Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Samandrag

Fylkesmannen i Hordaland førte tilsyn med Lindås kommune 1.-2. oktober 2014. Tilsynet er del av det første landsomfattande tilsynet med kommunens folkehelsearbeid og blir gjennomført hausten 2014 etter oppdrag frå Statens helsetilsyn.

Tema for tilsynet (lovlegkontrollen) er om kommunen har kome i gang med å ha jamleg oversikt over helsetilstanden til innbyggjarane og dei positive og negative faktorane som kan påverke denne. Fylkesmannen finn ikkje at kommunens arbeid er i strid med krav i folkehelselova og oversiktsforskrifta

Statens helsetilsyn har i tillegg gitt oppdrag om å kartleggje og gje ei vurdering av status i arbeidet med jamleg oversikt over helsetilstand og påverknadsfaktorar. Kommunen står fritt i å bruke denne vurderinga, sjå kapittel 6.

Anne Grete Robøle
Seksjonsleiar

Grete Riise
Seniorrådgjevar

1. Innleiing

Fylkesmennene skal føre tilsyn med om kommunen oppfyller lovpålagte plikter i eller i medhald av §§ 4-9 og §§ 27 og 30 i lov om folkehelsearbeid (folkehelselova).

Fylkesmannens ansvar og mynde til å føre tilsyn følgjer av folkehelselova § 31, jamfør kommunelova kapittel 10A.

Tilsynet med Lindås kommune 1.-2. oktober 2014 er del av eit landsomfattande tilsyn med kommunens folkehelsearbeid som fylkesmennene gjennomfører etter oppdrag frå Statens helsetilsyn.

Tema for tilsynet (lovlegkontrollen) er om kommunen er komen i gang med å ha jamleg oversikt over helsetilstanden til innbyggjarane og dei positive og negative faktorane som kan påverke denne.

Dersom det blir avdekt at kommunen ikkje har lagt til rette for og er i gang med oversiktsarbeidet, er dette brot på føresegn i folkehelselova. Kommunen blir då følgd opp inntil tilhøva er retta.

Dersom det kjem fram at kommunen har begynt arbeidet med jamleg oversikt, har Statens helsetilsyn gitt fylkesmennene i oppdrag å kartleggje og vurdere status i arbeidet. Kommunen står fritt i å bruke denne vurderinga.

Denne rapporten omtaler funn ved tilsynet, kva som kom fram i kartlegginga og vår vurdering.

2. Lindås kommune

Kommunen tilsette ny rådmann frå 1. juni 2014.

Lindås kommune er i gang med omorganisering frå tonivåmodell til ein modell der kommunalsjefar har overordna ansvar. Kommunalsjef for oppvekst byrja 1. september. Kommunalsjef for helse- og omsorg byrjar 1. november. Assisterande rådmann skal ha overordna ansvar for plan, teknisk eining og drift.

1.1.2014 hadde Lindås kommune 15059 innbyggjarar

2.1 Organisering av folkehelsearbeidet

Det er tilsett kommuneoverlege/medisinsk fagleg rådgjevar i 100 % stilling. Stillinga er plassert i rådmannens stab. Det følgjer av utlysningsteksten at kommuneoverlegen har ei sentral og strategisk stilling i forhold til samhandlingsreforma, det tverrsektorielle folkehelsearbeidet og i styringsdialogen med fastlegane. Kommuneoverlegen leier det interkommunale samarbeidet innan miljøretta helsevern.

Det jamlege oversiktsarbeidet føregår i hovudsak innan kvart tenesteområde.

Det er førebels ikkje avklart korleis det tverrsektorielle arbeidet med oversikt over helsetilstand og påverknadsfaktorar skal organiserast i den organisasjonsmodellen kommunen er i ferd med å leggje om til.

2.2. Planar

Lindås kommune har lagt fram følgjande:

Startpakke for reguleringsplanar, rettleiar for dei som utarbeider reguleringsplanar i regionen, datert 19. januar 2010. Dokumentet er utarbeidd på oppdrag av Regionrådet i Nordhordland og inneheld sjekkliste som skal bidra til å vurdere faktorar som kan påverke helsetilstand.

Lindås kommune - Overordna risiko- og sårbarheitsanalyse 2011.

Kommunedelplan for skule 2010-2020.

Kommunedelplan for trafikksikring 2010-2022.

Kommuneplan, samfunnsdelen 2011-2023, vedteken i kommunestyret 22. september 2011, omtalar folkehelse og fleire påverknadsfaktorar, mål og strategiar for kommunale tenester og sektorar, arealforvaltning, infrastruktur og kommunen som samfunnsutviklar.

I Planstrategi 2012-2016, godkjent i kommunestyret 22. november 2012, står det mellom anna at kommunen har fått utvida ansvar for folkehelse og at: «Dette skal visa att i dei ulike planane kommunen utarbeider, og i verksemda som kommunen står for overfor innbyggjarar på alle alderstrinn».

Planstrategien skal reviderast hausten 2014.

I Kommunedelplan for idrett, friluftsliv og nærmiljø i Lindås kommune 2013-2023, går det mellom anna fram at folkehelse og aktivitetsfremjande tiltak i nærmiljøa skal prioriterast.

Folkehelse er eitt av fokusområda i Planprogram for kommunedelplan for helse og omsorg 2013-2020.

Vurdering av interkommunalt samarbeid om folkehelsearbeid i Nordhordland, rapport frå arbeidsgruppe januar 2014.

3. Gjennomføring

  • Melding om tilsyn og kartlegging blei sendt 24. juni 2014.
  • E-brev med vedlegg 19. august 2014 frå Lindås kommune
  • Innleiande møte blei halde 1. oktober.
  • Samtalar med 16 tilsette i kommunen blei gjennomført i gruppe og enkeltvis.
  • Sluttmøte blei halde 2. oktober.

Skriftlege dokument som er tilsendt, lasta ned frå kommunens nettside, frå nettsida til Folkehelseinstituttet og dokument som blei overlevert 1. og 2. oktober, er opplista i kapittel 8.

4. Tilsyn, kartlegging og vurdering

4.1 Bakgrunn for val av tema for tilsynet

Oversikt over helsetilstanden og faktorar som kan påverke denne er ein nødvendig føresetnad for at kommunane skal ha eit kunnskapsbasert grunnlag for planlegging og tiltak. Kravet til kommunen om å ha slik oversikt var difor eit naturleg tema ved det første landsomfattande tilsynet med kommunens folkehelsearbeid.

Kommunane skal både ha jamleg oversikt og utarbeide eit samla oversiktsdokument kvart fjerde år som del av grunnlaget for planstrategien sin. Tilsyn med kommunens folkehelsearbeid skal vere tilpassa den fireårige plansyklusen. Ettersom dette tilsynet blir gjort hausten 2014, er det retta mot kommunens jamlege oversiktsarbeid.

Tilsynet (lovlegkontrollen) er avgrensa til å undersøkje om kommunen har kome i gang med eit systematisk  oversiktsarbeid.

Å ha kome i gang inneber at kommunen har lagt til rette for at dette arbeidet blir gjennomført slik folkehelselova og oversiktsforskrifta legg opp til, og at det er aktivitet på området.

Vi har undersøkt:

  • Om arbeidet har tilstrekkeleg forankring i kommuneleiinga.
  • Om det er avklart kva forhold kommunen har behov for å ha jamleg oppdaterte opplysningar om.
  • Om kommunen har lagt til rette for å kunne nytte aktuelle sentrale og lokale kunnskapskjelder.

  • Om kommunen har lagt opp til at arbeidet med å innhente, gjennomgå og vurdere opplysningane blir gjort tverrsektorielt.
  • Om oppgåvefordelinga er avklart og kjent for involverte einingar og sektorar.
  • Om kommunen sørgjer for at medarbeidarar har tilstrekkeleg kunnskap til å utføre oppgåvene sine, her også om kommunen sørgjer for å ha nødvendig samfunnsmedisinsk kompetanse.
  • Om leiinga i kommunen følgjer med på at det jamlege oversiktarbeidet har kome i gang og at det er aktivitet på området.

4.2 Kartlegging og vurdering av oversiktsarbeidet

I tillegg til lovlegkontrollen i det landsomfattande tilsynet er det ei målsetjing å medverke til at kommunane som er i gang, vidareutviklar arbeidet med å ha jamleg oversikt over helsetilstanden til innbyggjarane og positive og negative faktorar som kan verke inn på folkehelsa.

Folkehelselova og oversiktsforskrifta legg i stor grad opp til at kommunen ut frå lokale tilhøve og prioriteringar, sjølv vurderer kva som er nødvendig innhald, omfang av opplysningar og vurderingar for å ha jamleg oversikt.

På grunnlag av kartlegginga gir vi ei rettleiande vurdering av status i det jamlege oversiktsarbeidet.

Vi har mellom anna kartlagt:

  • Kommunens styring (internkontroll).
  • Kva folkehelseutfordringar kommunen har identifisert, og kva tilhøve kommunen har bestemt å ha ei jamleg oppfølging av.
  • Om kommunen har teke stilling til kva informasjonskjelder dei skal bruke og i kva grad opplysningar blir innhenta.
  • Om det blir gjort faglege vurderingar av dei innhenta opplysningane.
  • I kva grad opplysningar og vurderingar er skriftleg dokumenterte og tilgjengelege.

5. Fylkesmannens konklusjon ved lovlegkontrollen

Tilsynet (lovlegkontrollen) er avgrensa til å undersøkje om kommunen har kome i gang med eit systematisk  oversiktsarbeid.

Fylkesmannen finn ikkje at kommunens arbeid på dette feltet er i strid med krav i folkehelselova og oversiktsforskrifta.

6. Fylkesmannens kartlegging og vurdering av status i det jamlege oversiktsarbeidet til kommunen

Kartlegginga har vi gjort ved å gjennomgå dokumenta som er lista i kapittel 8. Opplysningar om helsetilstand, påverknadsfaktorar og tiltak som er omtalte i dokumenta, har vi sett i samband med  opplysningar som vi fekk i samtalane med leiarar og tilsette 1. og 2. oktober. I samtalane fekk vi opplysningar som viser samanheng mellom planar og iverksette tiltak for å verne, førebyggje og fremje helse og trivsel.

Innan dei enkelte sektorane blir det følgd med på utvikling og om tiltaka verkar som føresett. Dette gjeld til dømes drikkevatn som kommunen leverer til størstedelen av innbyggjarane, store industriverksemder og plattformer. Det gjeld også trafikksikring, skulemiljø og trivsel og læring i skulen.

Informasjonskjelder som blir nytta i oversiktsarbeidet er i hovudsak lokale, supplert med nasjonal statistikk og opplysningar frå andre instansar som frivillige lag, politi og vegvesen. I kartlegginga fekk vi døme på at informasjon frå enkelte kommunale sektorar ikkje blir etterspurt og at det på andre område er sett i verk tiltak for å få betre kunnskap om lokale tilhøve. Vi fekk og opplyst at analyse og vurdering av nasjonale data er krevjande på somme område, til dømes fordi data som blir presentert, ikkje er innhenta same år. Dette gjeld mellom anna enkelte av indikatorane i folkehelseprofilen som Folkehelseinstituttet gir ut kvart år og elevundersøkinga.

Det er mangfald og breidde i tiltak som kommunen nyttar i folkehelsearbeidet, og det er kopla til arbeid etter plan- og bygningslova. Det er likevel rom for å styrkje det formelle tverrsektorielle samarbeidet i planprosessar og slik unngå å måtte endre planar og tiltak seint i planprosessen.

Når det gjeld det jamlege oversiktsarbeidet, framstår dette noko fragmentert. Det synest ikkje vere tydeleg kommunisert om og kva som eventuelt er prioriterte område og kva som er venta at dei enkelte sektorane/einingane skal bidra med. Vi er merksame på at dette kan ha samanheng med fleire skifte i den sentrale administrative leiinga i kommunen dei siste åra og den pågåande omorganiseringa. Det kan gjerast tydelegare kven og korleis arbeidet med å samle inn og gjere dei faglege vurderingane av opplysningane best kan koordinerast og kva tid vurderingane skal leggjast fram for beslutningstakarar.

Folkehelselova og oversiktsforskrifta legg opp til at det skal vere samanheng mellom det jamlege oversiktsarbeidet og det meir omfattande skriftlege dokumentet om identifiserte folkehelseutfordringar, årsaker og konsekvensar som skal inngå i grunnlaget for arbeidet med planstrategi. Uavhengig av framtidig organisasjonsmodell er det viktig å leggje til rette for systematikk og struktur som varetek tverrsektoriell medverknad. God styring med folkehelsearbeidet føreset at ansvar og mynde er definert, at dei som skal utføre oppgåvene har nødvendig fagleg kompetanse, at det er klart om og kva område kommunen bør følgje særleg med på, kva opplysningar som skal brukast og analyserast, at rutinane er kjende og at leiinga følgjer med.

På grunnlag av forståing for folkehelsearbeid og behov for forbetring av kommunens styring på dette feltet slik sentrale leiarar gav til kjenne i samtalane 1. og 2. oktober, meiner vi Lindås kommune har gode føresetnader for etablere nødvendig styring.

7. Regelverk

Lov av 24. juni 2011 nr. 20 om folkehelsearbeid
Forskrift av 28. juni 2012 nr. 692 om oversikt over folkehelsen

8. Gjennomføring

Korrespondanse mellom Lindås kommune og Fylkesmannen i Hordaland.

  • Melding om tilsyn og kartlegging, brev av 24. juni 2014 frå Fylkesmannen i Hordaland
  • E-brev 14. juli 2014 frå Lindås kommune med informasjon om kven som er kommunens kontaktperson
  • E-brev 19. august 2014 med vedlegg  frå Lindås kommune
  • Program 1.-2. oktober, brev av 12. september 2014 frå Fylkesmannen i Hordaland

Dokument som er tilsendt frå Lindås kommune.

  • Brev av 19. august med kommunens utfyllande informasjon til oversende dokument:
  • Organisasjonskart/arbeidsgjevarline i Lindås kommune per 1. august 2014
  • Utlysningstekst stillingar for kommunalsjef helse og omsorg, kommuneoverlege og plan og utviklingssjef
  • Planprogram – kommunedelplan for helse og omsorg 2013-2020
  • Kommunedelplan for idrett, friluftsliv og nærmiljø i Lindås kommune
  • Kommunedelplan for trakfikksikring 2010-2022
  • Kommundelplan for skule 2010-2020
  • Overordna risiko- og sårbarheitsanalyse 2011
  • Rusmiddelpolitisk handlingsplan 2009-2012
  • Startpakke for reguleringsplanar, rettleiar for dei som utarbeider reguleringsplanar i regionen, Regionrådet for Nordhordland IKS
  • Vurdering av interkommunalt samarbeid om folkehelsearbeid i Nordhordland, rapport frå arbeidsgruppe januar 2014. Kommunane Austrheim, Fedje, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy og Radøy

Dokument som er lasta ned frå kommunens nettside og frå Folkehelseinstituttet.

  • Kommunal planstrategi for Lindås 2012-2016
  • Kommuneplan for Lindås 2011-2023. Samfunnsdelen. Vedteken i kommunestyret 22. september 2011
  • Lindås kommune, folkehelseprofil 2014

Dokument som blei overlevert 1. og 2. oktober

  • Samhandlingsanalyse – Tverrfagleg samarbeid om utsette barn og unge i Lindås, datert februar 2014
  • Pedagogisk årsplan Juvikstølen barnehage 2013-2014
  • Elevundersøkelsen 2013 – læringsmiljø trinn 10
  • Oversikt kommunale barnehagar og skular per 23. oktober 2013, jf. forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skular
  • Notat frå fagleiar helsesøstertenesta om kva som er bra for barn og unge i Lindås

9. Deltakarar

Tabellen under gir ei oversikt kven vi samtalte med og kven som var til stades ved det innleiande møtet med informasjon om tilsynet og kartlegginga 1. oktober og ved vår tilbakemelding 2. oktober.

Ikkje publisert her

Frå Fylkesmannen i Hordaland deltok:
Rådgjevar Grete Kathrine Jacobsen, kommunal- og samfunnsplanavdelinga
Ass. fylkeslege Kristin Cotta Schønberg, helse- og sosialavdelinga
Seniorrådgjevar Grete Riise, helse- og sosialavdelinga
Seksjonsleiar Anne Grete Robøle, helse- og sosialavdelinga (leiar)

 


Alle tilsynsrapportene fra det landsomfattende tilsynet

2014 Kommuners folkehelsearbeid

Søk