Rapport etter tilsyn med Jentespranget A/S 2013
Oppfølging av tilsynet
I dette tilsynet blei det ikkje funne avvik frå lov eller forskrift. Tilsynet er derfor avslutta.
Samandrag
Fylkesmannen i Hordaland gjennomførte 9. april 2013 tilsyn med Jentespranget a/s.
Tilsynet omfatta institusjonen si ivaretaking av ansvaret for medisinsk tilsyn og behandling for bebuarane. Det går fram av rettigheitsforskrifta § 8 og internkontrollforskrifta § 7 at institusjonen skal sørgje for at bebuarane får medisinsk tilsyn og behandling, og institusjonen pliktar å ha skriftlege rutinar som varetek dette ansvaret. Dette inneber mellom anna at institusjonen skal sørgje for at helsa til nye bebuarar vert kartlagt. Endringar i helsetilstand må fangast opp under opphaldet, og institusjonen pliktar å sørgje for at bebuarane får naudsynt medisinsk behandling for både rus, somatisk og psykisk sjukdom.
Det blei ikkje gitt avvik under tilsynet.
Bergen, 10. april 2013
Eirik Lyssand
tilsynsleiar Randi Alme Flataker
revisor
Brevet er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift.
1. Innleiing
Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved Jentespranget als 9.april 2013. Revisjonen inngår som ein del av Fylkesmannen si planlagde tilsynsverksemd i inneverande år.
Fylkesmannen er gitt mynde til å føre tilsyn etter barnevernlova § 2-3 fjerde ledd, jf. § 2-3b. Formålet med tilsynet er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin.
Tilsynet omfattar institusjonen si ivaretaking av ansvaret for medisinsk tilsyn og behandling for bebuarane. Det går fram av rettighetsforskrifta § 8 og internkontrollforskrifta § 7 at institusjonen skal syte for at bebuarane får medisinsk tilsyn og behandling, og institusjonen pliktar å ha skriftlege rutinar som varetek dette ansvaret.
Tilsynet blei utført som systemrevisjon. Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.
Rapporten gir inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.
2. Omtale av verksemda
Jentespranget als er ein privat barneverninstitusjon med godkjenning av og avtale med Bufetat. Institusjonen har to avdelingar (hovudhuset i Vatnedalsvegen og avdeling Sæ) med godkjenning for i alt 8 plassar. Dei tar imot jenter i alderen 13-18 år plassert med heimel i barnevernlova §§ 4-4,femte ledd, 4-12, 4-24 og 4-26. Personalet i avdelingane har medlevarturnus. Som ein del av sjølvstendiggjeringa til jentene flyttar dei som er klar for det i eigne hyblar. Desse blir følgd opp av personale med turnus dag, ettermiddag og kveld.
3. Gjennomføring
Tilsynet omfatta følgjande aktivitetar:
Melding om tilsyn blei sendt ut 29. januar 2013. Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag. Under tilsynet blei fire personar intervjua. Oversikt over dokumentasjon som blei gjennomgått under tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag. Det vart 9.april 2013 gjennomført intervju, opnings- og sluttmøte.
4. Kva tilsynet omfatta
Tilsynet omfattar institusjonen sin ivaretaking av ansvaret for medisinsk tilsyn og behandling for bebuarane. Det går fram av rettighetsforskrifta § 8 og internkontrollforskrifta § 7 at institusjonen skal syte for at bebuarane får medisinsk tilsyn og behandling, og institusjonen pliktar å ha skriftlege rutinar som varetek dette ansvaret. Dette inneber mellom anna at institusjonen skal syte for at helsa til nye bebuarar vert kartlagt. Endringar i helsetilstand må fangast opp under opphaldet, og institusjonen pliktar å syte for at bebuarane får naudsynt medisinsk behandling for rus, somatisk og psykisk sjukdom. Dersom bebuarar går på faste medisinar, skal institusjonen ha rutinar som sikrar at handtering av medisinar er forsvarleg.
5. Funn
Ved tilsynet blei det ikkje avdekt forhold som er i strid med krav i barnevernslovgjevinga.
6. Vurdering av styringssystemet i verksemda
Krav til innhald i styringssystemet går fram av forskrift om krav til kvalitet og internkontroll i barnevernsinstitusjonar § 12 (innhald i internkontrollen).
Ansvar og mynde var avklara innanfor tema for tilsynet. Tilsette er klar over sitt ansvar og kva det inneber.
Leiar/eigar av institusjonen har vore sjukemeld over lengre tid. Fagleg leiar er sentral i institusjonen sin faglege oppfølging av dei som er plassert i institusjonen. Dette gjeld også arbeidet med å sikre forsvarleg legemiddelhandtering, oppfølging og samarbeid med eksterne helsetenester, og opplæring og oppfølging av miljøpersonalet for å sikre at bebuarane blir vurdert til og får nødvendig helsehjelp.
Fagleg leiar sin rolle i høve oppfølging av kvar bebuar si helse er så sentral og omfattande at situasjonen blir sårbar dersom ho blir borte. Leiinga er sjølv merksam på dette, og ved rekruttering til vakante stillingar freistar ein å ha fokus på kompetansebehov, og aktivt rekruttere personale med kompetanse som kan redusere denne sårbarheita.
Fleire av bebuarane brukar reseptpliktige medisinar. Det er gjort implisitte risikovurderingar i høve oppfølging av bebuarane sin helse (rus, somatikk, psykiatri) og legemiddelhandteringa. Institusjonen samarbeider i fleire einskildsaker med barne- og ungdomspsykiatrien. Avklaring av ungdommane si psykiske helse blir ein viktig det av det miljøterapeutiske arbeidet.
Det ligg føre rutinar for sentrale deler av verksemda. Tilsette er kjend med rutinane og kva dei inneber. Leiinga arbeider tett på miljøpersonalet. Det blir opplyst at det er lett å ta opp forhold som ikkje fungerer. Det er rutinar for avviksrapportering, og det er ikkje meldt om at svikt ikkje blir retta opp.
Jentespranget als har ein liten administrasjon som er tett på dagleglivet i institusjonen. Leiinga har god oversikt over verksemda.
7. Regelverk
- FNs barnekonvensjon om barns rettar av 20. november 1989
- Lov om barneverntenester av 17. juli 1992 nr. l 00
- Forskrift om krav til kvalitet og internkontroll i barneverninstitusjonar
- Forskrift om rettar og bruk av tvang under opphald i barnevernsinstitusjon
8. Dokumentunderlag
Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei send over ved førebuing av tilsynet:
- Organisasjonskart
- IK dokument D-13.01 Medisinsk tilsyn/helsesjekk
- IK dokument D-13.02 Handsaming av medisinar
- IK Dokument D 13.03 Kartlegging av helsetilstand ved inntak
- Del av institusjonsplan som gjeld målgruppe, målsetting og metodikk
- Dagsrapportskjema i ODA med blant anna punkt for kartlegging og evaluering av helsetilstand
- Rapport frå Bufetat med etterfølgjande kontroll 2012 datert 10.1.2013
9. Deltakarar ved tilsynet
Tabellen under gir ein oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.
Namn |
Funksjon / stilling |
Opningsmøte |
Intervju |
Sluttmøte |
---|---|---|---|---|
Gro Ertkjem Bommen |
nestleiar |
X |
X |
X |
Svanhild Perry |
Fagleg leiar |
X |
X |
X |
Aud Myhre |
miljøterapeut |
X |
X |
|
Evy Tellevåg |
miljøterapeut |
X |
X |
X |
Frå Fylkesmannen deltok:
Randi Alme Flataker og Eirik Lyssand tilsynsleiar