Helsetilsynet

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Fylkesmannen og Helsetilsynet i Møre og Romsdal

Oppfølging av tilsynet
Ved dette tilsynet ble det konstatert avvik fra lov eller forskrift. Tilsynsmyndigheten har vurdert de tiltakene som er satt i verk som tilstrekkelige. Tilsynet er derfor avsluttet.

 

Samandrag
1. lnnleiing
2. Omtale av verksemda - spesielle forhold
3. Gjennomføring
4. Kva tilsynet omfatta
5. Funn
6. Vurdering av styringssystemet i verksemda
7. Regelverk
8. Dokumentunderlag
9. Deltakarar ved tilsynet

Samandrag

Denne rapporten gjer greie for dei avvika og merknadene som blei påpeikte innanfor dei områda som blei reviderte.

Tema for tilsynet var kommunen si planlegging og gjennomføring av tiltak som sikrar at personar med alvorleg psykisk sjukdom får forsvarlege tenester. Dei aktuelle problemstillingane er sett opp langs ei tidsline med tre fasar: 1) Oppstartfasen 2) Iverksettingsfasen 3) Oppfølgingsfasen. Kommunen sine oppgåver innanfor kvar av desse fasane har samanheng og kan påverke kvarandre.

Tilsynet vurderte i forhold til oppstartfasen om kommunen sikrar:

  • tilgjengelige sosial- og helseteneste der ein fangar opp behov for tenester, og ved behov henvisar til rett instans
  • forsvarleg utredning og planlegging av tenestebehovet i samarbeid med mottakar av teneste
  • at det fattes avgjerd/vedtak som tilrettelegger for tenester og tiltak

I forhold til iverksettingsfasen vurderte tilsynet om kommunen sikrar at:

  • tenester/tiltak vert sett i verk innan forsvarlig tid
  • tenester/tiltak vert sett i verk i tråd med planer, utgreiing og avgjerd
  • kriser og svingingar i sjukdom vert handtert på ein forsvarlig måte

I oppfølgingsfasen vurderte tilsynet om kommunen sikrar:

  • tilstrekkeleg kontinuitet og stabilitet i tenesteytinga slik at mottakaren av tenestene opplever eit kjent løp og tryggleik i sin kvardag
  • at nye/endra tenestebehov vert fanga opp, og at nødvendige endringar settes i verk på ein samordna måte.

Brukarmedverknad, koordinering, individualisering og forsvarleg tenesteyting var sentrale perspektiv i alle fasane.

Kommunen har system for internkontroll. Det er utarbeidd arbeidsmål og desse blir evaluert. Det blir arbeidd aktivt for å utarbeide og implementere eit fullstendig kvalitetssystem — kvalitetslosen. Det er gjennomført brukarundersøkingar innan det reviderte området.

Tilsette har god kunnskap om dei tenestene kommunen kan yte, og gir ved behov informasjon om dette utad. Kommunen sikrar forsvarleg handsaming av førespurnad uavhengig av kva teneste/delteneste i den kommunale sosial- og helsetenesta ein vender seg til. Samarbeid mellom dei ulike tenesteytarane skjer i samråd med brukar på ein systematisk måte. Ansvarsgruppe, koordinator og bruk av individuell plan er viktige arbeidsmetodar.

Kommunen har eige opplegg for kompetansebygging gjennom psykiatriskulen, og organisert intern og ekstern vegleiing.

Kommunen har mai og styrande dokument for individuell plan. Intervju og gjennomgang av dokument viser at alle vaksne med alvorleg psykisk liding, som har søkt om individuell plan og som tilfredsstiller vilkåra, har fått dette. Kommunen har eiga opplæring for koordinatorar.

Helse- og sosialtenestene blir sett i verk innan rimeleg tid etter at avgjersler/vedtak er fatta. Styrande dokument, intervju og gjennomgang av dokument viser at dette i stor grad er sikra.

Det blei avdekka eit avvik:

Psykiatrisk sjukepleie gitt i mottakar sin bustad blir tildelt utan enkeltvedtak.

Einar Andersen
revisjonsleiar

Åse Årsbog Dyrset
revisor

 

 

1. lnnleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved Herøy kommune i perioden 12.4.2007 - 1.11.2007. Revisjonen går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen og Helsetilsynet i Møre og Romsdal i dette året, og er ein del av eit landsomfattande tilsyn, gjennomført etter oppdrag frå Statens helsetilsyn.

Målgruppa for tilsynet er vaksne med alvorleg psykisk sjukdom, psykisk sjukdom og rusmiddelmisbruk, og psykisk sjukdom og psykisk utviklingshemming. Dette tilsynet omfattar både helsetenester etter helselovgjevinga som er underlagt tilsyn frå helsetilsynet i fylket og sosiale tenester etter sosialtenestelova som er underlagt tilsyn frå fylkesmannen. Samanheng og heilskap i tenestetilbodet er blant dei mest kritiske faktorane ved tenesteyting til personar med psykisk sjukdom.

Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med sosialtenesta etter lov om sosiale tenester § 2-6. Helsetilsynet i fylket er gitt tilsvarande fullmakt til å føre tilsyn med helsetenesta etter lov om statlig tilsyn med helsetenesta § 2. Fylkesmannen og fylkeslegen har oppnemnt eit felles tilsynslag for å gjennomføre tilsynet. Det er utarbeidd ein felles rapport. Oppfølginga av eventuelle avvik vil bli koordinert.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor dei tema tilsynet omfattar
  • tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd

Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finner grunn til å påpeke betringspotensial

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Herøy kommune er ein øykommune med omlag 8400 innbyggjarar.

Kommunen er organisert i 15 resultateiningar under leiing av einingsleiarar. I forhold til tilsynet er desse einingane særleg aktuelle: Helseavdelinga, Sosialtenesta og Pleie og omsorg (heimeteneste). Helseavdelinga er inndelt i følgjande seksjonar: seksjon for legetenesten, seksjon for forebyggande helsearbeid, seksjon for re-/ habilitering og seksjon for psykiatri. Seksjon for psykiatri har tilsett psykiatrisk sjukepleiar, klinisk sosionom og miljøarbeiar i Herøy kurs og dagsenter.

Rapport frå tilsyn med helse og sosialtenester til vaksne med alvorlege psykiske lidingar — Herøy kommune

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgj ande aktivitetar:

Revisjonsvarsel blei sendt ut 12.4.2007. Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Opningsmøte blei halde 20.9.2007.

Intervjuer
12 personar blei intervjua. Samtale med to fastlegar.

Oversikt over dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket, er gift i kapitlet Dokumentunderlag.

Sluttmøte blei halde 21.9.2007.

4. Kva tilsynet omfatta

Tema for tilsynet var kommunen si planlegging og gjennomføring av tiltak som sikrar at personar med alvorleg psykisk sjukdom f forsvarlege tenester. Dei aktuelle problemstillingane er sett opp langs ei tidsline med tre fasar: 1) Oppstartfasen 2) Iverksettingsfasen 3) Oppfølgingsfasen. Kommunen sine oppgåver innanfor kvar av desse fasane har samanheng og kan påverke kvarandre.

Tilsynet vurderte i forhold til oppstartfasen om kommunen sikrar:

  • tilgjengelige sosial- og helseteneste der ein fangar opp behov for tenester, og ved behov henvisar til rett instans
  • forsvarleg utredning og planlegging av tenestebehovet i samarbeid med mottakar av teneste
  • at det fattes avgjerd/vedtak som tilrettelegger for tenester og tiltak.

I forhold til iverksettingsfasen vurderte tilsynet om kommunen sikrar at:

  • tenester/tiltak vert sett i verk innan forsvarlig tid
  • tenester/tiltak vert sett i verk i tråd med planer, utgreiing og avgjerd
  • kriser og svingingar i sjukdom vert handtert på ein forsvarlig måte

I oppfølgingsfasen vurderte tilsynet om kommunen sikrar:

  • tilstrekkeleg kontinuitet og stabilitet i tenesteytinga slik at mottakaren av tenestene opplever eit kjent løp og tryggleik i sin kvardag
  • at nye/endra tenestebehov vert fanga opp, og at nødvendige endringar settes i verk på ein samordna måte.

Brukarmedverknad, koordinering, individualisering og forsvarleg tenesteyting var sentrale perspektiv i alle fasane.

5. Funn

Avvik 1:

Psykiatrisk sjukepleie gitt i mottakar sin bustad blir tildelt utan enkeitvedtak.

Avvik frå følgjande krav frå styresmaktene:

  • Lov om helsetenester i kommunane § 2-1, tredje ledd

Avviket byggjer på følgjande:

  • Intervju viser at brukarar som mottar psykiatriske sjukepleiartenester i heimen ikkje får vedtak på denne tenesta
  • Gjennomgang av dokument til 10 brukarar fant tilsynet ingen vedtak på heimetenester utført av psykiatritenesta i helseavdelinga

Kommentar:
Kravet om tildeling av tenester i form av enkeltvedtak er stilt for å sikre ein grundig og formalisert sakshandsaming, og rettstryggleiken blir med dette betre teke i vare.

Hovudregelen er at forvaltningsloven sine reglar ikkje gjeld for vedtak om nødvendig helsehjelp etter kommunehelsetenestelova § 2-1. Unntak frå dette følgjer av § 2-1, 4. ledd der det mellom anna går fram at forvaltningsloven sine reglar likevel gjeld for vedtak om heimesjukepleie. Psykiatrisk sjukepleie som skal ytast i tenestemottakaren sin bustad må reknast som heimesjukepleie og omfattast av krava til sakshandsaming i forvaltningslova.

Kommunen har ein praksis som sikrar enkeltpersonar psykiatriske sjukepleiartenester i heimen frå psykiatritenesta i helseavdelinga. Denne praksisen vil bli betre når tildeling av tenester vert gjeve ved vedtak. Dette vil sikre at søkjar kan klage.

Tilsynsorganet har elles merka seg:

  • Tilsette har god kunnskap om dei tenestene kommunen kan yte, og gir ved behov informasjon om dette utad
  • Kommunen sikrar forsvarleg handsaming av førespurnad uavhengig av kva teneste/ delteneste i den kommunale sosial- og helsetenesta ein vender seg til. Tilsette har god kjennskap til organisasjonen
  • Samarbeid mellom dei ulike tenesteytarane skjer i samråd med brukar på ein systematisk måte. Ansvarsgruppe, koordinator og bruk av individuell plan er viktige arbeidsmetodar
  • Psykiatrisk sjukepleie, psykiatritenesta i helseavdelinga og psykiatriteamet i pleie og omsorgstenesta gir tilbod på kvardagar frå kl. 8.00 til 16.00. Til andre tider av døgnet og i helgane må ein rette evt. førespurnadar til den ordinære heimesjukepleia og/eller legevakta. Intervju og gjennomgang av dokument viser at behov for slike tenester blir ivaretatt.
  • Kommunen har eige opplegg for kompetansebygging gjennom psykiatriskulen, og organisert intern og ekstern vegleiing
  • Kommunen har mai og styrande dokument for individuell plan. Intervju og gjennomgang av dokument viser at alle vaksne med alvorleg psykiske liding, som har  søkt om individuell plan og som tilfredsstiller vilkåra, har f dette. Kommunen har eiga opplæring for koordinatorar. Gjennomgang av dokumentasjon viste at individuell plan er utarbeidd for 9 av 10 tenestemottakarar. Før individuell plan var utarbeidd for dei som i dag har slik plan - og der individuell plan enno ikkje er utarbeidd - blir samhandlinga ivaretatt gjennom møter! ansvarsgrupper
  • Helse- og sosialtenestene blir sett i verk innan rimeleg tid etter at avgjersler/vedtak er fatta. Styrande dokument, intervju og gjennomgang av dokument viser at dette i stor grad er sikra. Unntak frå dette har vore støttekontakt til alvorleg psykisk sjuke som ikkje til ei kvar tid har vore ytt iht vedtak pga rekrutteringsvanskar. Kommunen prøver på ein aktiv måte å rekruttere støttekontaktar. Når det ikkje har vore mogleg å skaffe støttekontakt innan forsvarleg tid etter at vedtak er fatta, kjem det fram i intervju at kommunen gir alternative tenester. Dette kan være teneste som psykiatriteamet (sjukepleie knytt til pleie og omsorg) gir i form av støtte/oppfølging eller ved dagsenteret. I intervju kom det fram at det pr. dato ikkje er vaksne med alvorleg psykisk liding som har vedtak om støttekontakt som ikkje er sett i verk.

6. Vurdering av styringssystemet i verksemda

Kommunen har system for internkontroll. Det er utarbeidd arbeidsmål og desse blir evaluert. Det blir arbeidd aktivt for å utarbeide og implementere eit fullstendig kvalitetssystem — kvalitetslosen.

Det er gjennomført brukarundersøkingar innan det reviderte området.

7. Regelverk

  • Lov av 30. mars 1984 nr. 15 om statlig tilsyn med helsetjenesten
  • Lov av 13. desember 1991 nr. 81 om sosiale tjenester mv
  • Lov av 19. november 1982 nr. 66 om helsetjenesten i kommunene
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 63 om pasientrettigheter
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 64 om helsepersonell m.v.
  • Lov av 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker
  • Forskrift av 23. desember 2004 nr. 1837 om individuell plan etter helselovgivningen og sosialtjenesteloven
  • Forskrift av 28. juni 2001 nr. 765 om habilitering og rehabilitering
  • Forskrift av 27. juni 2003 nr. 792 om kvalitet i pleie- og omsorgstjenesten
  • Forskrift av 21. desember 2000 nr. 1385 om pasientjournal
  • Forskrift av 20. desember 2002 nr. 1731 om internkontroll i sosial- og helsetjenesten

8. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei send over da revisjonen blei førebudd:

  • Organisasjonskart
  • Organisasjonskart P0
  • Diverse skjema for individuell plan! koordinator
  • Handsaming og kvalitetsprosedyrer
  • Søknadsskjema for dagsenteret
  • Samhandlingsprosjekt P2-DPS kommune
  • Dokumentasjon psykiatrisk konsulent
  • Instruks! stillingsskildring psykiatrisk sjukepleiar
  • Stillingsskildring psykiatriteam
  • Rutinar for søknad sosialtenesta
  • Handsaming av søknad sosialtenesta
  • Delegasjonsreglement
  • Driftsplan for dagsenteret
  • Ruspolitisk handlingsplan 2004-2007
  • Oversikt over personell, helseavdelinga
  • Oversikt over personell, sosialavdelinga
  • Psykiatriteam, pleie- og omsorgsavdeling
  • Psykiatriplan 2007-2010
  • Årsplan 2007 for helseavdelinga
  • Årsplan 2007 for psykiatrisk seksjon
  • Årsplan 2007 for sosial og barnevern
  • Ungdomssekretær, budsjett for opptrappingsmidlar 2007
  • Opptrappingsplanen rapport 2006
  • Årsmelding 2006 for helseavdelinga
  • Årsmelding 2006 for psykiatrisk seksjon
  • Årsmelding 2006 for psykiatrisk dagsenter
  • Årsmelding psykiatriteamet 1.1 .til 1.4.2007
  • Prosjektstilling Herøy helsesenter
  • Psykiatrimidlane for 2005
  • Prosjekt forebyggande arbeid barn og unge
  • Årsrapport helsestasjon for ungdom for 2006
  • Det interkommunale ungdomsteamet
  • Kurs for ungdomsteamet
  • Psykiatriskulen
  • Opplæringsplan sosialavdelinga
  • Opplæringsplan pleie og omsorgsavdelinga
  • Teneste beskrivelsar på inter og intranett
  • Brosjyre, dagsenter
  • Brosjyre, bustadsosialt arbeid
  • Brukarundersøking 2005-2006
  • Skjema og brev for brukarundersøking i 2007
  • Prosjektnotat fornying 2
  • Prosjektnotat psykolog
  • Samarbeid med brukarorganisasjonane
  • Plan for psykososial krisegruppe

Dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket:

  • Dokumentasjon gjeldande 10 vaksne med alvorleg psykisk liding. Dokumentasjon frå psykiatrisk sjukepleiar/ psykiatriseksjonen i helsetenesta (10), PLO (6), fastlege (9), sosialkontor (8), dagsenter (5)
  • Rapport frå tilsyn med helse og sosialtenester til vaksne med alvorlege psykiske lidingar — Herøy kommune
  • Brukarundersøkingar innan det reviderte området
  • Arbeidsgjevarpolitikk i Herøy kommune

Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen:

  • Melding om tilsyn, brev frå Fylkesmannen og Helsetilsynet i Møre og Romsdal av 12.4.2007
  • Brev frå Herøy kommune med etterspurt dokumentasjon, motteke 11.6.2007
  • Diverse e-post kommunikasjon vedrørande program for tilsynet, endeleg program sendt i e-post av 29.8.2007

9. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Deltakere ved tilsynet

Navn

Funksjon / stilling

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Hildur Lid Hole

Psykiatrisk sjukepleiar

x

x

x

Berit Kalland

Klinisk sosionom, psykiatritenesta

x

x

Rigmor Pettersen

Miljøterapeut, psykiatriske kurs og dagsenter

x

x

Andor Leine

Sosionom, sosialtenesta

x

x

x

Elsebe Rindalsholt

Psykiatri-team, Pleie og omsor

x

x

x

Leidulv Grimstad

Leiar psykiatri-team, Pleie og omsorgsavdelinga

x

x

x

Gunn Fjørtoft Reite,

Leiar av heimetenesta

x

x

Anne-Lise Hernes

Heimehjelp

x

x

Marie Bendal

Ergoterapeut

x

x

Roger Kvalsvik

Leiar helseavdelinga, leiar rehabiliteringsseksjon, fysioterapeut

x

x

x

Bjørn Martin Aasen

Kommuneoverlege

x

x

x

Rune Sjurgard

Rådmann

x

x

x

Lilly-Åse Skogen

Leiar sosial og barnevern

x

x

Olaus-Jon Kopperstad

Ass. rådmann

x

x

Ivar Ørstavik

Kommunepsykolog

x

x

Ronny A. Moltumyr

Dagleg leiar psykiatriske kurs og dagsenter

x

Ragnhild Velsvik Berge

Pleie og omsorgsleiar

x


Frå tilsynsorganet deltok:

Revisjonsleiar, underdirektør Einar Andersen
Revisor, rådgivar Sverre Veiset
Revisor, rådgivar Aase Årsbog Dyrset
Observatør: rådgivar Åse Hansen