Rapport frå tilsyn med Styve Gard 2013
Oppfølging av tilsynet
I dette tilsynet blei det ikkje funne avvik frå lov eller forskrift. Tilsynet er derfor avslutta.
Sammendrag
Fylkesmannen i Hordaland gjennomførte 16. april 2013 tilsyn med Styve Gard.
Tilsynet omfatta institusjonen si ivaretaking av ansvaret for medisinsk tilsyn og behandling for bebuarane. Det går fram av rettigheitsforskrifta § 8 og internkontrollforskrifta § 7 at institusjonen skal sørgje for at bebuarane får medisinsk tilsyn og behandling, og institusjonen pliktar å ha skriftlege rutinar som varetek dette ansvaret. Dette inneber mellom anna at institusjonen skal sørgje for at helsa til nye bebuarar vert kartlagt. Endringar i helsetilstand må fangast opp under opphaldet, og institusjonen pliktar å sørgje for bebuarane får naudsynt medisinsk behandling for både rus, somatisk og psykisk sjukdom.
Det blei ikkje gitt avvik under tilsynet.
Vibeke Herskedal
tilsynsleiarHelga Arianson
revisor
1. Innledning
Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved Styve Gard 16. april 2013. Revisjonen inngår som ein del av Fylkesmannen si planlagde tilsynsverksemd i inneverande år.
Fylkesmannen er gitt mynde til å føre tilsyn etter barnevernlova § 2-3 fjerde ledd, jf. § 2-3b.
Formålet med tilsynet er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin.
Tilsynet omfattar institusjonen si ivaretaking av ansvaret for medisinsk tilsyn og behandling for bebuarane. Det går fram av rettighetsforskrifta § 8 og internkontrollforskrifta § 7 at institusjonen skal sørgje for at bebuarane får medisinsk tilsyn og behandling, og institusjonen pliktar å ha skriftlege rutinar som varetek dette ansvaret.
Tilsynet blei utført som systemrevisjon. Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.
Rapporten handlar om avvik som er avdekte under tilsynet og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.
- Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte.
2. Omtale av verksemda - spesielle forhold
Stiftinga Styve Gard er ein ideell organisasjon eigd av Kirkens sosialtjeneste. Barnevernsinstitusjon har tre avdelingar med til saman ti plassar. Målgruppa er ungdom i alderen 15-20 år med vanskar knytt til rus, åtferd - og/eller kriminalitet, plassert etter §§ 4-24 og 4-26. Plasseringar etter §§ 4-4, 5. ledd og § 4-12 skal berre nyttast som etterfølgjande plasseringar når ungdommen har vore plassert etter §§ 4-24 og 4-26 ved Styve gard sine avdelingar. Institusjonsleiar har ansvar for det området tilsynet omfattar.
3. Gjennomføring
Tilsynet omfatta følgjande aktivitetar:
Melding om tilsyn blei sendt ut 29. januar 2013. Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet og dokumentasjon som blei gjennomgått under tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.Under tilsynet blei seks personar intervjua. Det blei under tilsynsdagen gjennomført intervju, opnings- og sluttmøte.
4. Kva tilsynet omfatta
Tilsynet omfattar institusjonen si ivaretaking av ansvaret for medisinsk tilsyn og behandling for bebuarane. Det går fram av rettigheitsforskrifta § 8 og internkontrollforskrifta § 7 at institusjonen skal sørgje for at bebuarane får medisinsk tilsyn og behandling, og institusjonen pliktar å ha skriftlege rutinar som varetek dette ansvaret. Dette inneber mellom anna at institusjonen skal sørgje for at helsa til nye bebuarar vert kartlagt. Endringar i helsetilstand må fangast opp under opphaldet, og institusjonen pliktar å sørgje for bebuarane får naudsynt medisinsk behandling for både rus, samt somatisk og psykisk sjukdom. Dersom bebuarar går på faste medisinar, skal institusjonen ha rutinar som sikrar at handtering av medisinar er forsvarleg.
5. Funn
Ved tilsynet blei det ikkje avdekt forhold som er i strid med krav i barnevernslovgjevinga.
6. Vurdering av styringssystemet i verksemda
Krav til innhald i styringssystemet går fram av forskrift om krav til kvalitet og internkontroll i barnevernsinstitusjonar § 12 (innhald i internkontrollen).
Institusjonen har tilstrekkeleg kompetanse og ansvar og mynde var avklart innanfor tema for tilsynet. Område med risiko for svikt er kjende.
Institusjonen samarbeider i fleire einskildsaker med barne- og ungdomspsykiatrien. Avklaring og oppfølging av ungdommane si psykiske helse, er viktig for å gje barna best mogeleg utgangspunkt ved overgangen til vaksenlivet.
Det ligg føre rutinar for sentrale deler av verksemda. Tilsette er kjend med rutinane og kva dei inneber. Det er lett å ta opp forhold som ikkje fungerer og det er ikkje meldt om at svikt ikkje blir retta opp.
Leiinga har god oversikt over verksemda. I einskildsaker deltek leiar ved behov. Leiinga har sørgja for ein systematisk gjennomgang av styringa (internkontrollen) når det gjeld vurdering og justering av eigen praksis knytt til tilsynstemaet.
7. Regelverk
- FNs barnekonvensjon om barns rettar av 20. november 1989
- Lov om barneverntenester av 17. juli 1992 nr. 100
- Forskrift om krav til kvalitet og internkontroll i barneverninstitusjonar
- Forskrift om rettar og bruk av tvang under opphald i barnevernsinstitusjon
8. Dokumentunderlag
Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei send over ved førebuing av tilsynet:
- Organisasjonskart – Kirkens Sosialtjeneste – Styve Gard
- Prosedyre for oppbevaring og utlevering av medisinar
- Ansvarsskildring for legemiddelhandtering ved Styve Gard
- Institusjonsplan, avgrensa til det som er relevant for medisinsk tilsyn og behandling
- Prosedyre for oppbevaring og utlevering av medisinar – avvik leggemiddelhandtering
- Prosedyre for medisinsk tilsyn og behandling – rutine for kartlegging av helsetilstand ved inntak, under dette legeundersøking første døgn
- Dokumentasjon som blei gjennomgått:
- Medisinskjema
9. Deltakarar ved tilsynet
Tabellen under gir ein oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.
Namn |
Funksjon / stilling |
Opningsmøte |
Intervju |
Sluttmøte |
---|---|---|---|---|
Laila Mathisen |
Miljøterapeut avdeling Arna |
X |
X |
X |
Kjetil Johnsen |
Avdelingsleiar Arna |
X |
X |
X |
Åse Viste Rasmussen |
Avdelingsleiar Evanger |
X |
X |
X |
Jan Bjarte Kjelby |
Verksemdsleiar Styve Gard |
X |
X |
X |
Elisabeth Sætre |
Miljøterapeut Evanger |
X |
X |
X |
Ann-Christin Sandseng |
Avdelingsleiar Bolstad |
X |
X |
X |
Anne Mari Høgseth |
Koordinator – oppfølging |
X |
X |
Frå Fylkesmannen deltok:
Helga Arianson og Vibeke Herskedal, tilsynsleiar