilsynet omfattar institusjonen si ivaretaking av ansvaret for medisinsk tilsyn og behandling for bebuarane. Det går fram av rettighetsforskrifta § 8 og internkontrollforskrifta § 7 at institusjonen skal sørgje for at bebuarane får medisinsk tilsyn og behandling, og institusjonen pliktar å ha skriftlege rutinar som varetek dette ansvaret.
Tilsynet blei utført som systemrevisjon. Ein systemrevisjon blir gjennomføtft ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.
Rapporten gir inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.
2. Omtale av verksemda - spesielle forhold
Grønebrekka Bufellesskap er ein kommunal barneverninstitusjon for einslege mindreårige flyktningar. Plassering skjer i samråd med IMDI. Institusjonen er godkjent for fire ungdomar i alderen 12-20 år plassert etter lov om barneverntenester § 4-4,femte ledd. Institusjonen er administrert og blir driven som ein del av barneverntenesta i Askøy kommune.
3. Gjennomføring
Tilsynet omfatta følgjande aktivitetar:
Melding om tilsyn blei sendt ut 29. januar 2013. Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag. Under tilsynet blei fire personar intervjua. Oversikt over dokumentasjon som blei gjennomgått under tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag. Det vart 4.april 2013 gjennomført intervju, opnings- og sluttmøte.
4. Kva tilsynet omfatta
Tilsynet omfattar institusjonen sin ivaretaking av ansvaret for medisinsk tilsyn og behandling for bebuarane. Det går fram av rettigheitsforskrifta § 8 og internkontrollforskrifta § 7 at institusjonen skal sørgje for at bebuarane får medisinsk tilsyn og behandling, log institusjonen pliktar å ha skriftlege rutinar som varetek dette ansvaret. Dette inneber mellom anna at institusjonen skal sørgje for at helsa til nye bebuarar vert kartlagt. Endringar i helsetilstand må fangast opp under opphaldet, og institusjonen pliktar å sørgje for bebuarane f'ar naudsynt medisinsk behandling for både rus, samt somatisk og psykisk sjukdom. Dersom bebuarar går på faste medisinar, skal institusjonen ha rutinar som sikrarat handtering av mjedisinar er forsvarleg.
5. Funn
Ved tilsynet blei det ikkje avdekt forhold som er i strid med krav i barnevemslovgjevinga.
6. Vurdering av styringssystemet i verksemda
Krav til innhald i styringssystemet går fram av forskrift om krav til kvalitet og internkontroll i barnevemsinstitusjonar § 12 (innhald i internkontrollen).
Ansvar og mynde var avklart innanfor tema for tilsynet slik at tilsette er klar over sitt ansvar og kvadet inneber.
Når det gjeld kompetanse, har institusjonen tilsett ein sjukepleiar og to vemepleiarar som administrerer utdeling av reseptpliktige medisinar om det er aktuelt. Dersom ingen av <lesse er tilgjengeleg trer den kommunale heimesjukepleie inn i oppgåva. For tida brukte ingen av bebuarane reseptpliktige medisinar. Det er ikkje eit krav at institusjonen skal ha tilsett helsepersonell, men tilsette gjev uttrykk for at denne kompetansen er ønskeleg i legemiddelhandteringa for å sikre forsvarleg handtering. Sjølv om det ikkje er eit krav, tilrår vi at forskrift om legemiddelhandtering blir lagt til grunn.
Det er gjort implisitte risikovurderingar av både det medisinske (rus, somatikk, psykiatri) og legemiddelhandteringa.
Institusjonen samarbeider i fleire einskildsaker med barne- og ungdomspsykiatrien. Avklaring av ungdommane si psykiske helse, er viktig for å gje barna eit betre utgangspunkt ved overgangen til vaksenlivet.
Det ligg føre rutinar for sentrale deler av verksemda. Tilsette er kjend med rutinane og kva dei inneber. Det er lett åta opp forhold som ikkje fungerer og det er ikkje meldt om at svikt ikkje blir retta opp.
Leiinga har god oversikt over verksemda. I einskildsaker deltek avdelingsleiar ved behov. Leiinga har eit årshjul med systematisk gjennomgang av styringa (internkontrollen). Dette omfattar og vurdering og justering av eigen praksis knytt til tilsynstemaet.
7. Regelverk
- FNs barnekonvensjon om barns rettar av 20. november 1989
- Lov om bamevemtenester av 17.juli 1992 nr. 100
- Forskrift om krav til kvalitet og internkontroll i barneveminstitusjonar
- Forskrift om rettar og bruk av tvang under opphald i barnevernsinstitusjon
8. Dokumentunderlag
Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei send over ved førebuing av tilsynet:
- Organisasjonskart
- Institusjonsplan, målgruppe, målsetting og metodikk
- Rutinar for ivaretaking av bebuars rett til nødvendig medisinsk tilsyn samt rutinar for oppbevaring og utlevering av medisinar
- Rutine for kartlegging av helsetilstand ved inntak
- Rapport frå Bufetat om med etterkontroll av kommunal barneverninstitusjon datert 30.1.2013
9. Deltakarar ved tilsynet
Tabellen under gir ein oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.
Namn |
Funksjon / stilling |
Opningsmøte |
Intervju |
Sluttmøte |
---|---|---|---|---|
Hege Rekdal |
avdelingsleiar |
X |
X |
X |
PerRyland |
miljøterapeut |
X |
X |
X |
Shona Nedungadi |
miljøterapeut |
X |
X |
X |
Gro Kyte |
Leiar av barnevernet i Askøy |
X |
X |
X |
Frå Fylkesmannen deltok:
Ivar Skjolden og Eirik Lyssand tilsynsleiar